Dommaren etter Riise-bråket: – Ikkje bra for fotballen

Trond Ivar Døvle blei kalla for jævla ***** dommar» av John Arne Riise. Døvle meiner han ikkje gjorde nokre grove feil.

Bjørn Helge John Arne Riise

FRUSTERT: Veslebror Bjørn Helge Riise måtte roe ned John Arne Riise etter kampen mot Viking i går.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

John Arne Riise var ikkje særleg blid etter gårsdagens kamp der Aalesund gjekk på sitt fjerde strake tap etter 1-2 heime mot Viking.

Etter kampen skjelte han ut dommar Trond Ivar Døvle, før han sparka i veggen og kom med enda grovare karakteristikkar av dommaren som TV-kamera fanga opp.

– Kjefta på oss etter kampen

– Han kom bort til oss for å kjefte litt på oss etter kampen. Da var han irritert på oss. Riise fekk beskjed om å gå vekk og det etterkom han etter hjelp av lagets kaptein, seier Døvle til NRK.

Han fekk ikkje med seg det Riise sa da han sparka i veggen, men har fått det seg gjennom media i etterkant. Døvle føler seg ikkje krenkt sjølv, men tenkjer på kva signal John Arne Riise som førebilete sender ut.

– Eg tenkjer fyrst og fremst at det ikkje er så bra for fotballen. Eg tenkjer på dei yngre dommarane som flyr ute på banen til dagleg og dei unge spelararane dei skal forholde seg til. Det er ikkje bra at dei opplever den biten der og i verste fall tenkjer at det er greitt, seier Døvle.

John Arne Riise var svært skuffet etter 2-1-tapet mot Viking. Her sparker han i veggen på veg inn til garderoben.

VIDEO: Her får veggen gjennomgå.

Riise beklaga i etterkant karakteristikken av Døvle, men heldt fast på at dømminga var forferdeleg.

– Det var frykteleg dårleg. Det (dømminga) går begge veger, sa 35-åringen da.

John Arne Riise har også lagt ut eit Facebook-innlegg der han legg seg heilt flat.

Til NRK fortel at han har hatt det tungt etter kampen i går.

– Eg sov berre ein time i natt. Eg innser at eg er førebilete for mange og da skal ein ikkje seie slike ting. Det er ikkje noko eg har lyst til å bli kjent for. Det eg seier er heilt feil og det er ingen unnskuldning for at det skjer i kampens hete heller, seier Riise.

Vil vurdere å straffe Riise

Etter ein kort evaluering etter kampen i går meiner Døvle at han la seg på ei grei linje.

– I grove trekk trur eg at me traff relativt bra. Men me har ikkje rokke å evaluere heile kampen ennå. Me vil sjå på konkrete situasjonar i løpet av ettermiddagen eller morgon ettermiddag.

Riise nemnte spesielt ein episode der Døvle ga gult kort til Samuel Adegbenro for å sparke bort ballen nokre få meter.

– Eg håpar eg viste grensa ved å gje det gule kortet. Slik er retningslinjene våre, det er den type handling som skal straffast ved gult kort. Men me vil sjølvsagt sjå på den i evalueringa også, men eg trur den var grei.

Leiar i den juridiske komiteen i NFF, Espen Auberg, seier dei skal ta opp saka til Riise på eit møte i dag.

– Det er noko me ikkje ynskjer i eliteserien, så får me sjå om det er noko som vil medføre karantene. Det er opp til påtalenemnda som me mest sannsynleg sender saka til, seier Auberg.

Han seier påtalenemnda vil sjå på saka i ettermiddag, deretter vil dei involverte få forklare seg, før saka eventuelt blir sendt til disiplinærutvalet for endeleg avgjerd.

– Me har nokon liknande hendingar tidlegare som me kan samanlikne med, seier Auberg.

Siste nytt

  • Storhamar videre i EHF-cupen

    Storhamar slo ungarske Érd 32-27 søndag kveld og er dermed klar for videre spill i EHF-cupen.

    Storhamar vant oppgjøret 60-56 sammenlagt.

    Storhamar
    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
  • Zverev slo Djokovic i finalen

    21 år gamle Alexander Zverev gikk i strupen på Novak Djokovic og vant på imponerende vis finalekampen i ATPs verdenstourfinale i tennis i London med 2-0 i sett.

    Zverev gikk seirende ut med settseirene 6-4, 6-3.

    Britain Tennis ATP Finals
    Foto: Tim Ireland / AP
  • Poklar med nasebrot

    Elverums Tine Poklar braut nasen i 29-28-sigeren over Dinamo Bucuresti søndag. Det bekreftar trenar Michael Apelgren. – Det var en tøff kamp med mange duellar. Så det var synd for vår del, men slik er sporten, seier han til NRK.

    Tine Poklar med nasebrot
    Foto: Hans Andreas Solbakken / nrk

Sendeplan

Kl. Program Kanal