Ecuador slo Chile 3-0 i VM-kvalifiseringa i natt, men det var Valencias snedige flukt frå politiet som blei det store samtaleemnet etter kampen.
Då spelarbussen kom til stadion før kampen, møtte politiet opp for å ta med seg 24-åringen. Bakgrunnen var eit krav på 17.000 dollar frå Valencias eks-kone, som hevda at dette var ubetalt bidrag for deira fem år gamle dotter.
Men der var det ingen Valencia. Han hadde teke seg til stadion på annan måte.
Politifolka var greie nok til å la seg overtale: Pågripinga skulle vente til etter kampen, der Enner Valencia spela frå start, melder El Telegrafo.
«Høgdesjuke»
Åtte minutt før kampslutt, medan politiet venta på sidelinja, kollapsa Valencia tilsynelatande på bana. Medierapportane frå kampen går ut på at han simulerte høgdesjuke. Kampen gjekk i hovudstaden Quito, som ligg i 2850 meters høgde i Andesfjella.
I alle fall vart han lagt på ein golfbil og frakta bort. Videobileta viser at han blir køyrd langs bana og inn i garderoben – med ein hærskare av politifolk i fullt firsprang etterpå.
Men ingen av dei våga seg inn i garderoben. Valencia blei der ei kort stund, deretter vart han send til sjukehus for kontroll, og vidare til spelarhotellet, skriv teamtalk.com.
– Uhøyrt
I mellomtida blei pågripings-ordren prøvd for ein ny rett, som annullerte dokumentet.
Til stor irritasjon for eks-konas advokat.
– Det er uhøyrt at politiet ikkje følgjer betre opp ein arrestordre, sa advokaten. – Og det er like uhøyrt at ein som tener så mykje som han, ikkje vil betale det han skal, la han til.
Det er ikkje kjent kvar Enner Valencia – Everton-spelar som er utlånt frå West Ham – oppheld seg.
Han skal vere med Ecuador over grensa til bortekamp mot Bolivia tysdag, før han reiser tilbake til England og Premier League.
Så det tar nok litt tid enno før politiet kan få hand om han.