Johann André Forfang fall dramatisk etter hoppet på 240 meter i den tredje omgangen av VM i skiflyging i går. Sjølv om han fort gav tommel opp og smilte til TV-kamera fekk 20-åringen ein skikkeleg trøkk i kneet.
– Eg blei ganske forslått og er litt sånn surrete nå. Men eg synest eg kom overraskande godt ut av eit så stygt fall, sa Forfang til NRK etter hoppet i går.
Det blei aldri ein avsluttande finaleomgang i Kulm i går, men den hadde uansett gått utan Forfang som til slutt enda på ein sterk fjerdeplass. Derfor var det svært usikkert om Forfang kom til å starte lagkonkurransen i dag.
Men nå er han meldt klar.
Testa kneet grundig
– Me undersøkte kneet grundig i går og utover kvelden testa me fleire gonger, også nå rett før frokost. Han er klar og me jobber framleis med å få heile kroppen i form til konkurransen seier landslagets fysioterapeut, Lars Haugvad til NRK.
Dermed stiller Forfang saman Anders Fannemel, Daniel Andre Tande og ikkje minst gårsdagens sølvvinnar i den individuelle meisterskapen, Kenneth Gangnes i lagkonkurransen.
At Forfang er klar betyr svært mykje for Norges gullsjanser, meiner NRKs hoppekspert, Johan Remen Evensen.
– Det styrker gullsjansene våre betrakteleg. Me har tre gutar som hoppar utruleg bra, ein som hoppar bra og to som ikkje har skjønt bakken heilt ennå. Om me skulle ha bytta ein som hoppar utruleg bra, men ein av dei som ikkje har fått det heilt til, hadde det svekka gullsjansene våre, seier Evensen.
Norge er favorittar
Andreas Stjernen og Joachim Hauer er dei to reservene som måtte ha steppa inn om Forfang måtte ha stått over.
Den tidlegare verdsrekordhaldaren ser på Norge som favorittar i lagkonkurransen, iallfall nå når Forfang er bekrefta på laget.
– Slik som me har hoppa nå så har me vore det klart beste laget. Da blir forventingane skrudd deretter og alt anna enn gull blir nærmast ein skuffelse, seier Evensen.
Forfang var i går fyrst og fremst letta etter det stygge fallet.
– Når eg stoppa ut på sletta var eg fyrst og fremst ganske glad for at kroppen var god. Eg kjente fyrst kor vondt det var når eg satt meg inn på kontrollrommet og blei undersøkt. Det høgre kneet er vondt, eg fekk ein ganske stygg vridning, ryggen er litt vond og eg fekk ein kakk i bakhovudet. Men det er uturleg kva ein toler med litt adrenalin, fortel Forfang.
Lagkonkurransen i VM i skiflyging startar 14.10 på NRK 1 og her på nrk.no