Arbeiderparti-politikaren er dermed den sannsynlege etterfølgjaren til Høgre-politkaren Børre Rognlien når idrettstinget skal velje ny leiar for dei fire neste åra. Idrettstinget blir halde i Trondheim første helga i juni.
I
får Tvedt følgje av tungvektarar som fotballpresident yngve Hallen og tidlegare finansminister Sigbjørn Johnsen.Den tidlegare fylkesordføraren i Rogaland har vore styremedlem i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komite sidan 2011.
– Eg er først og fremst ein kandidat til styret i NIF, og synest arbeidet som blir gjort der, er svært viktig og interessant, sa Tvedt til Stavanger Aftenblad då det i haust vart klart
.– Eg meiner min etterfølgjar må kome frå eigne rekkjer. Noko anna vil gjere jobben tilnærma umogeleg, sa Rognlien til NTB i haust.
– Ein ekstremt god kandidat
– Eg har berre positivt å seie om Tom. Han er engasjert og let seg engasjere, og er ein ekstremt god kandidat, seier Karette M. Wang Sandbu til NRK. Ho har samarbeidd med Tom Tvedt i idrettsstyret dei siste fire åra.
– Han er uredd, og han kan både vere tydeleg i sine meiningar og lytte til andre. Han utfordrar også det etablerte når han meiner det trengst, seier Sandbu.
Som aktiv handballspelar fekk Tvedt 25 landskampar mellom 1988 og 1992, i tillegg til ei lang karriere for Stavanger IF med to NM-gull og to seriemeisterskap som resultat.
Dei to siste åra har han også vore styremedlem i handballforbundet.
Det var også handballforbundet, saman med Rogaland Idrettskrets, som foreslo Tvedt som presidentkandidat.
Første fylkesordførar frå Ap
Politikaren frå Randaberg vart i 2007 også Arbeiderpartiets første fylkesordførar i Rogaland. Han er framleis gruppeleiar i partigruppa i fylkestinget.
– Tore er ein samlande person, og han er ikkje minst engasjerande. Han er lyttande og kreativ, og han er lett å samarbeide med. Det er ei fin anerkjenning at han er nominert, seier Arne-Christian Mohn, leiar i Rogaland Arbeiderparti.
Tvedt er også fylkesordførarkandidat for partiet ved valet til hausten. Men om han bli vald til idrettspresident i juni, blir det ei utfordring.
– Vi er kjende med dette, og vi har også ein varaordførar-kandidat. Vi skal nok takle utfordringa dersom han blir president, seier Mohn.
Engasjert i handikap-idretten
Tom Tvedt var berre 31 år då han vart vald til ordførar i Randaberg, og sat i åtte år.
Han har også vore salssjef for Tybring-Gjedde, og har ei lang rekke styreverv innan næringslivet.
Tvedt har engasjert seg spesielt i idrett for funksjonshemma, og har sjølv to barn som er blinde.