Det har siste dagane florert bilete av at Braut Haaland nyt livet på fleire utestadar i Marbella. Både torsdag og fredag har fans delt bilete saman med stjernespissen.
På videoar som er lagt ut på Instagram, kan vi sjå fleire hundre menneske som dansar og festar på ein nattklubb, tett i tett, saman med nordmannen.
På ein pressekonferanse søndag fekk landslagssjef Ståle Solbakken spørsmål om dette er i tråd med smittevernet. Han hadde ikkje problem med å forsvare at Braut Haaland sosialiserte seg før landslagssamlinga.
– Han er ein ung spelar som spelar på eit ekstremt høgt nivå og med eit ekstremt press over lang tid, og han har overhalde alle koronaprotokollar og levert 6428 negative testar. I denne pandemien må det gå an å leve også, svarte landslagstrenaren.
Han legg til at Haaland har levert negative testar både før og under samlinga.
– Nokre er meir opptekne av å leve litt enn å snakke om frykt, frykt og frykt. Han må få lov til å lufte seg litt i Marbella under sømmelege forhold utan at det blir ei sak. Han er motivert, var bra på trening og er koronafri, konkluderte landslagssjefen.
Meiner Haaland har fått særstilling
Haaland drog til Spania to dagar før den offisielle landslagssamlinga starta. Tysdag skal landslaget spele kamp mot Luxembourg.
NRKs sportskommentator Jan Petter Saltvedt reagerer sterkt på at Solbakken forsvarar Haaland si framferd. Han har sjølv sett bilete og video av Haaland på bar i den spanske feriebyen.
– Om Ståle meiner det er sømmelege forhold smittevernmessig, er eg spent på utelivet på Hamar. Er det nokon som burde kunne dette med inkubasjonstid, så er det norske fotballandslaget med tanke på det som skjedde med Romania-kampen i fjor, seier Saltvedt.
FORSVARAR: Ståle Solbakken har ikkje problem med at Erling Braut Haaland koste seg på byen før landslagssamlinga i Marbella.
Foto: Geir Olsen / NTBAt Solbakken lar dette gå, meiner han er oppsiktsvekkande.
– Dette syner at Haaland alt har fått ei særstilling på landslaget. Ståle kan ikkje seie at det er greitt å fly på byen berre dagar før ei landslagssamling.
Å opphalde seg på stadar med mykje folk er stikk i strid med det som står i protokollen til UEFA. Det var også denne protokollen som vart lagt til grunn då regjeringa med eit naudskrik opna for at fotballspelarar og støtteapparat får unntak frå reisekarantene på hotell etter opphaldet.
KRITISK: NRKs sportskommentator synst det er rart at Solbakken godtek Haaland sin bytur.
– Eg er spent på kva norske styresmakter og ikkje minst dei norske eliteserieklubbane tenkjer om å få tilbake spelarar, som så vidt fekk lov til å reise, når dei har vore på samling med ein som har flydd rundt på nattklubbar der nede, seier Saltvedt.
– Alle unner han ein fest etter den fantastiske prestasjonen han har gjort, men han kan ikkje ta den festen i forkant. Det får han vente med til landskampane er over.
Fotballforbundet sitt ansvar
NRK har vore i kontakt med kulturminister Abid Raja som seier at han ikkje vil kommentere enkeltsaker. I ei melding frå departementet blir det vist til UEFA og Noregs Fotballforbund.
– Unntaket om karantenehotell er gitt på klare vilkår og det er ei føresetnad at retningslinjene som idretten har utarbeida for gjennomføring av den justerte innreisekarantena etterlevast. Det er NFF og NIF sitt ansvar for å følge opp dei utøvarane som omfattast av unntaket, skriv dei vidare.
Haaland har ein knallsesong bak seg i Borussia Dortmund. Han vart kåra til sesongens spelar i den tyske toppserien og vart også toppscorar i meisterligaen med ti mål.
Jærbuen deltok ikkje sjølv på pressekonferansen med landslaget søndag.
TRENING: Braut Haaland og det norske landslaget på trening på Marbella i dag.
Foto: Geir Olsen / NTB