Hopp til innhold

Det viktigaste er ikkje å vinne serien, men å slå naboen

Aldri slår patriotismen ut som i lokalderby 16. mai. Og dei er det mange av.

Cupkamp Førde Florø

Klassikar på 16. mai: Førde møter Florø. Dette er eitt av mange lokaloppgjer med meir enn berre litt ekstra krydder på fotballens festdag

Foto: Alf Vidar Snæland

– Klassiske lokale rivaloppgjer har endra seg. No er det oppfyring før kampen via facebook og twitter som gjer dette til heilt spesielle kampar, gjerne dei viktigaste i sesongen, seier ordførar Erik Unaas.

Han er ordførar i Østfold-kommunen Eidsberg, der Mysen og Askim i kveld skal møtest til eitt av dei mange lokalderby-oppgjera rundt om i landet på den store fotballdagen 16. mai.

Dagen før dagen er nemleg ikkje fest berre på Lerkendal, Ullevaal og dei andre arenaene med femsifra tilskodarkapasitet. Dagen er minst like mykje lokale duellar med ekstrem prestisje i bygd og by landet rundt.

  • Sjå liste over lokaloppgjer i faktaramme
Erik Unaas

Erik Unaas er ordførar i Eidsberg, men kjem frå Askim. I kveld står han på sidelinja når dei to lokalrivalane møtest

Foto: Birger Kjølberg / NRK

– For ein del år sidan var det kampane i seg sjølve som var det største, og dei kunne samle over tusen tilskodarar. I dag er det blitt meir det eg vil kalle ei omdømmesak. Publikumstalet er ikkje like stort. Det er i staden folk i lokalmiljøet som engasjerer seg og byggjer opp til kampen med meldingar på twitter, facebook og andre plattformer, godt hjelpt av stort trøkk i lokale media. Dette er noko som har endra seg gjennom åra, seier Unaas.

Ein fot i kvar leir

Han er sjølv frå Askim, men bur no i Mysen. Og har derfor ein fot i begge leirane når bylaga frå Indre Østfold skal slåst om poeng i 4. divisjon i kveld.

– Det blir stor stemning. Russen frå begge kommunane vil trekke opp stemninga, og eg reknar med minst 4-500 tilskodarar, litt avhengig av veret, seier Unaas.

Han skal sjølv vere til stades, og skal stå side om side med ordførarkollega og partikamerat Thor Hals frå Askim.

– Vi kjenner kvarandre svært godt. Vi sat saman for Høgre i Askim kommunestyre i 16 år, seier Unaas.

Kampen på Mysen stadion er berre ein av mange lokale nabokampar på norsk fotballs festdag. Mange nabooppgjer har historier gjennom fleire tiår, og byggjer på rivalisering som går langt utanfor fotballbana.

Om å vere best vest for Mjøsa

Dei to beste laga på vestsida av Mjøsa har lange fotballtradisjonar. I kveld møtest dei.

- Det er klart det er ei ekstra ramme rundt kampen. Det er nabooppgjer, og vi ventar mykje folk, seier Jørg Terje Sagenes. Han er leiar for elitefotballen i Gjøvik-Lyn, som tar imot Raufoss til seriekamp i 2. divisjon dagen før dagen.

Sånne kamper kan koste deg jobben om du taper. Riktig så ille er det ikke når FK Gjøvik-Lyn og Raufoss barker sammen fredag. Men det er ille nok.

Tomas Jevne, Gjøvik-Lyn-tilhenger / fkgjoviklyn.no

Andre tar hardare i før dei to tidlegare topplaga møtest. På Gjøvik-Lyns nettside uttrykkjer Tomas Jevne både frykt og håp framfor kampen, og drar parallellar til lokalderby i England.

Lokalderbyet på vestsida av Mjøsa har lange tradisjonar, og begge laga har i periodar vore i toppen av norsk fotball. Men det tek til å bli ei stund sidan.

Gjøvik-Lyn

Frå dei gullkanta tidene: Gjøvik-Lyn etter cupfinalen og 2-0 over Vard i 1962

Foto: NTB scanpix

Gjøvik-Lyn av i år er ei samanslåing av gamle Gjøvik-Lyn og Gjøvik FF, som har eksistert som ein overbygningsklubb for fleire klubbar i distriktet dei siste 3-4 åra. "Gamle" Gjøvik-Lyn var store på 1960-talet med eliteseriespel og cupmeisterskap. Seinare har Raufoss vore det beste laget - ikkje i eliteserien sidan 1974 rettnok, men mange sesongar på nest øvste nivå.

Flytta frå 18. mai

Kampen var opprinneleg sett opp på 18. mai. Men Gjøvik-Lyn bad om 16. mai i staden, for å få fleire folk og ei friskare ramme rundt lokalderbyet.

– Vi ventar nok 6-700 fleire enn vanleg, seier han. Det er ikkje dårleg for ein klubb som i snitt har rundt 350 tilskodarar på kampane.

– Det er litt rart, eigentleg. Vi er ein by med rundt 30.000 menneske, Raufoss er ein tettstad med 6-7000. Men det er dei som har vore best i fotball i lang tid, seier Sagenes.

Men ser Raufoss på kampen fredag på same måte, i lys av at dei har vore så mykje betre i så lang tid?

– Ja, det er klart. Det sit mykje historie her, og det går på rivalisering mellom by og bygd, seier dagleg leiar i Raufoss, Jan Petter Berg. Framleis er det ekstra trøkk når dei to naboane møtest.

– Gjøvik-fotballen har lenge strevd med å kome opp på nivået vi har her. Når dei ikkje har lykkast heilt, trur eg det har å gjere med den fotballkulturen vi har klart å få til her på Raufoss, seier Berg.

– Det har ført til at fleire lovande spelarar frå klubbane på Gjøvik har kome hit til oss for å uvikle seg, og det har nok irritert litt, legg Raufoss-leiaren til.

«Slaget om Vidda»

To divisjonar lengre nede og eit par tusen kilometer lengre nord er det klart for eit heilt anna lokaloppgjer dagen før dagen. Karasjok-klubben Nordlys tar imot Kautokeino til «Slaget om Vidda».

– Ja, det er det vi kallar det. Vi har prøvd å gjere det til ein tradisjon å møtest på fotballbana 16. mai, og det har kretsen etterkome. Vi vekslar om å ha heimekamp. No har det blitt ein tradisjon vi har halde på i mange år når vi har vore i same divisjon, seier Isak Ole Johansen Hætta i Kautokeino.

– Og både på og rundt bana ser vi at dette er litt meir enn ein vanleg kamp. Det blir gitt litt ekstra i taklingane, utan at det har vore direkte stygge episodar, legg han til.

Det er nabooppgjer og prestisjeoppgjer så godt som noko anna. Sjølv om det er 13 mil mellom klubbane – det er ikkje stort å snakke om i grisgrendte strok.

– Det er mange som reiser likevel, seier Hætta.

Klassiker på Sunnmøre

Stadig i 4. divisjon, no på Sunnmøre. Ørsta møter Volda i erkerivaloppgjer for første gong sidan 2007.

– Dette blir stas. Uansett tabellplassering og målsetjing er dette kampen alle først og fremst vil vinne, seier Åse Leikanger i Volda.

Ho har hendene fulle med dei siste førebuingane til opninga av Mørehallen. Opninga finn stad i tilknytning til kampen mot rivalen.

– Vi er gode grannar og har eit godt samarbeid på mange plan. Spelarane er gode kompisar. Men akkurat når vi møtest til seriekamp, er vi nærmast for fiendar å rekne, seier Leikanger.

«Sportsklubben av 0-19»

Jon Olav Kriken er ørsting og kjenner historia mellom desse klubbane betre enn dei fleste. 4. august 1960 gjekk dei heilt berserk og vann ikkje mindre enn 19-0 i ein seriekamp. På Volda stadion. Rebbestad-brørne Nils og Olav sette inn 11 av måla.

– Volda vart berre kalla Sportsklubben av 0-19 etter dette. Og keeperen deira flytta til utlandet rett etterpå. På fleip vart det framstilt som om han rømde landet, seier Kriken.

Åtte år seinare avslutta Ørsta sesongen med 8-1 på Volda stadion og vann serien. Men dei betalte tilbake ved å vinne kvalifiseringskampane for opprykk og dermed redda Volda frå nedrykk.

Så seint som i 2001 vann Ørsta 10-2, men seinare har Volda vore best. – Rekna i sigrar ligg vi kanskje nokolunde likt opp gjennom historia, men Ørsta har hatt ein tendens til å slå til med store siffer. Volda har aldri slått Ørsta med meir enn 4-0, seier Kriken.

Billettkontrollen braut saman

– Rivaliseringa er så sterk at ein engelsk spelar vi har, absolutt ikkje forstår noko av det. Og dei har jo lokaloppgjer med sterke kjensler der borte også, seier Åse Leikanger.

Dagleg leiar i Ørsta Arnstein Sandvik minnest ein kamp i Volda i 1987. Då spela han sjølv, og det var første gong på 20 år at klubbane møttest.

– Det var sikkert 5000 menneske på kampen den gongen, og ei heilt vanvittig stemning, minnest Sandvik, som var på det tapande laget i den kampen. Ingen veit nøyaktig publikumstalet den gongen, fordi billettkontrollen braut saman på 3500.

Så mange menneske trur ikkje han på no. Men at det kan fort bikke 1000 dersom veret blir bra, ser han ikkje bort frå.

– Det er iallfall ein kamp vi ser fram til. Volda (som rykka ned etter sesongen i fjor) er nok favoritt, men vi har også eit betre lag enn på mange år, så eg trur vi skal gi dei skikkeleg kamp, lovar Sandvik.

By-derby i Sunnfjord

– Dette er ein kamp som merker seg litt ekstra ut i terminlista, seier Terje Rognsø. Han er trenar for Florø, som skal på besøk til Førde. 16. mai.

Det er tradisjon også her at laga frå dei to byane i Sunnfjord møtest dagen før dagen, men det er første gong dei møtest på eit så høgt nivå som 2. divisjon i dagens seriestruktur.

– Vi har selt 350-400 billettar til folk som skal reise innover, men det er heilt sikkert mange fleire av våre supporterar som har kjøpt eller kjøper billett i Førde, seier Rognsø.

Det er 56 kilometer mellom dei to Sunnfjords-byane. Knivinga går langt tilbake og gjeld mykje meir enn fotball. Florø har hatt bystatus sidan 16. mai (!) 1860. Byen fyller derfor 154 år i dag.

Førde vart ikkje by før på 1990-talet. Det blir mykje lokal rivalisering av slikt.

– Tøft under kampen, gode vener elles

– Vi er beinharde rivalar under kampen. Då skal vi trøkke skikkeleg til. Det einaste som gjeld, er å vinne. Men utanom dei 90 minutta, er vi gode vener. Det er eit godt klima og god tone mellom klubbane i Sunnfjord, seier Per Øyvind Storevik, dagleg leiar i Førde Idrettslag.

Han ventar opp mot 1500 tilskodarar på kampen i kveld dersom vergudane er snille. – Det ligg mykje patriotisme bak kampen om å vere best i Sunnfjord, seier Storvik.

Klubben hadde 11-1200 på dei beste besøkte kampane i fjor, då Førde lenge kjempa om opprykk til 1. divisjon. I opprykkskampen til 2. divisjon for nokre år sidan kom 1300 til oppgjeret mot Birkebeineren.

– Mot Florø har vi hatt mellom 1000 og 1500 dei siste gongane vi har møtt dei, og dei kampane er stort sett alltid dei viktigaste for sesongen, seier Storvik.

Tradisjonsrik 16. mai-kamp

Førde Florø Fotball

Det er fast tradisjon at Førde og Florø møtest 16. mai når dei er i same divisjon

Foto: Glenn Thomas Nilsen/Truls Kleiven / NRK

Førde og Florø møtest fast 16. mai så sant dei er i same divisjon. Ettersom Florø hadde heimekamp då dei siste møttest, i 3. divisjon for to år sidan, var det Førde sin tur no.

– Vi skulle gjerne hatt dei heime, for vi har ein arena med betre fasilitetar. Men det får vi ta neste år, dersom vi også då er i same divisjon, seier Rognsø.

Førde har vore storebror i fotballen dei siste åra, men no håpar og trur Rognsø at Florøs unge lag skal ta steget forbi.

– Vi meiner vi skal klare det no, men svaret får vi ikkje før i kveld, seier suksesstrenaren i Florø.

Florø har allereie tatt første stikk. I cupens første runde vann dei 2-0 over erkerivalen. Men det var heime i kystbyen.

Så å seie alle spelarane har vore i klubben frå dei var seks-sju år.

– Vi stiller nok med sju juniorar mot Førde. Det gjorde vi mot Hødd i cupen også, seier Rognsø om kampen Florø sjokk-vann med 5-1 på Høddvoll.

Før han går og førebur spelarane sine på slaget om kven som skal vere best i Sunnfjord.

Fotball

  • Bytyqi terminerte kontrakten i Tyrkia - trener mot Viking

    Zymer Bytyqi bekrefter overfor Stavanger Aftenblad at han har terminert kontrakten sin med den tyrkiske toppklubben Antalyaspor.

    – Det har vært litt av en prosess og mye stress de siste dagene. Jeg har ikke tenkt så mye på framtiden nå. Akkurat nå ser jeg fram til ro, sier 27-åringen til Aftenbladet.

    Bytyqi gjorde i 2021 overgang fra Viking til Konyaspor, før reisen gikk videre til Olympiakos to år senere. I fjor sommer reiste han tilbake til Tyrkia og signerte for Antalyaspor, hvor han endte med to mål og fire målgivende på 33 kamper.

    Kantspilleren ønsker imidlertid ikke å oppgi noen årsak for hvorfor kontrakten er terminert. Hans opprinnelige kontrakt varte til sommeren 2026.

    Etter bruddet med Antalyaspor, snakket Bytyqi med Viking-trenerne og fikk lov å trene med gamleklubben.

    – Det er veldig hyggelig at jeg får være med. Jeg har ikke hastverk med å finne en ny klubb, sier Bytyqi.

    Han legger til at han har gode kort på hånden, og at han skal trene med Viking så lenge han er velkommen. (NTB)

    Eliteserien 2020: Viking - Vålerenga (2-2)
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Klopp om mulig arvtager: – Høres veldig bra ut

    Jürgen Klopp uttaler seg veldig positvt om Arne Slot, som er i detaljer om å bli Liverpools nye manager.

    Tidligere denne uken tok klubbens jakt på Klopps erstatter en klar vending. Slot ble pekt ut som favoritt, og torsdag bekreftet Feyenoord-treneren at han er i samtaler med Liverpool.

    På fredagens pressekonferanse fikk Klopp spørsmål om nederlenderen, og sa at han liker mye ved det.

    – Jeg er ikke involvert i prosessen, men jeg liker måten laget hans spiller på. En god trener og en fin fyr. Hvis han er mannen, så blir jeg mer enn fornøyd, sier Klopp.

    – Det er ikke opp til meg å bestemme, men det høres veldig bra ut, forsetter den avtroppende Liverpool-manageren. (NTB)

    Jürgen Klopp
    Foto: Andrew Boyers / Reuters
  • Rubiales' etterfølger er klar

    Pedro Rocha ble fredag valgt til ny president i Det spanske fotballforbundet (RFEF), og tar med det over etter skandalepresident Luis Rubiales.

    Forbundet bekrefter ansettelsen på sine hjemmesider fredag.

    «Pedro Rocha har i dag blitt utropt til ny president i Det kongelige spanske fotballforbundet, etter å ha mottatt støtte fra flertallet av forsamlingsmedlemmene», heter det i meldingen.

    Rocha har sittet som midlertidig forbundspresident etter at Luis Rubiales trakk seg fra presidentvervet i september.

    Det har stormet rundt RFEF siden Rubiales kysset Jenni Hermoso på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Kysset førte til at Rubiales måtte trekke seg fra vervet.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon.

    Torsdag ble det kjent at forbundet har havnet under lupen til den spanske regjeringen. Forbundet skal derfor «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD) de neste månedene. (NTB)

    Pedro Rocha
    Foto: THOMAS COEX / AFP
  • Brasil-legende Marta varsler landslagsstopp

    Marta avslutter landslagskarrieren i fotball etter årets kamper. Hun er Brasils mestscorende spiller uansett kjønn.

    Brasil-avgangen kommer fram i et intervju Marta har gitt til CNN. I sommer kan hun få sin sjette OL-deltakelse.

    – Hvis jeg er med til OL, skal jeg nyte hvert øyeblikk. For uansett om jeg drar dit eller ikke, er dette mitt siste år på landslaget. Det vil ikke være mer Marta som landslagsspiller i 2025, sier 38-åringen.

    Hun var med på å ta OL-sølv i 2004 og 2008. Brasil tapte begge finalene for USA. I VM har hun også et sølv etter finaletapet mot Tyskland i 2007.

    Marta har scoret 116 mål på 175 landskamper siden debuten i 2002. På herresiden er Neymar mestscorende for Brasil med 79 nettkjenninger.

    I VM topper Marta også lista som tidenes toppscorer uansett kjønn. Fasiten stoppet på 17 mål fra 23 kamper etter fjorårets exit i gruppespillet. (NTB)

    Marta under fotball-VM 2023
    Foto: Aisha Schulz / AP
  • Moldes stjerneduo spilleklare etter skade

    Både Fredrik Gulbrandsen og Magnus Wolf Eikrem er tilgjengelig for å starte når Molde tar imot Haugesund i Eliteserien søndag.

    Det bekrefter trener Erling Moe overfor TV 2.

    – De er klare til å kunne starte. De er med i betraktningen, og så får vi se hvilket lag vi ender på til slutt, sier Moe.

    Molde-treneren forteller også at Markus Kaasa og Martin Linnes ikke er så langt unna en retur.

    – Det begynner å se bedre ut, og det er selvfølgelig bra for oss, sier han.

    Gulbrandsen måtte av med skade i serieåpningen hjemme mot Strømsgodset, men fikk sitt første innhopp etter skaden da blåtrøyene slo Strindheim i cupens andre runde onsdag.

    Det gjorde også Eikrem, som måtte stå over storoppgjøret borte mot Bodø/Glimt forrige helg. (NTB)

    Gulbrandsen og Eikrem
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
I cupens andre runde møtte Strømmen eliteserielaget Lillestrøm. Da disket Eirik Åsvestad opp med scoring fra egen banehalvdel.
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland