NRK Meny
Normal

Chiellini: – Suarez' straff er for streng

Luis Suárez' bestemor rasar mot heile fotballverda etter straffa barnebarnet fekk etter bitinga i VM, og får delvis støtte av biteofferet sjølv.

FBL-WC-2014-URU-SUAREZ-FILES

Giorgio Chiellini viser bitemerka frå Luis Suárez. – Men straffa var litt i overkant, meiner italienaren

Foto: DANIEL GARCIA / Afp

– Eg er ikkje sint og har ingen ønskje om hemn, seier Giorgio Chiellini, den italienske forsvarsspelaren som vart biten av Luis Suárez i kampen mot Uruguay.

Suarez vart i går utestengd frå all fotball i fire månader, og også utestengd frå Uruguays ni neste landskampar. Han får ikkje eingong sitje på tribunen under kamp.

Det er ei straff Chiellini meiner er «urimeleg», melder sky.com.

Ilter bestemor

Det meiner Luis Suárez' bestemor også. Ho uttrykte seg i klartekst då ho fekk vite om straffa.

– Dei kasta han ut som om han var ein hund, seier Lila Piriz da Rosa, som skuldar fotball-leiarane for å «hatt eit auge på han» sidan turneringa starta.

Louis Suarez er eitt av da Rosas 22 barnebarn, og ho vart intervjua i Suarez' fødeby Salta, nordvest i Uruguay. Ho meiner barnebarnet er utpeika som eit offer, og at han er barbarisk behandla.

– Dette har dei gjort med vilje

– Alle ser kva dei har gjort med Luis. Dei ønskte han ut av VM. Dette var gjort med vilje, sa besta med eit sårt sukk. – Eg er bestemor hans, og eg elska guten, la ho til.

Ho er ikkje den einaste i landet som kjenner det slik. 500 menneske hadde møtt fram på flyplassen i Montevidoe då Suarez kom tilbake til heimlandet i dag.

«Luis, heile Uruguay er med deg», stod det på eit stort banner.

Også president Jose Mujica var møtt fram for å ta imot Suarez. Men han møtte aldri den omstridde fotballspelaren, fordi flyet var forseinka.

Også Argentina-legenda Diego Maradona har vist sin støtte til Luis Suárez. Luis, vi er på di side, stod det på t-skjorta Maradona brukte i eit tv-show i går.

Uruguay seier dei vil prøve å anke straffa til Idrettens Voldgiftsdomstol (CAS). Der håpar dei å få medhald i at han skal få spele kampar fram til den endelege dommen blir avsagt.

Kontrakt med biteklausul

Trass i bite-episoden er Barcelona framleis interessert i å kjøpe Liverpool-spissen for 50 millioner euro (400 millioner kroner).

Men det blir ei endring, skriv sportsvisa Marca . Dersom overgangen blir noko av, skal kontrakten inneholde ein antibite-klausul – det vil seie at om Suarez skulle rote seg bort i endå ein bite-episode på ei fotballbane, skal kontrakten kunne annullerast.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.