– Det er ein stor dag for meg. Eg er stolt av å få vere ein del av Vålerenga, seier Ronny Deila.
Deila avkrefta tidlegare i dag at han var klar for Oslo-klubben, men sa dei var i ein god dialog. Den dialogen var det altså Kjetil Rekdal som tok initiativet til.
– At Ronny sit her, det var ein idé eg hadde ganske tidleg
Rekdal var også den som tok kontakt med Deila og fekk han til å ta jobben.
No er det altså klart at Deila blir ny trenar, medan Rekdal går over i rolla som sportsleg leiar.
– Eg gler meg veldig til å vere ein bidragsytar til at denne klubben kjem dit den skal, seier Rekdal.
– Me vil at pila skal peike oppover igjen, legg han til.
Ikkje bekymra for nedrykk
Vålerenga ligg på nedrykksplass i eliteserien, med berre 11 poeng på 15 kampar. Deila er likevel ikkje redd for at Vålerenga skal rykke ned denne sesongen.
– Det tenkjer eg ikkje på i det heile. Den tid den sorg, men det veit eg ikkje vil skje. Vålerenga har underprestert, difor ser eg det som veldig interessant å gå inn.
Målet hans er å løfte Vålerenga opp i den andre enden av tabellen.
– Eg ser eit stort potensial. Me har ein stor sjanse til å skape ein stabil toppklubb i hovudstaden i Norge.
Han meiner at Rekdal har hatt vanskelege kår og gjort ein god jobb utifrå det.
– Kjetil har vore i ein tøff periode i Vålerenga. Det er mange som har gjort ein god jobb for å halde klubben flytande.
Deila trur at Vålerenga kjem til å snu den negative trenden raskt, og at dei kjem seg over streken.
– No er det meir tryggleik. Pila skal peike oppover. Det er mykje talent i spelargruppa, og eg er lite bekymra for at det ikkje skal gå bra utover hausten.
Rett mann i jobben
Vidar Davidsen, tidlegare Vålerenga-spelar og Viasat 4-kommentator, trur dei har funne rett person.
– Ja, definitivt, han er erfaren og ein av dei dyktigaste fotballfagleg i landet, ein stø person som har masse energi å tilføre.
Davidsen trur også at Deila er rett mann til å takle presset som er i klubben.
– Presset er stort i Vålerenga, men det er berre mild bris i forhold til det han hadde i Celtic.
For å snu skipet meiner han at det må nye tankar inn.
– Dei på finne på noko nytt og klare å snu trenden. Dei må senke ambisjonsnivået, slutte å spele «tiki-taka» og heller spele meir kynisk og direkte.