Hopp til innhold

EM-furore etter at brite vart fråteken medalje: – Det er galskap

Jacob Fincham-Dukes hoppa nest lengst i lengdekonkurransen, tok æresrunden med det britiske flagget og gjorde seg klar til medaljeseremoni. Men så kom sjokkbeskjeden.

Athletics: European Championships - Day 2

FEIRA SAMAN: Thobias Montler, Miltiadis Tentoglou og Jacob Fincham-Dukes jubla for medaljar i EM. Sistnemnde mista han til Jules Pommery etter ei kontroversiell avgjerd.

Foto: ANDREJ ISAKOVIC / AFP

Det franske friidrettsforbundet la inn protest på Fincham-Dukes lengste hopp på 8,06 meter. Det vart dømt gyldig i konkurransen, men ugyldig av juryen i etterkant.

Franske Jules Pommery – som også hoppa 8,06 meter – rykka opp til bronseplass. Britens nest lengste hopp på 7,97 meter gav 5.-plass.

Onsdag morgon la han ut eit kjensleladd innlegg på Twitter:

«Ingenting kan eigentleg seiast om gårsdagen. For ei kort tid var eg sølvvinnar i EM, men som følgje av ein protest vart eg dessverre dytta tilbake til ein 5.-plass. Eg trur det som smertar aller mest, er at eg fekk nyte augneblinken og gjere sigersrunden, for så å bli stole frå den gleda».

European Championships 2022, day 6, Athletics

FEIRA MED SVENSKE: James Fincham-Dukes feira saman med Thobias Montler medan dei begge framleis hadde fått gyldig resultat 8,06 meter.

Foto: MATHIAS BERGELD / BILDBYRÅN

Reaksjonane på korleis konkurransen vart avgjort i etterkant har vore kraftige:

– Dei burde dele bronsemedaljen, for dette er tullball, skriv gullmedaljevinnar Miltiadis Tentoglou i eit innlegg på Instagram-kontoen «jumpar's world».

Guttormsen: – Galskap

Noregs stavhåp Sondre Guttormsen har også kasta seg inn i same tråd:

– Det er galskap å annullere eit hopp etter heile konkurransen er over! Han hoppa 8,06 meter i det første hoppet og visste det sannsynlegvis heldt til medalje. Ville vore ein heilt annleis konkurranse om dei melde dødt omgåande.

EM friidrett 2022 i München

NORSK EM-HÅP: Sondre Guttormsen deltek i stavsprang. Han hoppar kvalifisering torsdag.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Eg trudde dei nye kamerareglane ville fjerne problem som dette?

Heile tre hopparar oppnådde 8,06 før Fincham-Dukes forsøk vart stroken. I tillegg til briten oppnådde svenske Thobias Montler og Pommery same lengde. Rekkjefølgja vart dermed bestemd ut frå det nest beste hoppet.

– Det er kjedeleg for han. Som utøvar synest eg det er tøft. Viss det var noko tvil, burde det vore teke med ein gong. Det er kjedeleg at han må gå å feire ein medalje og så bli fråteke han, seier Henrik Flåtnes til NRK.

EM friidrett 2022 i München

IMPONERTE: Henrik Flåtnes innsats i EM-finalen gav meirsmak.

Foto: Lise Åserud / NTB

Nordmannen enda på 6.-plass i lengdefinalen med eit hopp på 7,83 meter. Flåtnes presiserer at han ønskjer at det skal vere mest mogleg rettferdig for utøvarane.

Ingar Bratseth-Kiplesund deltok også i finalen. Trønderen enda på 12.-plass etter tre ugyldige hopp.

NRK-ekspert: – Det er berre trist

Christina Vukicevic Demidov kommenterte lengdekonkurransen for NRK. Ho meiner at resultatet vart korrekt til slutt, men at måten det skjer på er trist.

– Vi såg det var eit diskutabelt hopp. På bileta kan ein sjå at han er over planken, men det blir ikkje dømt i konkurransen, seier Vukicevic Demidov.

Christina Vukicevic, ekspert i NRK

NRK-EKSPERT: Christina Vukicevic Demidov kommenterer tekniske øvingar for NRK.

Foto: Anders SKjerdingstad / NRK

Ho meiner det er vanskeleg å ikkje synast synd på briten.

– Han har jo trudd at han har hoppa godkjent, men så ser vi at på akkurat hoppet så har ikkje lasaren vorte utløyst. Det vitnar om ein systemsvikt. Vanlegvis får ein svaret med ein gong, seier NRK-eksperten.

Ho trur også Pommery sit igjen med ein bismak etter å ha teke bronsen, etter at dei kom som følgje av protesten.

Les også Program for friidrett under EM-uka i München

EM i friidrett

Siste nytt

  • Sabalenkas kjæreste bekreftet død: – Må han hvile i fred

    Den tidligere NHL-spilleren Konstantin Koltsov har gått bort. Det bekreftes av det belarusiske ishockeyforbundet.

    Koltsov var også kjæresten til verdenstoer i tennis, Aryna Sabalenka.

    I en kort uttalelse skrev forbundet at Koltsov «døde plutselig», uten å si hvordan eller hvor han gikk bort.

    «Vi er i sorg. Det belarusiske hockeyforbundet uttrykker sin dypeste medfølelse til familien, venner og alle som kjente og jobbet med Konstantin», heter det i uttalelsen.

    Koltsov spilte tre sesonger i NHL med klubben Pittsburgh Penguins, samt i to OL med det belarusiske landslaget.

    I tillegg til sin spillerkarriere, var Koltsov også trener for KHL-klubben Salavat Yulayev Ufa og det belarusiske landslaget.

    «Han var en sterk og positiv person, han var elsket og respektert av spillere, kolleger og supportere. Må han hvile i fred,» skriver Salavat Julajev Ufa i en uttalelse.

    Konstantin Koltsov ble 42 år gammel.

    Aryna Sabalenka
    Foto: Reuters
  • Messi-fans får 50 prosent refusjon etter Hongkong-fiaskoen

    Fans som kjøpte billetter for å se Lionel Messi i Hongkong får tilbakebetalt 50 prosent av billettprisen etter at argentineren mistet treningskampen.

    Det er riktignok kun så lenge de ikke iverksetter rettslige skritt mot arrangøren.

    Et utsolgt stadion betalte fra 880 Hongkong-dollar (1200 norske kroner) for å se den åttedobbelte gullballvinneren i aksjon 4. februar. Da ble det spilt en treningskampen mellom Inter Miami mot en utvalgt Hongkong XI.

    Reaksjonene var sterke da Messi ble sittende på benken gjennom hele kampen på grunn av en skade.

    Det ble ikke bedre da han tre dager senere spilte en halvtime da laget hans møtte japanske Vissel Kobe i Tokyo. Da kom anklagene om at Messis «no show» i Hongkong var rettet mot Kina.

    Arrangør Tatler Asia tilbød mandag 50 prosent refusjon for «de som kjøpte billetter gjennom offisielle kanaler til kampen».

    De som vil ha noen av pengene tilbake, må godta vilkår og betingelser som inkluderer at de ikke kan ta rettslige skritt mot arrangøren.

    Messi på benken under kampen i Hongkong
    Foto: AFP
  • Curling-VM: Norsk storseier over Tyrkia

    De norske curlingkvinnene slo knallhardt tilbake etter to strake tap og knuste Tyrkia 11-5 i curling-VM i Canada.

    Skip Marianne Rørvik fronter det norske VM-laget sammen med Kristin Skaslien, Mille Haslev Nordbye og Martine Rønning.

    Etter fem VM-kamper står de med to seiere og tre tap. Det gjør at Norge ligger på en delt 6.-plass. Sveits topper tabellen med fem av fem seire.

    Senere tirsdag venter det nok en kamp mot storfavoritt Sveits.

    Curling VM Norge
    Foto: Darren Calabrese / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal