I følge Aftonbladet ønskjer svenske Djurgården å forlenge kontrakta med Høgmo, som samtidig er brennheit som Egil Olsens etterfølgar.
Høgmo nyt stor tillitt i Sverige etter å ha ført Djurgården frå bunnplass og frustasjonar, til trygg plass og håp for framtida.
I går slo Stockholmsklubben serieleiar Malmö 2-0 borte i Allsvenskan. Det førte laget opp på ein tiandeplass på tabellen.
Som NRK tidlegare har meldt ønskjer klubben å beholde nordmannen. Og no meir konkret. Dei vil tilby ei treårskontrakt.
– Vi er i dialog og har starta forhandlingane. Per Mathias skal gi oss svar innan september, og så vil vi ta ei avgjerd. Aller helst ønskjer vi oss ei treårskontrakt, seier Djurgårdens sportssjef Anders Grønhagen til Aftonbladet.
Ingen kommentar
Dermed har fotballforbundet dårleg tid om dei vil ha Høgmo som den neste landslagssjefen etter Drillo. Den eine kandidaten etter den andre ser ut til å glippe, mens forbundet klør seg i hovudet og ventar på om Drillo skal klare det nesten umoglege, å kvalifisere eit middels norsk landslag til VM i Brasil neste sommar.
FC København var dei einaste som var kvikke nok til å hente Ståle Solbakken opp av dvalen, mens Molde, Røkke og Gjelsten allereie er i gang med å førebu ei forlenga og forbetra kontrakt til favoritten Ole Gunnar Solskjær.
– Eg kommenterer ikkje namn. Vi følgjer vår interne tidsplan, er alt fotballpresident Yngve Hallén har å seie til NRK.no om prosessen som akkurat no foregår internt i NFF.
Kan bli størst i Skandinavia
Også Per-Mathias Høgmos munn er lukka når landslagsjobben blir tema.
– Det kommenterer eg ikkje, seier Høgmo, men stadfestar samtdig at han er i dialog med Djurgården og meiner at klubben har eit enormt potensial.
– På sikt har klubben mulegheit til å bli ein av dei største i Skandinavia. Med ny arena, mange tunge aktørar i ryggen og med ei stolt historie ligg alt til rette, seier 52-åringen, som er blitt "Per-Messias" på fem månader i hovudstadsklubben.
– Både som leiar og fagmann har dette vore ein utfordrande periode. Resultata har også vore tilfredstillande, men fortsatt er det slik at eg tek "ein kamp av gangen", seier nordlendingen, busatt i Moss, og inntil vidare pendlande til Stockholm.