Hopp til innhold

Fekk dårleg samvit av stikket til lagkameratane: – Ekkelt å vere den som trenar minst

Landslagsvrakede Finn-Hågen Krogh (30) meiner uskuldige hint om for lite trening kan ha fått han til å trene øydeleggjande mykje. Tidlegare landslagssjef Vidar Løfshus skjønner kva Krogh siktar til.

Finn-Hågen Krogh

IKKJE SOM DE ANDRE: Finn-Hågen Krogh trenar vesentleg mindre enn det som er normalt for norske elitelandslagsløparar i langrenn.

Foto: Ole Martin Wold / NTB

– Eg tykkjer nesten alltid det har vore litt ekkelt å vere den som har trena minst, for ein får høyre det frå alle kantar, eigentleg. Stikk frå lagkameratar, som ikkje er vondt meinte. Men når ein heile tida får eit stikk frå media og folk som følgjer med, så gjer det noko med deg, seier Finn-Hågen Krogh i NRK-podkasten Sporten.

– Og i år har det kanskje bikka litt over, og det kan vere litt på grunn av det presset ein kjenner på, erkjenner han.

Trenar soleklart minst

Finn-Hågen Krogh er ein vaskeekte norsk langrennshelt. I 2015 gjorde han grovjobben då Petter Northug sikra norsk VM-gull i lagsprint på svensk jord i Falun.

To år seinare var han ankermann for Noreg i stafetten under VM i Lahti, då han på uforgløymeleg vis heldt unna for den russiske ankermannen Sergej Ustjugov.

hcmzTYjZiZI

SPESIELL ELEV: Landslagstrenar Vidar Løfshus beskriv Finn-Hågen Krogh som ein kunstnartype. Her leverer Krogh eit kunstverk av ein ankeretappe under VM-stafetten i Lahti.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Men nyleg mista 30-åring frå Tverrelvdalen i Alta plassen på elitelandslaget etter åtte år. Det skjedde etter ein skuffande sesong. Trass i 28 pallplassar og åtte sigrar i verdscupen, har Krogh hatt nokre dårlege sesongar innimellom.

Det forklarer han med at han rett og slett ikkje toler like mykje trening som mange andre. Derfor har det enkelte gonger bikka over.

– Det er ein veldig liten nyanse på om eg trenar for mykje eller om eg trenar passeleg. Eg ligg stort sett på 700 til 750 timar i året, og det er ganske soleklart minst på landslaget. Det er det eg har trena sjølv i dei åra eg har vore heilt på topp og gått mine beste skirenn, forklarer han.

– Får dårleg samvit

Så har det altså til tider vore vanskeleg å akseptere at det riktige for han er å trene såpass lite, når mange av lagkameratane trenar meir.

HXo

SATSAR VIDARE: Sjølv om han ikkje fekk plass på landslaget, håpar Finn-Hågen Krogh på å få sjansen til å juble under OL i Beijing neste vinter.

Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

– Andre kan trene 800 eller 1000 timar, det har ikkje noko å seie, dei er like pigge uansett. Men viss eg aukar berre med nokre få timar i året, så bikkar det over. Det er litt den kjensla eg har sete med i år, seier han.

Derfor har Finn-Hågen Krogh av og til lege på sofaen medan lagkameratane har vore ute og trena. Då har det òg komme nokre kommentarar.

– Då får ein dårleg samvit, sjølv om det ikkje er vondt meint frå nokon si side. Og då kan det vere at eg ligg og grublar litt på det. Og kanskje neste dag eller neste samling, så blir eg med på den økta likevel, sjølv om det berre gjer meg til ein dårlegare utøvar. Det er litt vanskeleg å balansere, erkjenner han.

Den sindige finnmarkingen Finn Hågen Krogh blir så forbanna når han gjør det dårlig i langrennssporet at han finner på de sprøeste ting. Han er lei av kommentarer om at han trener lite og etter vrakingen fra landslaget vil han slå hardt tilbake og sikre seg en OL-billett.

Den sindige finnmarkingen Finn Hågen Krogh blir så forbanna når han gjør det dårlig i langrennssporet at han finner på de sprøeste ting. Han er lei av kommentarer om at han trener lite og etter vrakingen fra landslaget vil han slå hardt tilbake og sikre seg en OL-billett.

Overraska lagkamerat

Før sa Krogh at han berre smilte av dette. No innrømmer han altså at han har late seg prege av dei uskuldige noteringane.

– Det har nesten berre vorte verre når ein blir eldre. Når ein er ung, har ein sjeldan dårleg samvit. Medan når ein blir eldre, så tenkjer ein jo litt større på ting, at ein slit litt med samvit viss ein føler ein gjer lite i forhold til andre, seier Krogh i podkasten.

Pål Golberg, som har vore lagkamerat med Krogh i mange år, er litt overraska over det som kjem fram i podkasten.

– Det kom litt bardust på, for det er aldri noko han har teke opp internt på laget. Eg har alltid følt at Finn-Hågen har hatt ein sterk filosofi som han har trudd på, og ikkje blitt påverka så mykje av andre, seier Goberg til NRK.

j7f4MS60UZ8

GUTANE PÅ TUR: Pål Golberg (t.v.) og Finn-Hågen Krogh på høgdesamling i Val Senales.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Han ser ikkje bort frå at det har vore kommentert at Krogh har trena mindre enn resten, sjølv om han ikkje hugsar konkrete episodar. Og han forstår at det kan ha blitt meir grubling dei siste åra.

– Det er gjerne sånn når ein blir meir og meir vaksen, så tenkjer ein meir. Så lenge han var i dytten, var det ein styrke å trene litt mindre litt andre. Når det ikkje går så bra som ein håpar, har det kanskje heller vorte ei belastning, seier Golberg

– Det var éin veg til suksess

Finn-Hågen Krogh skuldar altså ingen lagkameratar for å ha sagt noko upassande, men meiner det i den norske treningsfilosofien tidlegare var for lite fokus på å tilpasse treningsmengda til kvar enkelt utøvar.

– Ein burde nesten ha forska litt på det, for det har vore tradisjon i Noreg at ein skal trene veldig mykje og hardt. Det var éin veg til suksess, og det var å trene mykje, medan ein no har byrja å sjå litt meir på at folk må få trene det dei treng, seier Krogh.

Tidlegare landslagssjef Vidar Løfshus skjønner godt kva Krogh siktar til.

– Alle vi som var rundt han ønskt at Finn-Hågen skulle trene meir. Vi visste kva han gjorde og trudde han kunne bli betre ved å trene meir. Men det passa berre ikkje for han, erkjenner Løfshus, som likevel trur at det generelt trengst mellom 800 og 1000 treningstimar i året for å vere stabil blant dei aller beste i verda i langrenn.

Sportsnyheter

Haaland høgt

Haaland med fire mål (!) - blir hylla for ekstrem skåring

Erling Braut Haaland herja for Manchester City med fire mål mot Wolverhampton. Og det var spesielt eitt mål som tok pusten frå «alle».

Siste nytt

  • Rosenborg ydmyket av Brann

    Brann kjørte over Rosenborg fra start til slutt foran et fullsatt Brann Stadion. Det endte i raseri for Ole Sæter da han ble byttet ut og ga et kraftig slag i plastikken på innbytterbenken. Overkjøringen fra hjemmelaget stoppet ikke før det sto 3–0.

    – Det er slik vi skal spille. Når det kommer et lag som også har lyst til å spille, så blir det en bra fotballkamp, sier Niklas Castro til TV 2 rett etter kampslutt med et lurt smil om munnen.

    Med det sørget Brann for tabelltopp med ett poeng foran Bodø/Glimt og Molde, med henholdsvis to og én kamp mer spilt. Rosenborg på sin side mistet litt av kontakten med toppen av Eliteserien, de er nå på 5. plass og er fem poeng bak Brann.

    Det skulle ikke ta mer enn 3 minutter før Ole Didrik Blomberg fant veien til nettmaskene. På grasiøst vis feiret han med en baklengs salto i solskinnet.

    Deretter sørget Aune Heggebø for å doble ledelsen og Niklas Castro toppet kransekaken med sin 3-0-scoring.

    – Nå rakner Rosenborg, var den korte oppsummeringen fra Øyvind Alsaker.

    Football, Eliteserien, Brann - Rosenborg
    Foto: BILDBYRÅN
  • Ivanovic herjet – sikret LSK-seier med to mål

    Den serbiske landslagsspilleren Miljana Ivanovic ble den store helten for LSK kvinner hjemme mot Kolbotn lørdag. Hun scoret begge målene for vertene i 2-1-seieren.

    – Avslutningen hennes er iskald. Hun avgjør det hele, sa NRK-ekspert Carl-Erik Torp om matchvinnermålet som kom i det 84. minutt.

    Etter matchvinnerscoringenpådro Ivanovic seg en ordentlig smell og ropte mot benken. Hun klarte likevel å fullføre kampen og kunne derfor juble for seieren med lagvenninnene.

    LSK Kvinner har vunnet sine tre siste hjemmekamper.

    Etter lørdagens kamp er LSK Kvinner på tredjeplass på tabellen med tolv poeng, mens Kolbotn er nummer åtte med tre poeng.

  • Berge og Burnley på vei ned etter stortap

    Håpet om fornyet Premier League-kontrakt svinner for Sander Berge og hans Burnley, som lørdag tapte 1-4 hjemme for Newcastle.

    Samtidig tok Nottingham Forest et kjempesteg mot ny kontrakt ved å slå allerede fortapte Sheffield United 3-1 på bortebane. Callum Hudson-Odoi ble stor helt med to mål.

    (NTB)

    Premier League - Burnley v Newcastle United
    Foto: Jason Cairnduff / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal