Etterforskinga dreier seg om påstått smøring av fleire sentrale personar i forkant av tildelinga av fotball-VM til Tyskland i 2006.
Tyskland vart tildelt VM med tolv stemmer mot Sør-Afrikas elleve.
I tillegg til Beckenbauer, som var leiar for arrangørkomiteen, blir dei tidlegare presidentane i Det tyske fotballforbundet (DBU), Wolfgang Niersbach og Theo Zwanziger etterforska. Også dei tre tidlegare DBU-toppane Horst Schmidt, Stefan Hans og Helmut Sandrock har hamna i komiteens søkelys.
FIFAs etiske komité byrja å sjå på saka, etter at det tyske fotballforbundet sjølv starta ei kartlegging av ei rekkje utbetalingar som skjedde i tidsrommet då Tyskland søkte om VM.
Tidlegare generalsekretær i NFF, Karen Espelund, har hatt fleire verv i både UEFA og FIFA. Ho seier det er bra at FIFA tar tak i dette, men at det ikkje er overraskande at det dukka opp.
– Mest av alt vert eg skuffa for kvar sak som kjem, men samtidig er det viktig at ein kvar mistanke vert ettergått. Og så skal vi ikkje førehandsdømme, men det avdekkast jo framleis at det har skjedd ulovlege ting tilknytt tidlegare VM-søknadar, seier ho.
Det er ikkje første gong Beckenbauer er i trøbbel med FIFAs etiske komité. I 2014 vart han «bannlyst på all fotballrelatert aktivitet på alle nivå i 90 dagar». Denne straffa vart han tildelt for å ikkje ha samarbeida i korrupsjonsetterforskninga mot tildelinga av fotball-VM til Russland i 2018 og Qatar i 2022. Beckenbauer var medlem med stemmerett i FIFA-styret, då det vart bestemt at dei landa fekk tildelt VM.