Hopp til innhold

Trøbbel i VM-oppladinga – sendt på akuttmottak med intense magesmerter

Førebuingane til para-VM i Paris blei dramatiske for Ida-Louise Øverland (19). Tidlegare i veka måtte ho hastast til sjukehus.

Ida-Louise Øverland

VOND OPPLEVING: Ida-Louise Øverland fekk ikkje heilt den oppladinga til VM i Paris som ho hadde sett for seg. Men no er 19-åringen klar.

Foto: Trygve Heide / NRK

Ida Louise Øverland pakkar bagen for avreise til det store målet i sesongen: VM i parafriidrett i Paris.

Sist gong ho pakka i same bag var for to år sidan, til Paralympics i Tokyo. Den gong som 17 år gammal debutant.

No har ho langt meir erfaring med i bagasjen.

19-åringen har klare ambisjonar under meisterskapen som går av stabelen frå 8. til 17. juli. Under konkurransen i Tokyo kom ho seg ikkje vidare frå forsøksheata på 100 og 200-meter sprint.

Det skal ho nå, fortel ho målretta.

Ida-Louise Øverland pakker til para-VM i Paris

PAKKA OG KLAR: Forutan alt av kle og utstyr, tek Ida-Louise Øverland med seg ein heil del erfaring i bagasjen.

Foto: Trygve Heide / NRK

– Det er eit stort mål, men eg ønskjer jo sjølvsagt å komme til ein finale. Det er det som hadde vore draumen. No er det litt tøft og det verkar kanskje litt langt unna, seier ho til NRK, som får vere med på pakkinga eit snautt døgn før avreise.

– Eg gler meg veldig, men er også litt nervøs, erkjenner ho.

Kanskje har ei hending, som gjekk føre seg for berre nokre dagar sidan, også påverka nervane. Ei hending som kunne sat heile meisterskapen i fare.

Fekk intense magesmerter

For tysdag kveld byrja sprintaren å kjenne på smerter i mageregionen.

– Eg fekk ganske intense magesmerter og det gjekk ikkje over i løpet av natta, fortel ho.

I staden spreidde smertene seg til ribbeina. Onsdag morgon bestemde ho seg for å dra til fastlegen.

Men på fastlegekontoret sleit dei med å finne ut kva som var gale. I frykt for blindtarmbetennelse vart ho send til akuttmottaket på Ullevål sjukehus.

– Heldigvis var det ikkje det, men det var veldig stressande, for dei nemnde at det kanskje kunne vere det. Då fekk ein sjølvsagt mange tankar.

Ida-Louise Øverland

SIKTAR HØGT: Ida-Louise Øverland fortel at ho har store ambisjonar.

Foto: Tryvde Heide / NRK

Etter diverse testar på sjukehuset heile dagen, vart ho sendt heim med smertestillande.

Etter kvart kjende ho seg betre. Så mykje betre at ho faktisk fylgde planen om å delta i NM på Jessheim. Men av openberre grunnar kjende ikkje kroppen seg bra.

No er ho likevel restituert etter det som vart ei stressande opplading.

– Eg var litt sliten i kroppen, etter ein lang dag på sjukehuset, med lite søvn og lite mat. Men no har eg fått ete masse, fylt på med energi og sove godt, seier Øverland.

Ho held fram:

– Det er ikkje ein gøy beskjed å få, spesielt ikkje så nært ein meisterskap. Eg hadde jo ikkje lyst til å ende opp på eit akuttmottak berre nokre dagar før VM. Men eg fekk heldigvis veldig gode beskjedar der, då. At det ikkje var noko alvorleg.

Nøyaktig kva det var som forårsaka smertene, har ho ikkje fått noko svar på. Det einaste ho veit er at dei er vekke, og at ho no ser framover.

Har nullstilt seg

Tankane rundt hendinga skal ho no leggje bort, for etter å ha komme tilbake etter ein skade korsryggen i oppkøyringa til sesongen, handlar alt om VM.

– Eg har gjort arbeidet som skal gjerast. For ei vekes tid sidan sprang eg sesongbeste, ikkje så langt unna personleg rekord heller. No må eg eigentleg berre samle energi, restituere godt og få nok futt i beina. Eg veit kva eg har inne, seier ho, og understrekar:

– Ein meisterskap som VM er jo stort. Det er noko av det største vi får oppleve i ein idrettskarriere, så då er det eit ekstra press på at ein ønskjer å gjere det best mogleg. Og at ein skal vere i si beste form.

NM friidrett 2021

I AKSJON: Ida-Louise Øverland i aksjon under NM i friidrett i Kristiansand for to år sidan.

Foto: Annika Byrde / NTB

Ho meisterskapsdebuterte under VM i Dubai i 2019. To år seinare deltok ho i Paralympics. Med ein ny meisterskap på trappene er denne erfaringa noko ho tek med seg.

– Eg har lært veldig mykje om korleis ein slik meisterskap er og seriøsiteten rundt det. Men eg har også fått kunnskap om korleis ein burde ete før det startar, kor mykje ein burde sove, og kva ein burde gjere dagen før. No har eg laga mine eigne rutinar, fortel Øverland.

19-åringen trur all den ekstra og erfaringa og kunnskapen ho no sit på, gir henne langt betre føresetnader enn i 2019.

– Eg veit no kva eg kjem til. Eg veit kva eg skal forvente og eg veit kva eg skal gjere.

Siste nytt

  • Belgisk storavis: Van Aert med mål om comeback i norsk ritt

    Visma-stjernen Wout Van Aert har angivelig valgt å sikte seg inn på skadecomeback i Tour of Norway 23. mai, skriver den belgiske avisen Het Laatste Nieuws.

    Van Aert har vært ute av konkurranse siden han i slutten av mars ødela kragebeinet i endagsrittet Dwars door Vlaanderen. Dagen etter ble han operert for skaden, og 29-åringen har siden brukt tiden på å rehabilitere.

    Den belgiske stjernen skal ifølge Het Laatste Nieuws sikte seg inn på å returnere for fullt på sykkelsetet når Tour of Norway tråkkes i gang 23. mai.

    Van Aert har herjet på den internasjonale sykkelscenen de siste årene, og Visma-rytteren har blant notert ni etappeseirer i Tour de France. Kragebeinsbruddet i Dwars door Vlaanderen kom rett i forkant av en lang rekke vårklassikere.

    11. april ble det gjort kjent at årets Giro d'Italia går uten den belgiske 29-åringen.

    – Jeg er skuffet over å miste mitt nest største mål for sesongen, men jeg må prioritere helsen og gi kroppen tiden det tar å bli bra igjen, sa Van Aert etter at beslutningen ble tatt. (NTB)

    Van Aert
    Foto: NTB
  • Femdobbelt mester advarer mot premiepenger i OL

    Storbritannias rolegende Steve Redgrave (62) liker dårlig at friidretten skal belønne alle sine gullvinnere i Paris-OL med 50.000 dollar.

    – Det gir en «oss mot dem»-situasjon. Jeg er imot det, sier Redgrave til BBC.

    Det internasjonale friidrettsforbundet (WA) gikk forrige måned ut med nyheten om prispenger. Ingen grener har tidligere gjort tilsvarende i OL-historien.

    Skulle det bli gull til Karsten Warholm og Jakob Ingebrigtsen, vil begge motta snaut 555.000 kroner. I alt skal det kåres 48 friidrettsvinnere i Paris-lekene.

    – Alle disse er kapable til å tjene betydelig med penger før og etter Paris, så her gir man penger til folk som allerede har det, mener Redgrave. (NTB)

    2Jca4zXpmm8
    Foto: Reuters
  • Medvedev inn på profiltung skadeliste før Roland-Garros

    Flere store tennisstjerner trøbler med skade før prestisjetunge Roland-Garros i slutten av mai. Russiske Daniil Medvedev er usikker på omfanget av egen skade.

    Verdensfireren måtte kaste inn håndkleet etter det første settet i torsdagens kvartfinale i Madrid Open. En trøblete hofte satte en stopper for russeren.

    – Jeg klarte ikke å sprinte, og jeg er litt usikker på om det var på grunn av krampe eller en strekk. Jeg spurte fysioen min om det var fare for å gjøre det noe verre. Han sa at det kunne bli verre om det er en strekk, men ikke om det bare er krampe, sa Medvedev etter kampen.

    I tillegg til Medvedev valgte også verdenstoer Jannik Sinner å trekke seg fra Madrid Open. Carlos Alcaraz returnerte nylig til tennisbanen etter å ha slitt med en skade i høyrearmen. Det er også knyttet usikkerhet til Novak Djokovic, som siden semifinaletapet mot Casper Ruud i Monte-Carlo Masters i midten av april ikke har vært i aksjon.

    Gruskongen Rafael Nadal fortsetter på sin side å jobbe tålmodig mot toppformen etter å ha trøblet stort med ulike skader de siste to årene. (NTB)

    CJGi5d073OI
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal