– Det er vanskeleg for oss å sjå om det var rett å avlyse. Kanskje kunne omgangen vore fullført, men det er ikkje lett å sitje her og ha noko absolutt meining om det, seier Johan Remen Evensen. Han kommenterte rennet frå studio i Oslo.
Vinden førte til mange pausar, og til slutt valde juryen å bryte av rennet.
Men med
og andreplass til Fannemel, saman med fleire andre gode norske plasseringar, er sportssjefen nøgd.– Dette er ei fantastisk helg for oss. Fannemel stadfestar at han er den beste hopparen i verda. Velta er i stadig framgang, og Tande følgjer opp sin imponerande sommar. No skal vi gjere det vi kan for å halde trukket oppe, slik at det blir like moro å vere hoppinteressert nordmann også ved nyttårstider, seier Clas Brede Bråten.
I angrepsposisjon
Med 135 meter i første omgang var Fannemel i angrepsposisjon før finaleomgangen. Han låg 2,4 poeng bak tyske Severin Freund, og hadde gode sjansar til ein ny siger i den russiske hoppbakken.
Men vinden spela hopparane mange puss i andre omgang. Og då Andreas Kofler omtrent vart blåsen ut av bakken, fekk juryen nok.
– Eg vil nok tru at dette kanskje var viktig for avgjerda om å avlyse omgangen. Kofler er ein mann som enten landar på kulen eller hoppar bakken ned. Her prøvde han på det siste, og det gjekk ikkje bra, seier Evensen.
Koflers svev såg stygt ut. Men austerrikaren er rutinert, og han klarte å ta seg inn. Han fekk rettnok dømt fall, men det var berre fordi han måtte støtte seg med handa i landinga.
Tre norske blant topp åtte
Dei ti beste frå første omgang fekk aldri setje utfor i andre.
Blant dei var det tre nordmenn. Rune Velta og Daniel Andre Tande var nummer sju og åtte etter den første omgangen. Og Fannemel altså nummer to.
Avblåsinga av finaleomgangen førte også til at Anders Bardals kjempehopp i andre omgang ikkje vart teljande. Han øydelag konkurransen med eit dårleg førstehopp, men smelte til med 129 meter i sitt andre hopp. Han låg på tredjeplass då konkurransen vart avbroten.
Video: Sjå Bardals annullerte hopp.