Hopp til innhold

Ellefsæter: Femmilskongen «Ole Uteligger»

Han var tømmerhoggaren, skogsingeniøren, milslukaren, songaren og gladguten som var midt i det norske langrennseventyret på slutten av 60-talet. Tysdag døydde han, 83 år gammal.

Ole Ellefsæter

MILSLUKAR OG TRUBADUR: Ole Ellefsæter tok gull både i langrennsløypa og på hitlistene

Foto: Ivar Aaserud / NTB

I boka «Alle kluter til» skildrar han korleis han sleit seg gjennom tredje etappe av VM-stafetten i Oslo i 1966. Det gav eit suverent gull, men Ellefsæter var nedtrykt likevel. Han fekk ikkje den rette rytmen i løpet, og var den einaste på det norske laget som ikkje hadde beste tid på ein etappe. Han kjende det som om han fekk gull fordi dei andre var best.

Han bestemte seg for å slå hardt tilbake i OL i Grenoble.

– Då skal eg ta gull, og det heilt åleine, sa han til seg sjølv.

To år etterpå gjorde han det.

Blei skogsarbeidar for å bli langrennsløpar

Ole Ellefsæter

SUKSESS PÅ HEIMEBANE: Her er Ellefsæter på veg mot sølv på 15 km i VM i Holmenkollen i 1966

Foto: Ntb / NTB

Men det var i hoppbakken han starta. Det var der han deltok i sine første konkurransar heime i Nybygda. Grunnen var enkel: Ein måtte vere 16 år for å få konkurrere i langrenn. Slike reglar gjaldt ikkje i hoppbakken, og tre brør Ellefsæter stilte stadig opp i kretsrenn.

Likevel – det var altså langrennsløpar han ville bli. Og fordi dei beste løparane på den tid var tømmerhoggarar som fekk si daglege skitrening på veg til og frå jobb, valde han tidleg skogsarbeid som yrkesveg.

Som 19-åring i 1958 tok han sin første tittel, gullet på 10 km i junior-NM. På seniornivå måtte han vente heilt til 1964 før han tok sin første NM-tittel, på 15 km. Men han var stort sett best på dei lange distansane. Si aller første femmil gjekk han i NM i 1963, og var godt nøgd med femteplassen. Han vann NM-femmila i1965 og 1967.

Smurde om og vann likevel

På internasjonalt toppnivå var åttandeplassen på femmila i OL i Innsbruck i 1964 det første. To år etterpå var han også del av medaljejubelen under VM i Holmenkollen. Han tok sølvet på 15-kilometeren, og stafettgullet blei følgt opp med fjerdeplass på 50-kilometeren. Begge dei individuelle distansane blei vunne av VM-kongen Gjermund Eggen.

I biografien sin skriv han at han rekna mellomsesongen 1967 som sin beste. Han vann mellom anna femmila i Lahti på ekstremt tungt føre, etter å ha brukt nærmare eit minutt på å smørje om skia undervegs. Vinnartida var på nesten tre og ein halv time.

Helga etter vann han same distansen også i Holmenkollen.

Så slo han til i Grenoble-OL året etter.

Ole Ellefsæter

GULL: Her går Ole Ellefsæter i mål til tidenes raskaste femmil og OL-gull i Grenoble

Foto: Aktuell / NTB

Dobbelt gull i OL

Først var han på gullaget på stafetten. Denne gongen var han ankermann, og gjekk Noreg inn til ein siger over eitt og eit halvt minutt før neste lag.

– Såg du ingen annan løpar på heile etappen? blei han spurd på pressekonferansen etterpå.

– Jau, eg gjekk forbi ein tyrkar. Han heldt på med tredje etappe enno, svara Ellefsæter.

Nokre dagar seinare, på sin 29-årsdag 15. februar, gjekk Ellefsæter inn til gull også på 50-kilometeren, med fall. Han snubla over to løparar som låg i løypa etter eit fall i ein sving, men gjekk styggfort likevel. Vinnartida var 2.28.45, på den tid den aller raskaste femmila som var gått i eit internasjonalt renn.

SLAGER: Med «Alle kluter til» song Ellefsæter seg inn på VG-lista etter OL i 1968

Første norske Vasalopp-vinnar

Tre år seinare braut han ein annan barriere. Som første nordmann nokosinne vann han det tradisjonsrike svenske Vasaloppet, 90 kilometer frå Sälen til Mora.

Han hadde slite med eit virus og hadde hatt ein dårleg sesong. Derfor var han ikkje teken ut til Lahti, der konkurransane gjekk same helga.

Derfor sa han ja til invitasjonen frå Vasaloppet.

– Eg tenkte at no får eg gå Vasaloppet og tømme kroppen for alt svineriet. At det skulle fungere så godt at det blei siger, var ikkje i mine tankar, sa han i eit intervju med Aftenposten i 2004.

Då hadde nettopp Anders Aukland som første nordmann kopiert den bragda, 33 år etterpå.

Ellefsæter avslutta karrieren med 50 km i OL i Sapporo i 1972. Der hadde han startnummer 2, låg først i sporet, og heldt ein forrykande fart i starten. Etter 15 kilometer var han nummer to også på resultatlista, men greidde ikkje å halde farten oppe på det litt tunge føret. Smørje om måtte han også, og blei nummer 10 til slutt.

Seks gonger NM-gull i friidrett

Ole Ellefsæter 3000 meter hinder

FRIIDRETT: Ole Ellefsæter blei noregsmeister på 3000 m hinder seks år på rad

Foto: Ntb / NTB

Men lenge før han for alvor tok til å ta for seg av titlane i langrennsløypa, hadde han suksess på friidrettsbana. Seks år på rad, frå 1960 til 1965, blei han noregsmeister på 3000 meter hinder. I 1962 sprang han på tida 8.43,8, berre 13 sekund bak gjeldande verdsrekord.

Det året blei han også teken ut til friidretts-EM i Beograd. Det blei ingen suksess på bana. Men ein kveld kom utøvarane tilbake til kasernen der dei budde. Dei fann porten stengd, og Ole Ellefsæter tok til å synge for alle dei andre.

Det blei lagt merke til, og han blei invitert til å delta i eit jugoslavisk tv-program der deltakarane skulle underhalde.

Han takka nei, men det skulle ikkje bli siste gongen han blei beden om å synge.

For Ellefsæter hadde ei god songstemme, som han brukte flittig i Furnes Sangforening heime. Utover i karrieren gav han også ut fleire plater. Den første var «Huldreslåtten», som var på femteplass på VG-lista, og låg der i 19 veker. Plata selde også over 25.000 eksemplar. Men den kanskje mest kjende blei likevel «Alle kluter til», som blei gitt ut i samband med OL i Grenoble, og som klatra til fjerdeplass på lista.

Slik blei han «Ole Uteligger»

Ole Ellefsæter med Egebergs ærespris

UTMERKING: I 1965 fekk Ole Ellefsæter Egebergs ærespris

Foto: Ntb / NTB

Hausten 1960 skulle han besøke nokre kameratar som var på fjellet for å gå på elgjakt. Men på vegen rota han seg vekk og måtte overnatte i ei gammal koie han fann. Då det lysna neste morgon greidde han å kome fram til jaktkameratane, like før leiteaksjonen var sett i gang.

Helga etter skulle han gå same veg heim att. No hadde han utstyrt seg med kompass og varmare klede, men det gjekk ikkje betre likevel. Denne gongen fann han ei koie å overnatte i, og kom nok ein gong tilbake før leiteaksjonen blei sett i verk.

Han hadde pådratt seg betennelse i eine hælen på turen, og måtte melde forfall til ei samling like etterpå. Då folka på samlinga fekk vite grunnen, fekk han straks namnet «Ole Uteligger», skriv han i biografien sin.

Ellefsæter fekk Egebergs ærespris i 1965 og Holmenkollmedaljen i 1967. Han har også fått ei statue i Brumunddal.

Siste nytt

  • Mjelde forlater Chelsea etter sesongen

    Norges landslagskaptein Maren Mjelde (34) er ferdig i Chelsea etter sesongen. Det bekrefter klubben på sin nettside fredag.

    Hun har spilt syv sesonger i klubben etter at hun ankom fra Avaldsnes i 2017. Der har hun blant annet vunnet den engelske toppdivisjonen fem ganger, fire FA-cuper og to ligacuper.

    – Når jeg ser tilbake på alle årene mine her, har det vært både opp- og nedturer – men det har vært flere oppturer enn nedturer. Det har vært litt av en reise, sier Mjelde til klubbens nettside.

    Mjelde har spilt 140 kamper i blått og scoret 23 mål, og har figurert både i forsvar og midtbanen til London-klubben.

    Maren Mjelde
    Foto: MATTHEW CHILDS / Reuters
  • Poengkongen forlater Vålerenga etter 24 år

    Vålerengas poengkonge i årets sluttspill, Thomas Olsen, er klar for sitt første utenlandseventyr.

    – Det er veldig vemodig. Det er også litt trist at man skal dra fra en klubb man har vært i hele livet. Men man må også gripe muligheten når den kommer, og jeg gleder meg til neste kapittel, sier Thomas Olsen til NRK.

    Han var fire år da han tok sine første skøytetak i Oslo-klubben. 24 år senere bytter han altså klubb for første gang. Nå har han skrevet kontrakt (1+1 år) med den finske ishockeyklubben Jukurit.

    – Det er selvfølgelig et nytt steg i min karriere. Det er et nytt land, ny type hockey, nye mennesker, nye lagkamerater. Så det blir veldig mye nytt. Men jeg gleder meg veldig.

    I Jukurit blir han lagkamerat med den norske backen Sander Vold Engebråten. Klubben endte på 5. plass i den øverste ligaen sist sesong.

    Thomas Olsen reiser fra Vålerenga etter 24 år i klubben
    Foto: Anders Engeland / NRK
  • Ruud-rival mister storturneringen i Roma

    Carlos Alcaraz har en skade i armen og står over Masters1000-turneringen i italienske Roma til uken.

    Det opplyser den 20 år gamle verdenstreeren på X.

    – Jeg trenger hvile for å komme meg og kunne spille 100 prosent smertefritt, skriver han.

    Alcaraz er en av Casper Ruuds største konkurrenter på ATP-touren. Nordmannen røk for Felix Auger-Aliassime i Madrid tidligere denne uken.

    Ruuds plan framover er å spille i Roma før en mindre turnering i Sveits. Sesongens store mål nærmer seg: Grand Slam-turneringen Roland-Garros i slutten av måneden. (NTB)

    Alcaraz
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal