Hopp til innhold

Trur heimebane-fordelen kan ha øydelagt for Magnus Carlsen

BÆRUM (NRK): Etter at Magnus Carlsen vart knust i VM-finala, leitar ekspertane etter svar. Fleire peikar på «heimebanefordelen» som ein mogleg faktor.

HØVIK, NORGE 20191102. 
Magnus Carlsen

TRYKK: Magnus Carlsen tok seg tid til supporterane på veg ut av VM-arenaen.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Trykket rundt Magnus Carlsen har vore enormt dei siste dagane. Fleire hundre fans har møtt opp i Bærum for å ta bilete, få signaturar og stille spørsmål. I tillegg forventar norske og utanlandske journalistar fleire intervju.

Det gjer at fleire lurer på om det eigentleg var ein fordel for Magnus Carlsen å spele VM på heimebane i Bærum.

– Eg trur det er noko i det. På ein måte hjelper det å vere på reise, då er du fullt fokusert på deg sjølv. Når du spelar på heimebane er det mykje stress og press på å framstå på ein god måte, seier Daniel Rensch.

Fishersjakk finale

SØLV OG GULL: Magnus Carlsen og Wesley So under premieutdelinga etter VM i fischersjakk.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Finn ikkje rytmen

Carlsen fekk sjølv spørsmål om korleis det var å spele VM på heimebane, men var lite snakksalig etter VM-nederlaget. Han brukte ein del tid på å signere autografar og ta bilete med dei oppmøtte før han hasta seg ut frå VM-arenaen.

– Det høyrest rart ut at han er ukomfortabel, men det er noko i det. Du finn ikkje heilt rytmen i det. Familien din er der, kjærasten din er der, og det er ein del ting å ta omsyn til. Det er interessant, og eg er ikkje overraska om det har hatt noko med det å gjere, seier Rensch til NRK.

Hans medkommentator på dei internasjonale VM-sendingane, Yasser Seirawan, er delvis usamd.

– Det er alltid positivt å spele på heimebane, seier Seirawan, før han legg til:

– Men ein ting veit eg heilt sikkert. Under Carlsens første VM-kamp ville alle dei indiske reporterane snakke med Vishy Anand. Magnus snakka ikkje språket, og måtte ikkje gjere like mange intervju. Han fekk pause, og slappa av, seier Seirawan.

Yasser

HYLLER SO: Yasser Seirawan er svært imponert over kor godt So har spelt under VM i fischersjakk.

Foto: JØRUND WESSEL CARLSEN / NRK

– Med det i bakhovudet, veit eg at Vishy heller ville ha spelt i Oslo. Eg veit at dette har vore ein bra stad for han, men det er òg ein del ulemper, seier han.

Hyllet Wesley So

Carlsen har tidlegare vore klar på at han ikkje ønsker å spele eit VM i vanleg sjakk på heimebane. Presset er stort på heimebane, og nordmannen vil helst spele VM ein eller annan stad i verda, og tidlegare i år trekte Stavanger sønkaden om VM i 2020, etter press frå Magnus Carlsen.

Ved sida av heimebanefordelen er sjakkekspertane klare på ein ting.

– Wesley har spelt sin aller beste sjakk. Han har ikkje gjort feil. Samtidig har ikkje Magnus spelt bra. Han har vore frustrert og ikkje følt seg bra, seier Seirawan.

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal