– Gratulerer og lykke til i morgon, sa intervjuaren på den internasjonale tv-sendinga.
– Takk, men eg skal ikkje gå i morgon. Eg reiser heim, sa den norske vinnaren til ein nokså paff intervjuar.
Det var bestemt på førehand. Etter å ha teke sin tredje sprintsiger av fire mogelege, er Touren allereie over for Falla.
– Som planlagt
– Dette gjekk som planlagt. Eg kjenner meg betre og betre. I finalen venta eg berre på at Ingvild skulle kome på sida, men det skjedde ikkje, seier Falla til NRK etter å ha fått at pusten.
– Det er kjedeleg å reise heim. Men sprintcupen er mitt mål i vinter, og kroppen har sagt frå. Då må eg ta konsekvensen av det. Det kjem fleire renn, seier dagens vinnar.
– No skal eg legge meg på sofaen heime på Lillehammer og sjå dei andre jentene.
Ingvild Flugstad Østberg trudde på siger i dag.
– Eg var sterk i starten, og kjende meg eigentleg endå sterkare utover dagen. Men Maiken var rå, seier Østberg, som er den reelle leiaren av Touren når Falla reiser heim.
– Men det var ei som vart slått ut i dag, som vil vere med seinare, seier Østberg, og tenkjer på Therese Johaug.
Overraskande svensk andreplass
Det såg ut til å gå mot norsk dobbelsiger, men på de aller siste metrane sleit Ida Ingemarsdotter seg nokså overraskande forbi Ingvild Flugstad Østberg.
Overraskande fordi Østberg var suveren i prologen og i kvartfinalen. I semifinalen vart ho berre slått av Falla.
Tre norske jenter skulle konkurrere med to svenskar og ei amerikansk jente i finalen. Maiken Caspersen Falla vann første semifinale framfor Ingvild Fluberg Østberg, og frå same heatet gjekk Astrid Uhrenholdt Jacobsen vidare på tid.
Utslått Johaug var forbanna
– Eg var litt forbanna, sa Therese Johaug etter kvartfinalen. Der vart ho slått etter fotofinish.
– Men eg gjekk eit godt løp, og må sjå positivt på framgangen, seier ho til NRK.
– Eg var med på å prege løpet, og forma er bra. Det lovar godt.
Video: Intervju med Tour-vinnarane