– Artig slik utviklinga har blitt dei siste åra

Etter fem sølv bak eit suverent Rosenborg kan ikkje Mr. Molde anna enn å elske utviklinga i norsk fotball.

Det er duka for toppopgjer i eliteserien når Molde tek imot Rosenborg på søndag. Mr. Molde, Daniel Berg Hestad, håper å vere med å setje farge på nok eit oppgjer mot erkerivalen frå Trøndelag.

Daniel Berg Hestad augnar sitt tredje seriegull på fire år. Med siger over Rosenborg vil gullet vere fleire hakk nærare Molde-legenda.

Det er duka for toppoppgjer i norsk eliteserie når Molde tek imot Rosenborg søndag.

Daniel Berg Hestad

Daniel Berg Hestad blei hylla etter å ha blitt spelaren med flest kampar på øvste nivå i norsk fotball. Han står no med 441 kampar for Molde i norsk eliteserie.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / NTB scanpix

Daniel Berg Hestad, Mr. Molde og mannen med flest fotballkampar på øvste nivå i norsk fotball, håper å setje farge på nok eit oppgjer mot erkerivalen frå Trøndelag.

For med siger mot Rosenborg på søndag kan Molde ta eit svært langt steg mot nytt seriegull.

Godt grep

– Dei har vore storebror i mange år, eg har tatt fem sølv bak dei – som har tatt gull heile livet, mimrar Berg Hestad.

Han omtalar oppgjera mot rivalen litt lenger nord som «spesiell».

– Det er artig slik utviklinga har blitt dei siste åra, der vi har tatt over. Forhåpentlegvis. Vi har eit godt grep om dei, det håper eg held fram på søndag, seier Molde-veteranen, før han legg til:

– Men det er alltid vanskeleg å møte Rosenborg.

Molde-trening

Daniel Berg Hestad var éin av få på Molde-trening fredag. Resten av laget kvilte etter triumfen mot Gorica i europaligakvalifiseringa.

Foto: Øystein Skarsbø / NRK

No er det eit RBK med ny giv som kjem til Molde. Per Joar Hansen blei bytta ut til fordel for Kåre Ingebrigtsen, og i går slo dei Sligo Rovers og avanserte i europacupen.

– Fekk seg ein opptur

Molde på si side spelte ein transportetappe av ein kamp på vegen vidare mot gruppespel i europaligaen med 1–1 borte mot Gorica. Berg Hestad blei heime og kvilte – for å bli klar til kampen mot Rosenborg.

– Eg håper og trur det blir ein bra kamp, ein sjåverdig kamp med to lag som vil angripe. Rosenborg fekk seg ein opptur i går, kjem med ny sjølvtillit og ny trenar. Det blir spennande, meiner Molde-kapteinen.

Jon Hoem

Tidlegare formann i Molde FK trur Rosenborg-oppturen får lite å seie.

Foto: Øystein Skarsbø / NRK

I fjor vann Molde 1–0 over Rosenborg på Aker Stadion. I 2012 blei det 2–0 i favør dei blå og kvite. I 2011, 2010 og 2009 vann derimot Rosenborg.

Men vinden har snudd, Molde har dominert dei seinaste åra og leier no serien ni poeng føre RBK.

Trur Molde har kontroll

På tribunen under treninga på Aker Stadion fredag sat det fleire klubblegender. Tidlegare formann i klubben, Jon Hoem, trur på siger.

Samstundes trur han forandringane og RBK-oppturen får lite å seie.

– Trenarapparatet vi har gir blaffen i kva som skjer i Rosenborg. Dei tenkjer på seg sjølve og kva dei skal gjere. Og då kjem det av seg sjølv, meiner Hoem.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Brann går glipp av 3,7 millioner

    Brann får ikke tilbake nærmere fire millioner kroner i koronastøtte etter at en klage på Lotteritilsynets vedtak er blitt avslått, skriver Bergensavisen.

    Brann mente å ha tapt 10.380.166 kroner i forbindelse med arrangement, hovedsakelig hjemmekamper, under den koronastengte perioden. Med rett til 70 prosent av dette, altså drøyt 7,2 millioner, var det dette Brann mente klubben skulle ha, skriver avisen.

    I alt trekkes det 3,7 millioner kroner, penger staten beholder etter vedtaket i Lotteritilsynet.

    Brannledelsen uttaler seg om skandalen.
    Foto: Marit Hommedal / NTB
  • Zlatan med i Sveriges VM-tropp

    Zlatan Ibrahimovic er tatt ut i Sveriges tropp til VM-kvalifiseringskampene mot Kosovo og Hellas til tross for skadeproblemer. 39-åringen har vært den siste tiden vært plaget av en akillesskade og har vært ute i flere kamper i høst.

    World Cup Qualifiers Europe - Group B - Kosovo v Sweden
    Foto: Laura Hasani / Reuters
  • Sikter mot tilskuerrekord i EM

    Spania planlegger for 68.000 tilskuere i finalekampene i EM-sluttspillet i håndball for menn i 2028. Tilskuerfesten vil i så fall finne sted på Atletico Madrids hjemmebane. Det er den spanske avisen Marca som melder dette.

    Verdensrekorden for tilskuere på en håndballkamp er 44.189 og ble satt i en kamp mellom Rhein-Neckar Löwen og Hamburg i 2014. Spanjolene søker om mesterskapet sammen med Portugal, og tildelingen skjer i november. Også Norge, Sverige og Danmark søker om mesterskapet i 2028.

    Håndball EM herrer 2020
    Foto: Vidar Ruud / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal