Hopp til innhold

Landslagstrenaren innrømmer «frykteleg ubehag»: – Får meg uvenner

Dei neste timane, dagane og vekene skal Eirik Myhr Nossum gjere val som vil endre folks liv.

Eirik Myhr Nossum

STJERNER I SIKTE? Her speidar Eirik Myhr Nossum etter norske VM-håp i Les Rousses søndag.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

Toppidrett er ikkje nødvendigvis rettferdig, men det skal heller ikkje vere ekstremt urettferdig. Og det er det det opplevast som for enkelte, seier mannen som er trenar for det norske distanselaget i langrenn for herrar.

Noreg har fleire verdsklasseløparar enn talet på plassar på VM-laga. Moglege verdsmeistrar kjem ikkje til start. Det set kjensler i sving i hus og heim, men aller mest blant dei det angår – dei som drøymer om moglegheita.

Eirik Myhr Nossum

MÅ BESTEMME SEG: Tida er inne for at Eirik Myhr Nossum saman med resten av landslagsleiinga må gjere sine val.

Foto: Heiko Junge / NTB

Eirik Myhr Nossum har makt til å bestemme kven som får denne moglegheita, og ikkje minst kven som ikkje får ho. Saman med sprinttrenar Arild Monsen og langrennssjef Espen Bjervig tek han ut først troppen og så laga til dei enkelte distansane under VM i Planica i februar/mars.

Kanskje får dei første utøvarane ein beskjed kviskra i øyret allereie i kveld.

– Kan endre livet deira

Konkurransane i Les Rousses denne helga er det siste høvet løparane har til å vise at dei fortener sjansen til å kjempe om edelt metall.

Etter den klassiske 20-kilometeren søndag, sa Didrik Tønseth rett ut til NRK at det viktigaste var å slå dei andre norske. Han slo mange. Snart får han vite om det var mange nok eller om han må sjå på at lagkameratane kjempar om VM-medaljar.

IQYd5Bch4JM

KLAR TIL Å ARGUMENTERE: Eirik Myhr Nossum håpar å ha klare svar når vraka utøvarar kjem til han med frustrasjonen sin.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Eg lyg viss eg seier at eg står supergodt i det, for eg synest det er frykteleg ubehageleg. Det er ikkje fordi eg er konfliktsky, men fordi eg synest det er så lett å slå i hel mine eigne argument fordi det er så jamt, seier han.

Tønseth meiner eit rekneark over resultata i vinter bør liggje til grunn. Andre håpar landslagsleiinga ser vel så mykje på tidlegare merittar. Alt etter korleis eigen formpil har peika gjennom vinteren.

Nossum er smerteleg klar over at hans val har ekstreme konsekvensar for enkeltmenneske.

Dei legg livet sitt i det her, alle ofrar like mykje, alle veit at å få stille på ein VM-distanse, kan endre livet deira. Økonomisk, status, det er mykje som ligg i det. Og så sit eg med makta til å bruke pennen til å stryke det eine namnet, seier Nossum ettertenksamt.

Dei tre neste vekene får eg meg uvenner. Det veit eg.

Mistrivst med eigen reaksjon

Han snakkar av erfaring etter å ha stått i mange stormar. Midt under OL i Beijing for snart eit år sidan, var det Emil Iversen som gjekk ut i media med eit angrep.

Det har for meg vore ganske skremmande, vanskeleg å ta omsyn til og det drygaste eg har opplevd. Eg kjenner eg har vorte dolka i ryggen, sa Iversen til NRK etter å ha vorte vraka frå ein distanse han meinte han først hadde fått klarsignal til å gå.

Les også: Sønderknust Iversen nådeløs mot ledelsen – føler seg lurt etter vraking: – Blitt dolket i ryggen

Bjervig og IVersen
Bjervig og IVersen

Eg toler at folk er sinte på meg, at folk er lei seg og skuffa og alt det, seier Nossum.

Reaksjonen deira fryktar ikkje eg. Det er reaksjonen min eg mistrivst med. Det er den som er slitsam. Og i verste fall så går det eigentleg utover kor flink du klarer å vere neste dag på jobb, for du bruker mykje energi på det, og det skal eg ærleg innrømme. Eg er ikkje noko god til å hoppe vidare til neste tue og liksom vere ferdig, erkjenner landslagstrenaren.

Den tøffaste vrakinga

Av alle vala han har gjort – eller vrakingane, som dei gjerne blir kalla i media – er det éin som peikar seg ut. Det var då han måtte gi Simen Hegstad Krüger beskjed om at han ikkje fekk gå VM-tremila i Seefeld i 2019.

Krüger

VART VRAKET: Simen Hegstad Krüger fekk ikkje sleppe til på tremila i 2019. Her går han femmila på VMs siste dag, der han vart nummer fem. Lagkompisen Hans Christer Holund tok gullet.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Den var røff. Han var openbert kvalifisert og ikkje minst han var olympisk meister for eit par kvarter sidan, seier Nossum.

For Krüger vann altså same distanse i OL sesongen før.

Då måtte eg ha nokre ekstra dagar på meg for å finne orda til det. Så utan at eg gret, var eg ganske fråverande på heimebane, seier Nossum.

Krüger er ein løpar som fleire gonger har vore på vippen. Han gløymer heller ikkje beskjeden frå Nossum i 2019.

Det er ein tøff beskjed å få. Ein veit jo at det er tett om plassane og at det er frykteleg små marginar. Men ein håpar jo i det lengste at ein er akkurat innanfor, seier Krüger.

I det tilfellet meinte han også at han burde vore innanfor.

Eg vart ikkje sint. Men eg sa klart frå at eg burde gått. Det syntest eg, stadfestar han.

Magekjensla

Simen Hegstad Krüger forstår dilemmaet til trenarane. Sjølv er han endå ein gong på vippen. Han var sterk i Davos før jul og i Tour de Ski, men så fekk han korona. I Les Rousses i helga fungerte ikkje kroppen i det heile.

Også andre utøvarar NRK snakkar med i Les Rousses har forståing for uttaksknipa til trenarane, i ein sesong der norske herreløparar har dominert meir enn nokon gong. Sjølv verdscupsiger gir ingen garanti for VM-start.

Eg er glad det ikkje er eg som skal ta ut laget, seier den eine etter den andre.

Tysdag blir den norske VM-troppen offentleggjord. Der er det plass for 12 herreløparar. Jobben med å velje dei fire rette til kvar øving held fram inn mot VM. Resultata ligg der, og landslagsleiinga ønskjer å gjere så objektive uttak som mogleg.

Av og til har utøvarar så like resultat at det ikkje er mogleg.

Så sit eg her og berre kan krysse dei av lista fordi eg den dagen hadde ei magekjensle på same måte som at eg i dag hadde ei magekjensle på at eg et frukostblanding og ikkje brødskiver, seier Eirik Myhr Nossum.

Eirik Myhr Nossum

BETENKT: Eirik Myhr Nossum er vand til å ta tøffe avgjerder som landslagstrenar. Her frå Tour de Ski.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Siste nytt

  • Geiger spurtslo Riiber: – Må bruke det som motivasjon

    Det ble en norsk-tysk duell i lagsprinten i kombinert. Til slutt ble det et spurtoppgjør mellom Vinzenz Geiger og Jarl Magnus Riiber.

    Nordmannen tok kommandoen inne på oppløpet, og lå først for å kontrollere. Men tyskeren kom bakfra med en enorm fart, og spurtslo noe overraskende Riiber.

    Dermed ble det andreplass på Jørgen Graabak og Riiber som gikk for Norge 1.

    I den tyske leiren var stemningen god etter lagkonkurransen:

    – Det betyr mye for oss at vi kan stå på toppen, og det gir oss motivasjon til de neste konkurransene, sa Geiger til NRK etter å ha gått over målstreken først.

    – Vi er godt vant, men vi kan ikke vinne hver gang. De vinner på en god dag, sa Graabak til NRK.

    Og la til:

    – Vi er ikke fornøyd med å bli nummer to. Vi må bruke det som motivasjon framover.

    Norge 2, med Andreas Skoglund og Espen Andersen, ble til slutt nummer seks.

  • Leeds stengte eget stadion etter råd fra politiet

    Den engelske fotballklubben Leeds har lukket ned hjemmebanen Elland Road etter råd fra politiet. Alle ansatte er sendt hjem.

    Premier League-klubben bekrefter selv grepet fredag.

    I en melding i klubbens kanaler i sosiale medier heter det at alle klubbens kontorer og virksomheter stenges inntil videre.

    Klubben beklager videre ulempene dette måtte medføre.

    Det opplyses ingenting om årsaken til det uvanlige grepet, annet enn at politiet har vært inne i bildet forut for beslutningen. BBC melder at årsaken skal være relatert til sikkerhet, og at en trussel fremsatt i sosiale medier skal ligge bak.

    Samtlige ansatte i Leeds er sendt hjem.

    Premier League - Leeds United v Southampton
    Foto: PHIL NOBLE / Reuters
  • Dårlig nytt for Rekdal og Rosenborg – skadd spiller må opereres

    Rosenborg-spiller Edvard Tagseth må under kniven etter at han pådro seg en skade denne uken.

    Tagseth skadet seg på trening, melder RBK på egne nettsider fredag.

    Undersøkelser gjort i etter kant av episoden har konkludert med at vingbacken må opereres.

    – Edvard har pådratt seg en kneskade som vil bli operert til uka. Med de nødvendige forbehold ventes han tilbake i løpet av mai, sier RBK-lege Ola Aas i en uttalelse.

    RBK-trener Kjetil Rekdal må dermed klare seg uten forsvarsspilleren i mange kamper innledningsvis i årets seong.

    Rosenborg innleder ligasesongen mot Viking hjemme på Lerkendal 10. april.

    (©NTB)

    4 runde i cupen mellom Viking og Rosenborg
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Nektet å prate om Haaland - så skjedde dette 01:00
Neste