– Det internasjonale Skiforbundet (FIS) har svikta, seier Trond Nystad.
Han har både vore landslagstrenar i langrenn og trenar i skiskyting, og kjenner godt til begge idrettane internasjonalt.
I fleire år har skiskyting hatt fleire nasjonar til start enn i langrenn. Også denne helga var startlistene tynnare i langrenn.
Det blir lagt merke til i skiskyttarmiljøet.
OL-VINNAR: Denise Herrmann-Wick.
Foto: Frank Augstein / AP– Eg var overraska over kor få som stilte til start då eg såg kvinnenes sesongopning i Kuusamo førre helg, seier skiskyttaren Denise Herrmann-Wick, som gjekk langrenn i mange år.
– Kva hadde du tenkt om du var langrennsløpar?
– Eg ville ha skifta til skiskyting, seier Sturla Holm Lægreid.
Millionstøtte
Grunnen til at skiskyting knuser langrenn i deltaking er enkel, meiner ekspertane. Og svaret finn vi mellom anna i ein gymsal i Austerrike.
Der deler Det internasjonale skiskyttarforbundet ut ski, treningstøy, ammunisjon og anna utstyr for sju millionar kroner.
Eit slikt system har ikkje FIS, fortel Trond Nystad.
– FIS har ikkje gjort noko for nasjonar med mindre ressursar, seier han til NRK.
Over 30 nasjonar møtte opp då NRK var med på den årlege utdelinga av utstyr i Hochfilzen.
– Dette gjer at vi kan investere i seniorlaget og utvikle juniorløparar samtidig. Effekten er stor, seier Bulgarias sportsdirektør Ventzeslav Iliev medan han stablar rulleski inn i varebilen.
Dagmara Gerasimuk, utstyrsansvarleg i IBU, og Bulgarias sportsdirektør Ventzeslav Iliev på «fattighuset» i Hochfilzen.
Viktor Krings, generalsekretær Belgia, var ein av fleire som møtte opp under NRKs besøk på utstyrslageret i Hochfilzen.
Her kan dei mindre nasjonane forsyne seg med utstyr.
Her kan dei mindre nasjonene forsyne seg med utstyr.
Totalt bruker Det internasjonale skiskyttarforbundet 30 millionar kroner i året, på utstyr og trenarkurs for nasjonar som treng støtte.
Forbundet meiner det fører til fyldigare startlister enn i langrenn.
– Mange små nasjonar må gjere tøffe prioriteringar med små budsjett. Eg er heilt sikker på at vi hjelper dei med å komme seg til startstreken, seier Dagmara Gerasimuk, som er utstyrsansvarleg i IBU.
– Det er svakt
Nystad er kritisk til at FIS ikkje kopierer systemet for å forhindre stadig tynnare startlister.
– Det er svakt. Når FIS ser at det fungerer burde dei gjort det same sjølv. Det er mykje lettare for små nasjonar å velje skiskyting enn langrenn, fordi dei får utstyr og støtte, seier Nystad.
Michal Lamplot, som er renndirektør i FIS, meiner at FIS og IBU har same mål, men at dei har valt ulike vegar for å kome seg dit.
RENNDIREKTØR: Michal Lamplot.
Foto: JOHANNA WALLEN / BILDBYRÅN– Når nokon seier at FIS har svikta, så kanskje, men det impliserer også at dei nasjonale forbunda har svikta med å gjere noko. Kva skal eg seie om kritikken? Vi er ulike. Målet vårt er at langrenn skal blomstre, og at vi skal få med oss dei mindre nasjonane. Vi har valt ulike måtar for å oppnå det, seier Lamplot, og legg til:
– Det er lett å seie at vi burde bruke sju millionar kroner, slik som IBU gjer, men det er ikkje så enkelt. Vi støtter dei nasjonale forbunda på ein annleis måte.
– Vi skal ikkje ta deltakinga for gitt
Vetle Sjåstad Christiansen meiner det er farleg for vinteridrettar å ikkje støtte små nasjonar som dei gjør i skiskyting.
– Vi skal ikkje ta deltakinga eller utbreiinga i idretten vår for gitt. Spesielt ikkje med tanke på klimaendringane og at mange nasjonar ikkje lenger har så kvite vintrar, seier Christiansen.
Sturla Holm Lægreid fortel at skiskyttarforbundet no også har oppfordra utøvarar til å gje frå seg utstyr. I år har han gitt fleire skisko til Ukraina.
– Det vil jo vere ekstra fint om dei unge utøvarane som får det utstyret tar OL-medalje om nokre år, seier skiskyttaren.
Nystad saknar at også FIS tenker langsiktig.
– Å hjelpe nasjonar med å etablere kulturar tar tid. Å bere frukter av ei ordentleg satsing tar åtte til ti år, seier Nystad.