Bayern har vunne alle ti kampane i haust. Det har berre hendt tre gonger før i historia til alle dei fem store europeiske ligaene: Tottenham i 1960/61, Manchester United 1985/86 og Roma 2013/14.
Bayern har ti poengs leiing til Borussia Dortmund, som rettnok har eit kamp til gode.
Arjen Robben, Arturo Vidal, Robert Lewandowski og Thomas Müller (straffe) scora måla for Bayern, som har målskilnaden 33-4 på sine ti første kampar.
Det er klubbrekord. Den gamle var på 32 mål og skreiv seg frå sesongen1976/77. Men då hadde dei samstundes sleppt inn 27 mål. I år har dei berre fire...
Lewandowskis mål var polakkens 13. ligascoring. Det er like mange som dagens motstandar Köln har klart.
1000 sigrar på 50 år
Men kanskje den mest imponerande rekorden Bayern München sette i dag, var sin ligasiger nummer 1000 på øvste liganivå. Det er det ingen andre som har klart i Tyskland.
– Dette er for spelarar, trenarar, tilsette og fansen. Eitt tusen sigrar sigrar er eineståande, og eg er stolt av å vere trenar, sa Pep Guardiola etter kampen.
Den første kom 21. august 1965 – Bayerns debutkamp på øvste nivå etter opprykket sesongen før. Bayern slo Eintracht Frankfurt 2-0 etter scoringar av Rainer Ohlhauser og Rudolf Nafziger.
Av Bayerns 1000 sigrar er nesten to tredeler heimesigrar – 635 heime, 365 borte. Undervegs har dei scora 3717 mål, og sleppt inn 1906.
24 andre lag har nådd 1000 toppdivisjons-sigrar i dei fire andre store europeiske ligaene, men dei ligaene har mykje lenger fartstid. I England starta ligaen opp allereie i 1888, i Italia og Spania i 1929, og i Frankrike i 1933.
I Tyskland var det ingen landsfemnande liga før i 1963.
I England var Aston Villa først til 1000 sigrar, 9. desember 1961. I Spania nådde Real Madrid milepelen 2. september 1990, i Italia var Juventus først 6. januar 1991, og i Frankrike var Marseille først, 29. november 2013.