Bård Finne står med to mål på to kampar frå start for Brann i år. No held han fram storspelet på landslaget.
I går kveld tapte Noreg sitt G19-landslag 1–2 mot Nederland, og det var Brann-spissen som scora Noreg sitt mål. I morgon får han nok ein sjanse til å imponere; denne gang mot Tyskland.
Finne kan forsvinne
NRK har tidlegare fortalt om at Finne kan forsvinne frå Brann i løpet av året. Kontrakten til spissen går ut etter sesongen, og 18-åringen har til no ikkje takka ja til ny kontrakt med Brann.
– Eg vil ikkje kommentere det no. Det vil eg ikkje snakke om, har Finne tidlegare sagt til NRK.no om overgangsrykta.
Allereie attraktiv
Gode kampar mot storlag som Nederland og Tyskland kan gi moglegheiter til å sette den unge spissen på radaren til store klubbar. Men Finne sin agent, Stig Lillejord, meiner at utanlandske klubbar allereie kjenner til det norske talentet.
– Bård treng ikkje å spele bra i landskampar for å bli attraktiv for store klubbar. Det var han allereie då han skreiv kontrakt med Brann i fjor, seier Stig Lillejord.
Ifølgje agenten hadde Finne fleire moglegheiter i haust.
– Hadde Bård vore interessert, hadde han gått til utlandet før han skreiv kontrakt med Brann i september i fjor. Men totalpakken gjorde at Brann var mest interessant då, seier han.
– Ingen hokuspokus
Sjølv om kontrakten framleis ikkje er underskriven, kan Lillejord fortelje om ein god dialog med klubben.
– Det er ingen hokuspokus. Vi har ein kjempegod dialog med Brann, og alle ønskjer berre den beste utviklingsarenaen for Bård, seier han.