Christiansen knust på favorittdistansen i EM: – Kom som eit sjokk

LONDON/OSLO (NRK.no): Ein skuffa Henrik Christiansen måtte innsjå at han var sjanselaus i kampen om EM-medalje på 1500-meter.

SWIM-EUR-SHORT-2015

KNUST AV ITALIENSKE STJERNER: Henrik Christiansen var ikkje i stand til å holde følge med italienarane Peltrinieri og Detti, som tok gull og sølv.

Foto: JACK GUEZ / Afp

Etter eit sensasjonelt sølv på 400-meter mandag, blei det nedtur og 7.-plass på Norges store svømmetalent i London.

I mål var han over halvminuttet bak førsteplassen på distansen som normalt er ein av hans sterkaste.

– Eg er litt usikker på kvifor det ikkje gjekk. Før løpet følte eg meg veldig bra. Dette kom litt som eit sjokk. Eg merkar det at eg ikkje er i toppform no. Då er det kanskje ikkje så rart at eg fekk ein stopp her, seier Christiansen.

19-åringen klokka til slutt inn på tida 15:04:60.

Sjå siste del av konkurransen her:

Gregorio Paltrinieri vant som ventet 1500m under EM i London. Vårt håp Henrik Christiansen skuffet litt.

NORSK NEDTUR: Henrik Christiansen kom i mål til 7.-plass, over halvminuttet bak den italienske vinnaren Gregorio PAltrineri.

Europarekord: – Sjukt imponerande

Allereie etter 500 meter var italienske Gregorio Paltrineri (21 år) så langt framfor konkurrentane at ekspertkommentator Gard Kvale avskreiv resten av feltet i kampen om gullet.

I mål sette Paltrinieri ny europarekord med tida 14:34:04.

– Det han gjør er sjukt imponerande. Eg gler meg verkeleg til å sjå kva han kan få til i OL, seier Christiansen solidarisk.

Då Paltrinieri fossa ifrå låg Henrik Christiansen på 7.-plass av åtte svømmarar.

Etter 1000 meter konkluderte kommentator Ingrid Sørli Glomnes og ekspert Kvåle med at 19-åringen frå Skjetten også var sjanselaus i kampen om medalje.

– Han har rett og slett ikkje dagen, men det er heller ikkje planen at han skal ha ein formtopp under EM. Neste formtopp kjem under OL i august, seier Kvale.

Henrik Christiansen var skuffet etter å ha blitt nummer sju av åtte på favorittdistansen 1500-meter under EM.

SKUFFA: NRKs journalist møtte Henrik Christiansen etter nedturen på 1500-meter.

Tom for krefter

Men sjølv om Christiansen ikkje er i ultimat toppform var han lite fornøgd med sjuandeplassen.

– Eg gler meg til å få analysert løpet for å få svar på kva som gjekk gale. Dette stemte ikkje noko særleg, seier 19-åringen.

– Eg følte bare at eg ikkje hadde særleg med krefter igjen, men det er jo lov å ha ein dårleg dag, seier Christiansen.

Italienske Gabriele Detti (21) kapra sølvet. Ukrainske Mykhailo Romanchuk (19) tok bronsemedalje.

Fredag er det finale på 800-meter. Der er det også forventa at det norske OL-håpet skal kunne kjempe om medalje, men sjølv har ikkje Christiansen dei største forventningane.

– Eg har ikkje så store forventningar sjølv. Eg håpar å kunne omstille meg og svømme godt i morgon, seier Christiansen, som først skal ut i forsøksheat for å komme til finale.

Siste nytt

  • Lie på 11.-plass i Lake Louise

    Det ble en 11.-plass på Kajsa Lie i kvinnenes utfor i Lake Louise fredag. Tsjekkiske Ester Ledecka vant foran Corinne Suter fra Sveits. Stephanie Venier fra Østerrike sikret tredjeplassen. Lie var den eneste deltageren fra Norge i rennet.

    Vickhoff Lie.
    Foto: Christian Hartmann / Reuters
  • Carlsen-seier mot Aronian

    Magnus Carlsen nedkjempet armeneren Levon Aronian og vant det første partiet i duellen om tredjeplassen i Grand Chess Tour-sluttspillet i London fredag.

    Først etter over fem timers spill var partiet avgjort. Kampen om tredjeplassen avgjøres over tre dager.

    VM I Fischersjakk 2019
    Foto: Berit Roald / NTB scanpix
  • Lundby best i kvalifiseringen

    Maren Lundby hoppet 138,5 meter fredag og var best i kvalifiseringen til lørdagens storbakkerenn i Lillehammer. Silje Opseth ble nest beste norske på 6.-plass etter et hopp på 128 meter. Anna Odine Strøm ble nummer ni. Dermed får Norge med tre hoppere.

    Maren Lundby hopper igjen.
    Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal