– Til dømes hadde vi ein episode der ein spelar spurde om kvifor det ikkje vart gitt straffe. Ballen trefte først hovudet og deretter handa til spelaren. Dommaren svarte «Eg veit ikkje». Eg kan ikkje tru at det er mogleg, seier Pierluigi Collina.
Han siktar sannsynlegvis til ein straffesituasjon i oppgjeret mellom Argentina og Nigeria.
Italienaren Collina vart i si tid kåra til verdas beste dommar seks gonger. No er han dommarsjef i FIFA. På VMs første pausedag nytta han høvet til å vurdere dømminga i meisterskapen så langt.
– Veldig rart
Innføringa av VAR – videoassistert dømming – har gjort at det knytt seg ekstra mykje spenning til dommarsjefen si oppsummering av dømminga så langt i VM.
Pierluigi Collina er nøgd med mykje, men altså ikkje alt.
– Ting har stort sett gått greitt, men eg er overraska over nokre ting. Vi i dommarkomiteen har vore tilgjengelege for spørsmål om korleis VAR skal fungere frå desember og fram til VM starta. Likevel er det dommarar som har tatt kontakt med oss under meisterskapen. Det er veldig rart, meiner Collina.
Klar strafferekord
Dommarsjefen seier seg vidare nøgd med at det berre er gitt tre raude kort så langt i VM.
– Det er langt færre enn i andre turneringar vi kan samanlikne med, seier Collina.
Meir diskusjon har det vore rundt alle straffene som er gitt. 24 straffespark er gitt, noko som er soleklar VM-rekord, sjølv om sluttspelet enno ikkje er i gang.
Den gamle rekorden var på 18 straffer i 2002-VM. I Brasil-VM for fire år sidan vart det gitt 13, av dei 10 i gruppespelet.
– Men denne auken har ikkje berre med VAR å gjere. Om vi ser på dei 14 ekstra straffene som er gitt så langt, har berre halvparten kome som følgje av VAR, forklarer Collina.
Og legg til at dei mange straffene i årets VM tyder på at dommarane har fått betre kontroll på kva som skjer i feltet.
PS. Av dei 24 straffesparka har det blitt scora på 18.