Hopp til innhold

Stang og stupar, grovfelt og finfelt – Landsskyttarstemnet er langt meir enn Kongelaget

Landsskyttarstemnet er langt frå berre 35 skot på bane og kamp om å bli konge eller dronning. Det er mykje meir enn det.

Det er årets høgdepunkt for alle skyttarar i Det frivillige skyttervesen, og har historie tilbake til 1893.

Landsskyttarstemnet går i rundgang mellom landsdelane, slik at «din» landsdel får stemnet kvart femte år. I 2022 er det i Nord-Noreg, og det er Bestemorenga skytebane i Bodø som er staden.

I løpet av sju dagar, frå 30. juli til 5. august, skal det løysast fleire hundre tusen skot.

Deltakartalet varierer litt. I år er det heller lågt, truleg med restriksjonane rundt koronaepidemien dei to siste åra som den viktigaste årsaka.

Knappe 2800 påmelde skyttarar er 900 færre enn dei som deltok sist stemnet var i Bodø, i 2011, og det lågaste på eit landsskyttarstemne sidan 1976. Det er særleg i rekrutteringsklassene påmeldinga har svikta i år.

Det gjer det likevel til eitt av dei aller største individuelle idrettsstemna i Noreg. Med familiar som tar det som ein del av ferien, blir det kanskje over 10.000 tilreisande.

VIDEO: Ola Lunde summerer opp LS på 120 sekund. Reporter: Hans Andreas Solbakken.

Her er ei oversikt over noko av det Landsskyttarstemnet inneber:

Baneskyting

Skyttarane er inndelte i klasser etter tidlegare resultat. Det er full likestilling, ettersom menn og kvinner konkurrerer mot kvarandre side om side på standplassen.

Dei skyt på 200 meters avstand mot ein blink der tiaren er 10 centimeter i diameter og der ein sirkel i midten markerer innertiaren. Dei er delte inn i klassene 1-5, der klasse 5 er eliteskyttarane. Klassene 3–5 kjempar om konge- eller dronningtittelen.

Alle skyt 25 skot i si innleiande skyting. Dei 15 første blir rett og slett kalla 15-skoten. Den er samansett av 5 liggande skot på 1,5 minutt, deretter 5 ståande på 3 minutt, og til slutt 5 kneståande på 2 minutt.

Så er det 10 skot – 3 ståande, 3 kneståande og 4 liggande – i éin serie på 3 minutt. 10-skoten blir framleis ofte kalla «grunnlaget» etter eit tidlegare skyteprogram der denne serien kom først.

«Omgangen»

Dei beste – cirka 20 prosent av alle – får skyte meisterskapsomgangen, som blant skyttarane berre blir kalla «omgangen». Av desse skal dei 15 beste skyttarane vere i Kongelaget til slutt. Rangeringa av skivene går etter talet på innertiarar dersom poengsummen er lik.

Desse 15 skal skyte ein og ein, slik at den beste – skive 1 – skyt til slutt. Då blir skyttarkongen eller skyttardronninga kåra.

Omgangen er 10 skot liggande på 75 sekund, der geværkolben må vere i bakken og sikringa vere på når standplassleiaren kommanderer «eld».

Dersom dei beste endar på same poengsum, blir det rekna innertiarar for å kåre vinnaren. Er det framleis likt, skal talet på innertiarar i den innleiande skytinga avgjere. Det er nytt av året (Kjelde: Norsk Skyttertidende).

Det er vinnaren her som blir skyttarkonge eller skyttardronning, og det er også denne skytinga som avgjer prinse- og prinsessetittelen.

Marianne Stigen

KONGELAGET: Det er mykje medieoppstyr rundt dei beste skyttarane på ei Landsskyttarstemne

Foto: Jørn Njøs

Vinnaren blir konge eller dronning. Det har skjedd tre gonger at ei kvinne har gått heilt til topps, seinast i 2017. Den beste av kvart kjønn bak vinnaren blir prins og prinsesse.

Klasse 2 har same programmet i den innleiande 25-skoten, med unntak av grunnlaget, som er 6 skot kneståande og 4 liggande.

Også dei yngste får sitt finalelag. Ungdomslaget blei innført i 2019, og er for dei beste under 20 år. Nytt av året er at også dei eldste, dei over 55 år som deltek i klasse 3-5, skal få sitt eige finalelag. Kvart av desse har også 15 skyttarar.

Det tradisjonelle prinsesselaget for dei beste kvinnene, er ikkje lenger på programmet.

Samlagsskyting

Det er Landsskyttarstemnets stafett. Dei 48 krinsane – som her heiter samlag – stiller kvart sitt firemannslag, der kvar skyttar skyt eit grunnlag, altså 3+3+4 skot, i løpet av 3 minutt.

Dei to første etappane skal skytast på 100 meter, og skyttarane skal vere frå klasse 1, 2, aldersbestemte klasser eller veteranklassene. Dei skyt 10 skot liggande på to minutt. Etappe 3 og 4 skal skytast på 200 meter av skyttarar frå klasse 3–5. Programmet er ein vanleg 10-skot (3+3+4) på tre minutt.

Det er også særskilde samlagsskytingar for ungdom og for veteran.

Feltskyting

Denne går føre seg i ei løype ute i terrenget. Skyttarane skyt på ulike figurar og avstand. Dei må gå eit stykke mellom skytingane.

Den innleiande skytinga er 30 skot, fordelt på 5 skytingar á 6 skot. Minst ei av skytingane skal vere kneståande. Det blir rekna treff og innertreff. Skyttarar med like mange treff, blir rangerte etter innertreff.

Dei beste går også her til finalen. Der blir det skote 12 skot. Vinnaren med flest treff samanlagt kan smykke seg med NM-tittelen.

Det nye i år er at noregsmeisteren også får den vesle Kongepokalen. Denne skal gå til feltvinnaren annakvart år. Dei mellomliggande åra går pokalen til noregsmeisteren i skifeltskyting.

Stangskyting

Ein skyt ikkje mot ei stang. Skytinga heiter eigentleg «Oberst Hans Georg Jakob Stangs minneskyting». Det gjeld å skyte så mange treff som mogeleg på to ulike figurar i løpet av 2 x 25 sekund. Utgangen er ferdigstilling. Første figuren – «Småen» – skal vere på ein avstand mellom 125 og 175 meter, den andre – ein firedelsfigur – mellom 200 og 250 meter.

Dei 16 beste etter den innleiande skytinga går til finale og får skyte ein finaleomgang på det kortaste haldet. Dei åtte beste går vidare til ein avgjerande runde på det lengste haldet.

Slik kan stang-finalen sjå ut:

Frå finalen i stangskyting på Landskyttarstevnet i Førde i fjor

STANGSKYTING: I Oberst Georg Stangs minneskyting skal skyttarane treffe to mål flest gonger på 2 x 20 sekund. Slik såg det ut i finalen i fjor

Felthurtigskyting

Her er det også om å gjere å vere rask. Det gjeld å treffe tre ulike figurar i løpet av kortast mogeleg tid. Den siste figuren skal vere lengst unna. Skyttaren skal stå med sikra våpen og med geværkolben i bakken – militært sagt «ved foten gevær» – når han eller ho får klarsignalet. Deretter kastar skyttaren seg ned og tek til å skyte. Den som treffer det tredje målet kortast tid etter at det er kommandert «eld», vinn. Derfor kallast øvinga «stuparen».

Meisteren blir kåra etter ein finale der dei 16 beste frå den innleiande skytinga er med. Der er det duellskyting, der skyttarane møtest to og to. Vinnarane går vidare til neste runde. Finalen blir avgjort som best av tre skytingar.

Slik kan felthurtigfinalen sjå ut:

Frå finalen i felthurtigskyting på Landskyttarstevnet i Førde i fjor

«STUPER'N» I felthurtigskyting gjeld det å treffe tre ulike mål så raskt som mogeleg. Der frå finalen i Førde i fjor

Aldersbestemte klasser

Det er også mange aldersbestemte klasser på eit landsskyttarstemne. Desse skyt stort sett på 100 meter, der tiar-blinken er 6 centimeter i diameter. Ute i felten har dei fleste klassene eit lettare program, såkalla finfelt.

Generelt skyt dei yngste og dei aller eldste berre liggande, medan dei litt eldre juniorane og dei litt yngre veteranane også skyt kneståande.

Dei yngste klassene er rekrutt (11-13 år), eldre rekrutt (14-15 år), junior (16-17 år) og eldre junior (18 år). Veteranane er delt inn i V55 (som skyt på 200 meter), V65 og V73. I tillegg blei det i fjor innført klasse Nybyrjar vaksen.

350 poeng

TREFFSIKKER: Her skyt Hans Kristian Wear 350 poeng på Meistermøtet i fjor, men ingen har greidd det på eit landsskyttarstemne

Framleis ventar vi på den første skyttaren med både 250 poeng på den innleiande skytinga og 350 på heile meisterskaprogrammet.

På eit Landsskyttarstemne, vel å merke. I Meistermøtet i fjor – stemnet som var erstatning for landsskyttarstemna i dei to åra med koronarestriksjonar – skaut Hans Kristian Wear fullt hus.

Før Landsskyttarstemnet har 42 skyttarar skote fullt hus til saman 105 gonger pr. 4. august, ifølgje statistikk frå Norsk Skyttertidende.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal