– Vi er strålande nøgde med nok ein medalje i eit meisterskap. Men bak Henriks sølv har det vore mykje stong ut, seier Løvberg til NRK.
Henrik Christiansen fulgte opp med ein sterk fjerdeplass på onsdagens 800 meter fri, men ellers blei det ein tung norsk dag i bassenget i Glasgow
Verken Niksa Stojkovski, Emilie Løvberg, Susann Bjørnsen og Stina Kajsa Colleou tok seg vidare i sine respektive innleiande heat.
Norge kvalifiserte seg heller ikkje til finalen i lagkonkurransen.
Grundig gjennomgang
No varslar landslagssjefen ei grundig evaluering til hausten.
– Vi hadde eit fantastisk kortbane-EM i desember der 12 av 14 symjarar sette personlege rekordar, i tillegg til fleire norske rekordar.
– Det har vi ikkje klart å følgje opp denne sommaren. Det må vi ha ei grundig evaluering på, seier Løvberg.
Denne gongen var det berre Markus Lie som sette personleg rekord. Den kom på 100 meter rygg med tida 55,52. Men bergensaren var likevel ikkje blant dei 16 beste som gjekk vidare til semifinalen.
Susann Bjørnsen var ein av dei som imponerte i kortbane-EM i København i desember med bronse på 100 meter medley.
Men i Glasgow har det gått tråare. Onsdag kom ho inn som nummer ni i sitt heat på 50 meter bryst med 32,30. For å gå til semifinale måtte ein svømme på tider langt nede på 31-talet.
– Det har vel eigentleg berre vore motgang. Men trass dårleg symjing har vi hatt det gøy, seier Bjørnsen på EMs siste dag.
Dermed står Henrik Christiansen att som frontfiguren og spydspissen i norsk symjing.
«Wake-up-call»
21-åringen smilte og var fornøgd trass fjerdeplassen på 800 meter fri. Rælingen-karen leia finalen etter 450 meter, men det var ingen nedtur at medaljen glapp på slutten.
Tidlegare i meisterskapen sikra han seg sølv på 400 meter fri. Christiansen ble nummer fem på 1500 meter i samme disiplin.
Men bak Christiansen har det vore tynt i denne meisterskapen.
Landslagssjefen meiner symje-Noreg har godt av å få seg ein smell.
– Eg tykkjer faktisk det er greitt at utøvarane møter litt motgang. Vi har hatt mykje positivt i norsk symjing over mange år. Men dette er vår «wake-up-call».
Tøff konkurranse
– Det at vi får ein på trynet må føre til at vi blir endå meir skjerpa og motivert til å gjere ein god jobb når vi kjem heim, seier Løvberg, som har ei klar melding til landslagssymjarane.
– Vi konkurrerer med utøvarar som jobbar steinhardt. Det må vi hugse kvar dag når vi står opp klokka fem for å trene. Vi må jobbe endå tøffare dersom vi skal henge med i internasjonal svømming, seier Petter Løvberg.