Viking slo Bodø/Glimt 2-0, og Glimt måtte tole sitt første tap sidan 30. juni i fjor. Men det var kapteinen som fekk gjennomgå.
Viking frustrerte gjestene kampen gjennom, og let aldri nordlendingane få lov å spele sitt spel. Det gav seg også utslag i mykje knuffing og krangling. Og i studioet i Discovery+ var ekspertisen ikkje nådig med det Glimt heldt på med.
– Dei er udisiplinerte og usympatiske. Det er alt anna enn grunnen til at ein blir glad i dette Bodø/Glimt-laget, sa Christian Gauseth.
– Dei verkar veldig ute av balanse og ikkje spesielt til stades, la han til.
Han sikta spesielt til at kaptein Ulrik Saltnes like før utvisinga sette eit kne i ryggen på ein liggande Viking-spelar.
Innbytar utvist etter to gule
– Det er veldig stygt av Saltnes. Eg blir nesten litt sint når eg ser det, for det er så usympatisk gjort. Det har ingenting med fotball å gjere. Og så følgjer Victor Boniface opp. Han er oppi halsregionen på Brekalo, det er sjølvsagt et gult kort og påfølgjande raudt (to gule), sa Gauseth.
Saltnes seier han ikke gjer det med vilje, men at han prøver å få ballen, og at det ser dumt ut.
– Nei, det er unødvendig av meg. Eg blir irritert for at han held meg nede og så trur eg at han skal halde ballen, men så gjer han ikkje det, sa Glimt-kapteinen.
– Om vi skal gå gjennom denne kampen med video i ettertid, venter jg mange reaksjoner.
Det blei eit lite hyggeleg besøk for Bodø/Glimt i Stavanger søndag. I tillegg til tapet måtte den regjerande seriemeisteren avslutte med ti mann. Victor Boniface blei utvist etter sitt andre gule kort.
Tapet er Glimts første i serien sidan 0-1 for Sandefjord 30. juni i fjor.
– Vi vinn fortent
Viking leia 1–0 i pausen etter scoring av Zlatko Tripic i det 26. minutt. Samuel Fridjonson skaut, skotet blei blokkert, men ballen gjekk til Veton Berisha. Hans skot gjekk rett på Tripic og i mål.
– Vi er altfor urytmiske i det vi gjer. Vi må opp eit hakk, sa Glimt-trenar Kjetil Knutsen til Discovery i pausen. Og sette inn Victor Boniface og Amahl Pellegrino frå start i andre omgang.
Men det hjelpte ikkje. Det var Viking som scora igjen. Dommar Tore Hansen var på veg til å gi Viking frispark, men brukte fordelsparagrafen og let spelet gå. Den fordelen utnytta Viking veldig godt. Ballen enda hos Sebastian Sebulonson, som frå kanten av 16-meteren dundra ballen i mål.
- Vi er strålande nøgde. Dei skaper ikkje stort, og eg synest vi vinn fortent, sa Viking-trenar Morten Jensen. Han kunne gle seg over at over 15.000 tilskodarar kunne juble over sigeren.
Like etter brukte innbytar Boniface olbogen i ein duell. Det gav han gult kort for andre gong i kampen, og då blei det raud. Glimt måtte spele det siste kvarteret med ti mann.