– Det har diverre vist seg at det ikkje går an å kombinere fotball med andre aktivitetar som skulle gje inntekter. Det betyr at vi har førebudd oss på eit liv utan fotball på Telenor Arena og inngått nye leigeavtalar til andre arrangement i 2012 og 2013, seier Schnitler til NRK.
– Tida er ute
Stabæk flytta frå Nadderud stadion til Telenor Arena framfor 2009-sesongen.
I slutten av juni blei det klart at Stabæk ikkje klarte å møte kravene for ein ny avtale som vil seie at klubben kunne overta heile driften av Telenor Arena mot ei husleige og faste kostnadar på 35 millionar kroner i året.
Den siste tida har det oppstått rykter om at ukjende investorar ville kjøpe Telenor Arena for å redde Stabæks framtid i anlegget på Fornebu. No er tida ute, og klubben må reise tilbake til Nadderud når sesongen sluttar.
– Viss nokon ville kjøpt hadde vi vore opne for dialog om salg av Telenor Arena. Men det har ikkje blitt nokon dialog fordi ingen har vore interessert i å kjøpe. Toget har gått for Stabæk, seier Schnitler som avfeier ryktene om ulike interesserte kjøparar.
- SJÅ VIDEO FRÅ ARKIVET:
– Går mot Nadderud
Styreleiar i Stabæk Fotball, Lars Holter-Sørensen, har enno ikkje gitt opp håpet om å bli verande på Telenor Arena.
– Vi jobbar enno med den arenaen, men knapp tid er vår største utfordring. Salsprosessen som er sett i gang rundt den såkalla «Stiftelsesmodellen» er ikkje avslutta. Via den salsprosessen kan det vere mogleg å generere pengar som kan nyttast til å finansiere ei stifting som skal kjøpe Telenor Arena, seier Holter-Sørensen
– Men Schnitler seier at toget har gått for Stabæk. Korleis oppfattar du det?
– Dei er eigarar av arenaen. Om dei ikkje ønsker å selge Telenor Arena, så blir ikkje arenaen seld, seier Holter-Sørensen.
– Er det då Nadderud som blir heimebanen til Stabæk i 2012?
– Basert på den informasjonen vi sit med no er Nadderud det mest aktuelle alternativet, ja.