Styreleiar Kjell Tennfjord stadfester overfor NRK at alt tyder på at tilsetjinga av ny trenar må vente til 2013. Han vil ikkje spekulere i kor langt ut i 2013 det går før erstattaren etter Kjetil Rekdal er tilsett.
- Les også:
– Det eg kan seie er at vi har ei kort liste med namn. Men vi må bruke så lang tid som vi treng for å få dette i hamn, seier Kjell Tennfjord til NRK.
Det er ganske nøyaktig ein månad sidan styret i AaFK offentleggjorde at dei ville gje Kjetil Rekdal sparken som trenar i Aalesund. Under Kjetil Rekdal tok AaFK to cupfinalesigrar og deltok også i spel i Europaligaen.
- Les også:
- Les også:
Oppseiinga kom etter ei evaluering av sesongen, og mykje tyder på at den kontroversielle veremåten til Kjetil Rekdal kan ha vore medverkande til oppseiinga.
- Les også:
Fleire AaFK-supporterar har vore frustrerte både over at kjøp av nye spelarar og henting av ny trenar har gått treigt.
– Vi er sjølvsagt samde med alle som er utålmodige i denne saka. Men vi må likevel ta oss god tid for å få eit best mogleg resultat, seier Kjell Tennfjord.
- Les også:
I utgangspunktet hadde klubben ei svært lang liste over aktuelle kandidatar til trenarstillinga. Denne lista skal no vere kokt ned til eit fåtal namn. Namna på den noverande lista skal utelukkande innehalde namn frå Norden.
– Vi held oss no innan den nordiske marknaden, seier Kjell Tennfjord til NRK.