Årets eldsjel skal vere maks 26 år

Denne gongen må du halde deg til folk under 26 år når du skal nominere årets eldsjel til Idrettsgallaen. Årsaka er ungdoms-OL på Lillehammer.

Årets ildsjel Torbjørn Grydberg får prisen

I VINTER BLIR VINNAREN YNGRE: Her får Torbjørn Grudberg sin velfortente heider og tittel Årets eldsjel sist vinter etter eit langt liv i idrettens teneste. Komande vinter skal denne heiderstittelen gå til ein langt yngre utøvar

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Årets eldsjel er eitt av dei mest prestisjetunge trofea som årleg blir delt ut under Idrettsgallaen på nyåret.

Prisen er delt ut kvart år sidan 2005. Vanlegvis har prisen gått til ein person som har gjort ein stor frivillig innsats gjennom eit langt liv, og alle privinnarane hitil har vore over 50 år.

Men ikkje denne vinteren. På Idrettsgallaen 9. januar vil prisen gå til ei ung eldsjel, under 26 år gammal.

Ungdoms-OL på Lillehammer i februar gjer 2016 til eit ungdommens år i idretten. Derfor er det bestemt at eldsjela dette året skal vere under 26 år – som ein heider til alle unge og frivillige i små og store idrettslag i Norge.

Du kan nominere din kandidat frå i dag og fram til 28. oktober.

Sentrale roller i fakkelstafetten

I tillegg til det skal ein nominert frå kvart fylke få ein sentral plass både i den landsomfattande fakkelstafetten før ungdoms-OL og under opningsseremonien på Lillehammer fredag 12. februar.

Ungdoms-OL er for idrettsutøvarar frå 15 til 18 år. Men det er også veldig mykje meir, og ungdomen skal stå sentralt i alle deler av og rundt det enorme arrangementet.

– Eit ungdomsstempel

Totalt trengst 3000 frivillige for å få Ungdoms-OL i hamn.

– Det er derfor også kåringa av årets eldsjel skal ha eit ungdomsstempel dette året, seier Karl Filip Singdahlsen, informasjonsrådgivar i Norges Idrettsforbund.

Idrettsgallaen 2016 går av stabelen 9. januar, direkte på NRK1. Det er også starten på fakkelturneen der alle dei nominerte eldsjelene skal vere med.

Kjetil Andre Aamodt er leiar av årets eldsjel-jury. Juryens avgjerd tel 60 prosent når årets eldsjel skal kårast. 40 prosent blir avgjort av folkerøystinga som skal haldast på nrk.no i desember og januar.

Siste nytt

  • Kristoff på tredjeplass i Slovakia

    Alexander Kristoff ble nummer tre på den fjerde etappen av Slovakia rundt fredag. Arnaud Démare fra Frankrike stakk av med seieren, melder NTB. Dette er andre gang denne uken at Kristoff kommer på pallen. Onsdag spurtet han inn til seier på den første etappen av rittet. Yves Lampaert fra Belgia beholder sammenlagtledelsen etter en femteplass fredag, og rittet avsluttes på lørdag.

    Alexander Kristoff ble nummer tre
    Foto: Marco Bertorello / AFP
  • Ruud slått i kvartfinalen

    Casper Ruud vann første sett, men måtte strekke våpen for kroatiske Borna Coric i kvartfinalen i ATP-turneringa i St. Petersburg. Ruud tapte 6-3, 5-7, 3-6 for Coric, som er nummer 15 på verdsrankinga.

    Davis cup
    Foto: Tore Meek / NTB scanpix
  • EM-gull og verdsrekord

    Norge sette verdsrekord og sikra seg dermed EM-gull i langkonkurransen i skyting på 50 meter helmatch i Bologna. Simon Kolstad Claussen var best av alle med 1182 poeng, Henrik Larsen skaut 1180 poeng og tok 2.-plassen, medan junioren Jon Hermann Hegg leverte 1178 poeng. Dette gav Norge 3540 poeng i OL-øvinga. Det gamle verdsrekorden på 3535 poeng tilhøyrer Russland og vart sett under VM i fjor.

    EM-gull

Sendeplan

Kl. Program Kanal