Hopp til innhold

Emilie Haavi klar for italiensk storklubb: – Det er litt skummelt

Emilie Haavi (29) forlét LSK, fordi ho trong noko heilt nytt. No er ho klar for Roma, stadfestar ho til NRK.

Football, FIFA Women's World Cup Qualifier, Albania - Norway

TIL UTLANDET: Emilie Haavi prøver seg på eit nytt utanlandsopphald. Denne gongen ber turen til Roma i Italia, litt kortare enn til USA – som sist gong.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

– Her er det ein annan kultur, nytt språk, andre land og nye menneske. Det handlar litt om det å gå utanfor komfortsona, og det kjenner eg at eg gjer no, seier Haavi til NRK.

Roma stadfesta nyheita på sine nettsider onsdag.

Opphaldet i Roma blir det andre utanlandseventyret hennar i karrieren, og ho håpar det blir betre enn første. I 2017 gjekk nemleg ikkje opphaldet i Boston Breakers som planlagt. Ho sleit med skadar og hadde dessutan heimlengsel.

Men denne gongen blir det annleis, trur ho.

Football, Toppserien, LSK Kvinner - Lyn

FERDIG I LSK: Emilie Haavi stadfesta for nokre veker sidan at ho var ferdig i LSK Kvinner.

Foto: MARIUS SIMENSEN / BILDBYRÅN NORWAY

– Eg var ganske mykje yngre, og eg var òg mykje skadd, og det sette preg på opphaldet. Men det er utviklande å vere utanfor komfortsona, og det fekk eg kjenne på då. Og eg tippar det vil kjennast sånn no òg, seier den ferske Roma-spelaren og held fram:

– Samtidig er det herleg å vere på ein stad i livet der ein er trygg på seg sjølv, kven ein er og kva ein står for. Eg har meir ro i kroppen denne gongen, samanlikna med sist.

– Einsamt blir det sikkert

Ho har vore i Toppserien til saman 14 år, der ni av dei har vore i LSK Kvinner. Ho innrømmer at det er litt skremmande, men ho trur òg det vil utvikle ho som menneske og fotballspelar.

Det er sjølvsagt litt skummelt, men eg trur det vil vere veldig utviklande for meg som person og som spelar, det å vere i eit nytt miljø og verkeleg måtte prestere og vise kva ein står for. Skummelt, men veldig kjekt.

Og heimlengsel trur og håpar ho at det ikkje blir noko av denne gongen.

– Vegen er kortare frå Italia, og det vil gjere det mindre skummelt. Eg var så langt vekke at eg kjendest som eg levde i ein anna verd. Då eg var vaken var ingen i Noreg vakne, og når ein i tillegg er skadd og ute av laget så blir ein isolert. Det vart ganske tøft, seier Haavi.

Football, FIFA Women's World Cup Qualifier, Albania - Norway

PROFIL: Emilie Haavi har vore ein landslagsprofil i ei årrekkje, med 88 kampar med flagget på brystet.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

– Fryktar du heimlengsel, no som korona har blussa opp igjen?

– Det kjem det sikkert til å bli. Eg hadde kanskje trudd at korona ikkje skulle bli ei utfordring då eg valde å reise, så det er kjipt. Men tanken på at ein er tre timar heimanfrå gjer det lettare. Einsamt blir det heilt sikkert, men då lærer ein av det, seier ho.

Fekk råd av Hegerberg

Men med nytt land og ny kultur kan det vere greitt å søkje råd. Ho fortel at ho mellom anna har snakka med tidlegare Roma-spelar Andrine Hegerberg.

– Eg har snakka litt med Andrine, særleg då Roma vart veldig aktuelt. Eg fekk eit godt inntrykk. Det er sjølvsagt ting som er annleis her, men det var derfor eg valde å reise. Då har ein ikkje kontroll på alt heile tida, og det har eg litt godt av, meiner 29-åringen.

– Kva råd fekk du?

– At ein må reise hit med ope sinn, for det er ein annan kultur her, med tanke på tid, mat og måltid. Klokka 12 her er ikkje nødvendigvis klokka 12 som eg er vand til.

Ein god start kan vere å lære seg språket. Der fortel Haavi at ho har litt å gå på.

– Italiensken min på ein skala frå éin til ti: Éin. Men eg har prøvd meg litt, sidan eg har visst ei stund at det var hit eg skulle. Eg har lasta ned ein app, der eg øver litt kvar dag. Men det er eit vanskeleg språk, flirer ho.

Roma ligg på andreplass i den italienske serien, og dei ligg dermed an til å nå meisterligaen neste sesong.

Før ho kjem ordentleg i gong skal ho heim til Noreg søndag og feire jul med familien. Frå og med 27. desember startar det for alvor.

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal