Hopp til innhold

Ekspertane hyllar enorm Hegerberg – klart for «norsk» finale

To spelarar var den store forskjellen då Olympique Lyonnais møtte PSG i semifinalen i meisterligaen og sikra finalebillett mot Caroline Graham Hansen og Ingrid Syrstad Engen.

Women's Champions League - Semi Final - Second Leg - Paris St Germain v Olympique Lyonnais

Sjå målet til Hegerberg og referat frå kampen her.

– Det er berre rein kvalitet, det er det verkeleg. Timinga i lufta, kunnskapen ... Ho veit akkurat kva ho skal gjere, sa Dazn-kommentator Scott Booth entusiastisk då Ada Hegerberg starta ballet med ei praktfull heading etter eit snautt kvarter spelt.

Frå før hadde Olympique Lyonnais ei 3-2-leiing frå første semifinaleoppgjer, og den tidlege scoringa til Hegerberg gjorde det ekstra vanskeleg for heimelaget.

– Det er eit absolutt praktfullt mål. Tidenes toppscorar gjer det igjen, sa kommentatorkollega Vicki Sparks.

Det skulle likevel ikkje stoppe der.

Hegerberg var ein av kampens gigantar, skal vi tru ekspertane.

– Dynamitt

I andre omgang jobba PSG seg tilbake i kampen, men sleit med å finne vegen til nettmaskene.

I staden var det Hegerberg som stanga inn dagens andre scoring, men millimeter stoppa bortelaget i å gå opp i ei tomålsleiing.

Melvine Malard, som gav den målgivande pasninga, stod i off side.

Ada Hegerberg og Lyon feirer etter scoring

FEIRA: Lyon-spelarane i full jubel før dommaren dømde off side.

Foto: FRANCK FIFE / AFP

Før avgjerda var eit faktum, jubla kommentatorane i vill eufori.

– Ho er dynamitt i denne turneringa, sa Sparks om Hegerberg.

Kollega Booth poengterte ved fleire anledningar at den store forskjellen mellom laga var kor gode spelarane var føre mål.

– Lyon er kliniske, og Hegerberg er nok ein gong i riktig posisjon. Det er ein enkel avslutning, og den off sidan er verkeleg liten, sa han.

I staden tok PSG varselteiknet og skaffa seg ei utlikning.

Kadidiatou Diani slo ballen inn framfor mål, og Marie Katoto fekk spelt ballen vidare før avslutninga kom. Keeper Christiane Endler før Katoto endeleg fekk dunka ballen i nettet.

Katoto

BESTEMT: Marie Katoto skaffa PSG momentum etter utlikninga i andre omgang.

Foto: FRANCK FIFE / AFP

Sikra sigeren

Sjølv om PSG var nære, var det Hegerberg og midtstoppar Wendie Renard som blei tunga på vektskåla.

Snautt ti minuttar før slutt sette Wendie Renard seg på scoringslista. Det målet kom etter eit frispark av Bacha, som Renard heada i mål.

– Dei er to enorme spelarar. Hegerberg, som er mestscorande i turneringa, og Renard, som har flest kampar. Det er den kvaliteten som gjer den store forskjellen, seier Sparks.

Kollega Booth følgjer opp:

– Dei er dei store superstjernene her. Dei har ein slik innverknad på kampen. Renard har vore ein mur, eg trur ho berre har gjort ein feil, seier Booth.

Hjå PSG sat norske Celin Bizet Ildhusøy på benken.

Women's Champions League - Semi Final - Second Leg - Paris St Germain v Olympique Lyonnais

VILL JUBEL: Wendie Renard med Ada Hegerberg hakk i hel.

Foto: SARAH MEYSSONNIER / Reuters

«Norsk» finale

Dermed er det klart for eit gigantoppgjer mellom norske landslagskollegaar.

Tidlegare laurdag vart det nemleg klart at Caroline Graham Hansen og Ingrid Syrstad Engen er klare for Champions League-finale.

Barcelona kom frå ein komfortabel 5–1 siger – i det første oppgjeret mot Wolfsburg, men i returmøtet skulle dei få det langt tøffare.

Wolfsburg - Barcelona

VANSKELEG: Wolfsburg bydde opp til kamp mot tidlegare kollega Caroline Graham Hansen.

Foto: TOBIAS SCHWARZ / AFP

Wolfsburg skrudde opp fleire hakk frå møtet på Camp Nou, og to minutt etter pause skåra Tabea Wassmuth kveldens første for vertane. Ti minutt seinare dobla Jill Roord for Wolfsburg, som verkeleg byrja å lukte moglegheita for ein finalebillett.

Dei signalgrøne Wolfsburg-spelarane auka trykket og hadde fleire store sjansar på tampen, men opphentinga stoppa etter 2–0. Dermed kunne Barcelona juble for finale.

Finalen blir spela på Juventus stadion den 21. mai.

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal