Det er fare for at Danmark ikkje stiller lag til VM-kvalifiseringskampane mot Sverige fredag og Kroatia neste tysdag.
– Det er djupt beklageleg og svært problematisk at spelarane ikkje møter til trening, seier Danmarks toppfotballsjef Kim Hallberg i ei pressemelding.
Der skriv også det danske fotballforbundet DBU at dei også diskuterer eventuelle konsekvensar om dei ikkje blir samde.
Danmark kom heilt til finalen i EM i sommar, etter mellom anna å ha slått «uslåelege» Tyskland på vegen. Men med mangel på løysing i den pågåande lønnskonflikten kan kvalifiseringa til det neste meisterskapet vere over før det har begynt.
– Vil ikkje vere sirkusartist
Landslagstrenar Søren Randa-Boldt er frustrert.
– Eg hadde håpa at eg skulle vere fotballtrenar, ikkje sirkusartist, seier Randa-Boldt til Danmarks Radio. Han har hatt jobben i to månader, men berre hatt spelarane på trening ein halv time på den tida.
– Fryktar du at manglande trening i dag og eventuelt i morgon vil gå ut over kampen fredag?
– Det kjem det til å gjere, seier trenaren.
– Når spelarane seier at dei ikkje vil møte til kamp, har dei samstundes valt å ikkje stille til kamp, seier Hallberg.
Avlyste privatlandskamp
DBU og spelarane si fagforeining har ikkje blitt samde om ny lønsavtale for kvinnelandslaget og U21-landslaget for menn.
I september blei konflikten mellombels lagt til side, og dei danske fotballjentene stilte opp i VM-kvalifiseringskampen mot Ungarn, ein kamp dei vann 6–1. Men privatkampen mot Nederland måtte avlysast.
Men no nektar dei å møte opp før ein permanent avtale er klar. Den siste månaden har dei forhandla i til saman 70 timar, og både dansk LO og det danske idrettsforbundet har delteke som meklarar.
– Vi spelar ikkje på individuelle vilkår
– Vi har nådd langt i forhandlingane og er nærmare ein avtale enn før. Men vi ønskjer ikkje å forhandle så tett på kampane, fordi det kan verke forstyrrande, seier Hallberg.
Spelarforeininga skriv i ei pressemelding at det var DBU som braut forhandlingane.
– Vi har sagt til DBU at vi er klare til å spele når vi har ein kollektiv avtale. Vi spelar ikkje på individuelle vilkår, seier Pernille Harder, talskvinne for spelarane.
Ho seier at dei er samde om alle prinsipielle spørsmål. Det er økonomien det står på.
– Derfor er det frustrerande at DBU ikkje har vore innstilt på å finne ei løysing, seier Harder.