Hopp til innhold

Akrobatiske Boateng redda Tyskland: – Korleis heldt han den ute?

Jérôme Boateng forbløffa sjåarane, då han på akrobatisk vis redda seg sjølv frå eit sjølvmål.

Fotball-EM 2016

I SISTE SEKUND: Sjå kor nære Boateng var å scora sjølvmål.

Laster innhold, vennligst vent..

– Han har vore ein brannslukkar ved fleire høve og han gjer ei dobbel-redning der, seier Dan Eggen i NRK-studio i pausen, om Boatengs akrobatikk.

Situasjonen Eggen snakkar om skjedde med knappe ti minutt att til pause. Yevheniy Konoplyanka fekk stå heilt aleine på bakre stolpe, etter eit flott innlegg frå Andriy Yarmolenko.

Konoplyanka fekk avslutta, og ballen gjekk i kroppen på Jérôme Boateng, som var centimeter unna å sette ballen i eige mål.

Ein ryggande Boateng var på veg inn i nettet, men klarte på mirakuløst vis å få kasta ut foten og sparka vekk ballen som var på veg inn i målet.

Dei ukrainske spelarane ropte på scoring, men reprisen viste at Boateng fekk ballen unna i siste sekund.

– Korleis heldt han den ute? Skulle ønske eg hadde ferdigheiter som det, melder tidlegare Liverpool-spelar, Jamie Carragher på Twitter.

Soccer Euro 2016 Germany Ukraine

ARMAR OG BEIN: Det var mykje armar og bein på Jérôme Boateng, i sekunda før han redda på streken.

Foto: Darko Vojinovic / Ap

Hummels-vikar scora

Tyskland var storfavorittar før kampen, men det var Ukraina som fekk den beste starten. Kantspelar Yevheniy Konoplyanka fekk godt treff på eit skot frå 20 meter, men Manuel Neuer fekk slått ballen ut til corner.

Men Tyskland tok oppskriftsmessig leiinga. Eit frispark vart slått inn av Toni Kroos og i feltet steig Shkodran Mustafi til vêrs og heada Tyskland i leiinga. Mustafi starta kampen då førstevalet, Mats Hummels, er skada.

– Han er tett på, men han ligg framfor spelaren. Regelen er at ein skal ligge mellom angriparen og mål, seier NRKs ekspertkommentator, Tom Nordlie, om markeringsspelet i forkant av scoringa.

Fotball-EM 2016

SCORINGA: Toni Kroos fann Shkodran Mustafi i feltet på eit frispark.

Ukraina fortsette å skape sjansar, trass i at Tyskland dominerte banespelet. Dei hadde ein ball i nettet bak Manuel Neuer, men vart korrekt avblåst for offside.

– Eg syns det opna overraskande med at Tyskland slo mykje i bakrom. Etter kvart gjekk dei over til meir ballbesittande spel og dei har vore det beste laget, trass i at sjansestatistikken viser noko anna, sa Tom Nordlie om første omgang.

To minutt på overtid sette innbytar Bastian Schweinsteiger inn 2–0 scoringa etter ein kontring.

– Det er min styrke å ta sånne løp. Det er utruleg når sånne ting skjer i fotball. Eg har berre 300 minutt med speletid denne sesongen, seier Schweinsteiger etter kampen.

Tyskland har saman med Spania vunne EM tre gonger, sist for 20 år sidan i England i 1996. I 2008 tapte dei finalen mot nettopp Spania.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Nicolai Budkov Kjær ute av Stockholm Open

    Nicolai Budkov Kjær (19) viste gode takter selv om det ble umiddelbar exit mot tennisprofilen Marin Cilic i Stockholm Open.

    Bygdøy-mannen tapte 1.-rundeoppgjøret med settsifrene 5-7, 3-6. På veien hadde han mye godt backhandspill, men greide ikke å stoppe rutinerte Cilic.

    Nylig vant unggutten sin fjerde tittel på challenger-nivå, nivået under ATP. Han er for tiden oppe på 136.-plass på verdensrankingen.

    – Han har spilt kjempegodt i det siste. Han er på vei mot topp 100, sa tennisekspert og -kommentator Christer Francke til NTB tidligere i måneden.

    Cilic møter Casper Ruud i neste runde av den svenske hardcourtturneringen. 37 år gamle Cilic vant US Open i 2014 og har 21 titler på ATP-touren.

    (NTB)

    Nicolai Budkov Kjær
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Brasil-kollaps i Tokyo

    Carlo Ancelotti har kun vunnet tre av sine seks første kamper som Brasils landslagssjef. Tirsdag ble det 2-3-tap for Japan.

    Det skjedde etter en mektig snuoperasjon av vertene, som lå under 0-2 til pause. Seieren var Japans første over Brasil på 14 forsøk.

    Paulo Henrique ga brasilianerne ledelsen med et kraftfullt skudd etter 26 minutter, mens Arsenal-profilen Gabriel Martinelli doblet den kort tid etter.

    Etter hvilen reduserte Takumi Minamino tidlig, og lagene var like langt da Keito Nakamura fikset 2-2 etter en drøy time. Ayase Ueda scoret vinnermålet på et kontant hodestøt.

    Ancelotti tok over som Brasil-trener i sommer. Italieneren åpnet med 0-0 mot Ecuador og tapte senere mot Bolivia. Hans tre første seirer kom mot Paraguay, Chile og Sør-Korea.

    – Vi må lære av feilene vi gjorde i 2. omgang. Det største problemet var at vi ikke hadde en god reaksjon på den første feilen, sa Ancelotti etter smellen i Tokyo.

    (NTB)

    Matheus Cunha
    Foto: AFP
  • Brann-spiller får debuten – disse starter for Norge mot New Zealand

    Flere av Norges største profiler har dratt hjem grunnet et hektisk kampprogram.

    Det gjør at Ståle Solbakken gjør sju endringer fra helgens kamp mot Israel.

    Blant spillerne i kampelleveren mot New Zealand er Brann-spiller Eivind Helland, som nå får sin debut for det norske A-landslaget.

    Slik starter Norge:

    Ørjan Håskjold Nyland – Marcus Holmgren Pedersen, Andreas Hanche-Olsen, Eivind Helland, David Møller Wolfe – Oscar Bobb, Patrick Berg, Thelo Aasgaard – Aron Dønnum, Jørgen Strand Larsen, Andreas Schjelderup

    I både Martin Ødegaards og Erling Braut Haalands fravær, er det Patrick Berg som bærer kapteinsbindet.

    Slik starter New Zealand:

    Alex Paulsen - Tim Payne, Finn Surman, Michael Boxall, Francis de Vries – Ryan Thomas, Marko Stamenic – Matthew Garbett, Sarpreet Singh, Ben Old – Chris Wood

    Oppgjøret på Ullevaal starter klokken 18.00. Du kan høre kampen i NRK Radio.

    En gruppe menn i sportsuniformer på en bane
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal