Tyskland levde opp til favorittstempelet i åttedelsfinalen mot Slovakia og kontrollerte seg vidare til kvartfinale mot vinnaren av Italia/Spania.
Og spesielt ein mann fekk vist seg fram, kampens gigant var Julian Draxler. Men ingenting av det Draxler har vist dei siste sesongane tilsa at han fortente ein plass i den tyske EM-troppen.
– Marco Reus var småskada og derfor fekk nok Draxler plassen i troppen. Eg trur ikkje at eg hadde tatt han med i troppen om eg hadde bestemt. Han har vore middels i fleire år, seier Bundesliga-kommentator på Eurosport, Eivind Bisgaard Sundet.
Aldri blomstra
22-åringen har i mange år blitt rekna som eit av dei største talenta i tysk fotball, men det har ikkje gått på skinner for han, sidan debuterten i Bundesliga som 17-åring.
Før dagens scoring hadde det gått heile 1121 dagar sidan sist han scora på landslaget.
– Vi har venta på at han skulle få ut talentet sitt i mange år, og dette var utan tvil hans store gjennombrot i ein kamp på dette nivået, seier Bisgaard Sundet.
Prestasjonane til Wolfsburg-spelaren vakte merksemd på Twitter.
Kampens gigant
Hyllesta av Draxler kjem ikkje ugrunna, berre sjå her.
- I første omgang fullførte han sju driblingar og hadde 89 prosent i treffsikkerheit på pasningane sine.
- Etter 43 minutt lurte Draxler av fleire slovakiske forsvarar på kanten og serverte scoringa 2–0 scoringa til Mario Gómez.
- 59. minutt: Med to mann på seg viste 22-åringen fram dribleferdigheitane sine, og forsvararane skjønte ingenting. Dessverre miste han balansen og snubla ballen utover sidelinja.
- 62 minutt: Fekk stå heilt aleine feltet etter ein corner, og banka inn 3–0 scoringa på volley.
Då er det ikkje rart at klubbar som Arsenal og Manchester United har vore interessert i å signera den tyske vingen i fleire år (sjå video av Draxler-showet øvst i saka).
Totaldominans
Draxler og Tyskland fekk ei draumeopning på kampen, då Jérôme Boateng scora på heil-volley, allereie etter åtte minutt. Det slovakiske forsvaret fekk heada unna ein corner, og ballen hamna på foten til Boateng, som klinka til frå 20 meter. Boatengs første mål, i hans 63. landskamp.
- Les også:
Fem minutt seinare fekk Tyskland ein alle tiders sjansar til å doble leiinga frå straffemerket, etter at Martin Skrtel var for tøff i ein duell mot Mario Gómez. Mesut Özil gjekk sjølvsikkert fram, men keeper Matús Kozácik gjekk rett veg og redda.
– Overraskande at Özil ikkje prøvde å sentra for å få målgjevande, melde den tidlegare engelske-landslagsspissen, Gary Lineker på Twitter.
Gómez fiksa 2–0 rett før pause, før Draxler sementerte sigeren med si 3–0 scoring i andre omgang, og sende Tyskland til kvartfinale mot vinnaren av Spania/Italia.