Dette og fleire tiltak blir foreslått av ein forbundsoppnemnd komité som la fram innstillinga si i dag.
Alle tiltaka har som hovudføremål å få fram fleire engelske toppspelarar.
– Vi har eit problem med dette i dag, seier FA-styreleiar Greg Dyke. Han vil ha 90 engelske spelarar i Premier League i 2022. I dag er talet berre 66.
– Det er ei stor semje om at vi treng å gjere noko med dette. Vi har eit ansvar for å ta vare på engelsk fotball, ikkje berre fotballen som blir spela i England, sa Dyke då han presenterte forslaga i dag.
Fleire engelskmenn i Premier League
Eitt av forslaga er eit krav om at Premier League-klubbane må ha større del av engelske spelarar i troppane sine.
Dyke opplyste også at storklubbar som Manchester United, Manchester City, Liverpool, Stoke og Tottenham allereie har sagt at dei støttar planane.
Ikkje uventa er landslagssjef Roy Hodgson glad for tiltaka.
– Eg har arbeidd på alle nivå innan fotballen og i fleire land. Eg veit litt om kva som må gjerast for å få fram fleire engelske toppspelarar, seier Hodgson, som mellom anna har Viking på trenar-cv-en sin.
Han har sjølv site i komiteen saman med mellom andre Manchester United-spelaren Rio Ferdinand.
Mislykkast i meisterskap
Om to år er det 50 år sidan England tok sitt einaste VM-gull. Sidan har semifinale i VM i 1990 og EM på heimebane i 1996 vore det beste England har oppnådd i internasjonale meisterskap.
Førre sesong var berre 32 prosent av spelarane i Premier League spelarar som kan spel landslagsfotball for England. For 20 år sidan var talet 69. Målet med dei nye tiltaka er å få dette talet opp på 45 i løpet av åtte år.
Eitt av forslaga går ut på at det skal bli forbode for profesjonelle klubbar under Premier League-nivå å ha spelarar frå land utanfor EU- og EØS-området.
B-lag i ny divisjon
Og B-laga skal få sin plass i seriesystemet, som dei har i mange andre land. Det skal etter planane skje ved at det skal opprettast ein League Three – det blir nivå fem i ligasystemet.
Her skal 10 av laga frå Premier League kunne stille med sine B-lag, resten av klubbane skal kome frå dagens Conference. B-laga skal kunne rykke heilt opp til League One, men ikkje til Championship. Og B-laget skal vere minst ein divisjon under klubbens A-lag.
19 av dei 25 spelarane i B-laga sine troppar skal vere under 21 år ved sesongstart, og 20 skal vere "oppfostra" i engelske fotballakademi.
Endringane skal etter planen setjast i verk frå sesongen 2016/17.