Hopp til innhold

– Vi slår Start i 1 av 100 kampar

Kristiansandsklubben Vigør går for siger mot Start i cupens 1. runde. Sjå kampen direkte på NRK.no frå klokka 18.

Nå om en liten klubbs håp om cupbombe mot storebror. Fotballklubben Vigør har både brukt hjul laster og felt trær for å få arenaen klar til en historisk kamp mot Start i morra.

VIDEO: Vigør er optimistar før cupkampen mot Start. Reporter: Kjell Pedersen, Foto/redigering: Geir Ingar Egeland

Dei brunkledde spelar til dagleg i 3. divisjon. I sesongens første seriekamp, som vart spelt i helga, vart det siger mot Klepp på Brun Arena.

Leif Otto Paulsen

Vigør-trenar Leif Otto Paulsen har tidlegare spelt i Start. No håpar han å slå gamleklubben ut av cupen.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Tysdag kjem storebror Start på besøk. Eit Start-lag som framleis ikkje har tapt denne sesong.

Seinast fredag imponerte gultrøyene med 1–1 borte mot Rosenborg på Lerkendal.

– Må ta dei på innstilling

– Vi har sagt at vi kan slå dei ein av hundre kampar. Så får vi håpe at dette er den eine kampen, seier sportsleg leiar i Vigør, Ruben Kleiven til NRK.

Spelande trenar Leif Otto Paulsen, som sjølv har ei fortid i Start, understrekar at laget går for siger mot fotballflaggskipet på Sørlandet.

– Eg trur vi må ta dei på innstilling. Dei slepp seg kanskje litt nedpå og tenker meir på Vålerenga-kampen fredag. Dette er ein cupfinale for oss. Vi kjem til å klinke til, seier Paulsen.

Det er allereie klart at Start stiller utan profilane Jesper Mathisen, Espen Børufsen, Solomon Owello og Espen Børufsen mot Vigør.

Trur på avansement

Arrangementssjef Helge Konradsen er klar for fotballfest på Brun Arena og har tru på eige lag.

– Det blir gøy for alle barna, og alle som er glade i Vigør, å sjå når vi går vidare til 2. runde. Eg ser ikkje grunn til å gå ut å tenke at dette vert einvegskøyring, seier Konradsen.

Då det vart klart at Vigør vart Start sin motstandar i 1. runde skreiv Jesper Mathisen følgjande på Twitter:

– Tapar vi for dei skal eg male huset mitt brunt. Og slik skal det stå i minimum 12 månader, skreiv Mathisen.

Nå om en liten klubbs håp om cupbombe mot storebror. Fotballklubben Vigør har både brukt hjul laster og felt trær for å få arenaen klar til en historisk kamp mot Start i morra.

VIDEO: Vigør er optimistar før cupkampen mot Start. Reporter: Kjell Pedersen, Foto/redigering: Geir Ingar Egeland

Fotball