Det er ei kraftig forbetring av hennar gamle rekord på 7,17 sekund frå i fjor.
Okparebo vann klart sitt heat og gjekk greit vidare til semifinale. Men tre jenter i dei andre heata hadde betre tid - Tezdzhan Naimova frå Bulgaria, Marija Rjemjen frå Ukraina og Verena Sailer frå Tyskland. Alle med tida 7,12.
Folake Akinyemi fekk tida 7,41. Det er sesongbeste for henne, men var ikkje nok til å gå vidare.
Semifinalene og finalen går søndag.
Norsk rekord også av Kloster
Video: Se kvinnenes 400-meter der Lise Kloster igjen setter norsk rekord
Kloster satte ny norsk rekord
Norsk rekord vart det også på Lise Kloster. I semifinalen på 400 meter sprang ho på svært solide 52,78. Den gamle rekorden var på 53,15, som ho sjølv sette i forsøket fredag. Men det var ikkje godt nok til finaleplass.
På 60-meteren for menn er Jaysuma Saidy Ndure klar for finalen seinare i kveld. Han sprang på 6,59 og vart nummer to i sitt heat. Tida er sesongbeste for Jays, og den tredje beste i semifinalene.