Den svenske toppklubben Malmö står utan permanent trenar etter at Magnus Pehrsson fekk sparken tidlegare i mai.
No melder den svenske avisa Expressen at Ole Gunnar Solskjær står på lista over trenarar Malmö ønskar skal ta over.
Sportssjef Daniel Andersson leier laget inntil klubben har funne ein erstattar. Klubben, som ligg midt på tabellen i Allsvenskan, skal ha forhørt seg om Solskjærs situasjon i Molde.
Solskjær i motgang
45-åringens mannskap har slitt i både serie og cup dei siste vekene. 2. mai slo 2.-divisjonslaget Brattvåg ut Molde av cupen.
– Eg er veldig skuffa, nesten sjokkert. Det er fortent, det er det verste av alt, sa Solskjær til NRK etter cupflausen.
I årets eliteserie starta blåtryøene med tre strake trepoengarar, men på dei åtte siste kampane har laget bare vunne to gangar og er nummer åtte på tabellen.
NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp meiner Molde er i krise.
– Når ein ser på tabellen, så er det krise, sa Torp til NRK tidlegare i mai.
Ingen kommentar
Malmö-sportssjef Andersson ønskar ikkje å kommentere ryktene rundt Solskjær-interessa.
Den tidlegare Manchester United-stjerna har kontrakt med Molde til sommaren 2019.