Maiken Caspersen Falla klarte med eit naudskrik å kvalifisere til finalen. Samtidig, i den andre semifinalen, klarte ikkje arrangørane å skilje mellom Astrid Uhrenholdt Jacobsen og amerikanske Sophie Caldwell. Dermed stilte sju kvinner til start i sprintfinalen i Falun.
Og med dårlegast tid i semifinalane måtte Falla starte bak alle dei seks andre, og sjølv om ho klarte å kjempe opp i teten halvvegs i løpet, så vart det til slutt tungt. Det vart ein femteplass på Falla, medan Jacobsen hamna på ein sjetteplass.
På toppen av pallen vart det svensk heimesiger med Linn Svahn på topp, og Jonna Sundling på tredjeplass. Russiske Natalja Neprjajeva tok andreplassen.
– Før start såg eg Maiken bak meg, og eg tenkte «kva er det som skjer». Det var temmeleg spesielt. Men det var så gøy å konkurrere i heimbyen min og vinne, og også få Jonna på pallen, sa Linn Svahn til full jubel frå publikum i Falun.
Therese Johaug og Heidi Weng rauk begge ut i semifinalane.
Dobbelt norsk for herrane
Blant herrane vart det dobbelt norsk med Pål Golberg på førsteplass, følgt av Erik Valnes.
– Det var heilt eineståande. Eg må innrømme at eg trudde det skulle bli for tøft. Bolsjunov og Pellegrino såg solide ut. Det var ei overraskande vending og utruleg sterkt av våre to, seier sprinttrenar Arild Monsen etter at dei to nordmennene slo motstanden på oppløpet.
Russiske Aleksandr Bolsjunov tok tredjeplassen, og sikra seg dermed ei endå meir solid leiing i verdscupen enn kva han hadde frå før av.
Pål Golberg spurtslo Erik Valnes og dermed vart det dobbelt norsk i Falun.
Foto: Henrik Montgomery/TT / Henrik Montgomery/TT– Sterkt av Pål
– Eg frykta Pål, eg. Bolsjunov drog opp til toppen, slik me visste at han kom til å gjere. Eg kjenner Pål, og eg veit at han er ein snik på slutten. Eg såg meg til venstre på oppløpssida, og der var det ingen, men plutseleg var han forbi, seier Erik Valnes etter at han vart slått av Golberg på slutten.
– Det var sterkt av Pål. Eg har noko å lære der, seier Valnes som er nøgd med andreplass.
Johannes Høsflot Klæbo stilte ikkje til start i Falun etter at han brakk fingeren på ein boksemaskin førre veke. Etter brotet sa Klæbo at han frykta sigeren i verdscupen samanlagd var tapt.
Med dagens russiske tredjeplass har Bolsjunov teke nok eit stort jafs i kampen om sigeren i verdscupen samanlagd. Sannsynlegvis kan berre ein skade eller sjukdom stanse Bolsjunov frå å vinne.