Flygind Larsen (28) ende på femteplass med sterke 1.46,71 og vart med det også beste nordmann.
- No er pallen innan rekkevidde. For eg er ikkje i spesielt god form, seier Flygind Larsen til NRK. - Det kan bli mykje moro ut over vinteren, seier landslagets eldstemann.
Sjå intervjuet med Mikael Flygind Larsen:
Les:
Flygind Larsen takkar dei nye trenarane sine for framgangen, og også sine eigne erfaringar.
- Eg tek til å bli vaksen. Eg har fått litt nye impulsar, og det har hjelpt, seier Flygind Larsen.
Ny Davis-siger
Shani Davis vann med 1.45,05, framfor Simon Kuipers 1.45, 48 og Mark Tuitert 1.45,95. Også Stefan Groothuis (1.46,35) slo nordmannen.
Håvard Bøkko har vore forkjølt, og er derfor ikkje i si beste form. Han gjekk på 1.47,19 og ende på niandeplass.
Henrik Chritiansen Håvard Lorentzen fekk også verdscup-poeng i sesongstarten. Dei gjekk i B-gruppa, der Christiansen vart nummer 3 med 1.49,37, og Lorentzen nummer 6 med 1.50,15.
Ida Njåtun vann B-klassen i 3000 m med 4.10,76. Ho startar derme i A-gruppa i neste verdscupstemne.
Maren Haugli ble nummer 15. på 3000 meter. Hun kom i mål på tiden 4.13,87.