Cheerleader Eline (18) braut ryggen og fekk kreft: – Eg har slutta å sjå framover

Idrettstalentet Eline Ballestad Dahl var berre 15 år då ho var maks uheldig under ei treningsøkt på trampoline. Så vart vondt til veldig mykje verre.

Eline Ballestad-Dahl har hatt båte brudd i ryggen og kreft. Kjærligheten til cheer har fått henne gjennom det.

Eline Ballestad Dahl har hatt både brot i ryggen og kreft. Kjærleiken til cheer har fått henne gjennom det.

Foto: Privat

– Det som skjedde med ryggen, tok eg eigentleg ganske lett. I alle fall samanlikna med kva eg gjorde med kreften.

18-åringen lener seg framover og viser fram arret ho har på halsen. Eit arr som fortel historia om frykt, utmatting, knuste draumar og kjensla av ei tapt ungdomstid.

Men Eline si historie handlar òg om lidenskapeleg kjærleik til idretten, og enormt med læring i altfor ung alder.

– Eg har slutta å sjå framover. Eg kan sjå fram ei veke, planleggje kva eg skal gjere neste helg, men eg lever her og no. Og eg bruker det ordtaket at det er i motbakke det går oppover. Ein må gjennom noko tøft for å komme seg til toppen, seier Dahl.

Fall pladask

Porsgrunn-jenta hadde halde på med turn i ei årrekkje då ho starta med cheerleading det siste året på barneskulen. Det viste seg å vere ein perfekt match.

– Kva likte du med det?

Eline Ballestad-Dahl og lillesøsteren

CHEER-SØSTRER: Eline og veslesøster Frida då begge dreiv aktivt med cheerleading.

Foto: Privat

– Samhaldet. Alt det koselege vi gjer på trening. Korleis vi har det når det nærmar seg konkurranseoppkøyring. Eg liker berre alt med det. Sløyfene i håret. Draktene. Alt.

Auga hennar lyser opp, og ho snakkar med eit veldig engasjement.

Det var eigentleg lillesøsteren Frida som skulle byrje, men Eline hadde òg lyst til å prøve seg. Ho kom seg inn på eit lag, og i tre år naut ho alt av kva cheerleading hadde å by på.

Så starta nedturen.

«Éin til, éin til, ein til»

Jonsokaftan 2018 dreiv Eline og terpa på baklengs salto ute på trampolinen i hagen, som ho hadde gjort så mange gonger før.

Eline Ballestad Dahl, konsentrert

ALVORLEG: 18-åringen blir prega av alvor når ho snakkar om alt ho har vore gjennom.

Foto: Magnus Helle / NRK

– Eg var eigentleg sliten, og så pressa eg meg sjølv for mykje. «Éin til, éin til, ein til». Og så gjekk det gale til slutt. Eg fekk eit brot i ryggen, forklarer ho, og legg til:

– Då var eg berre 15 år.

Akkurat denne kvelden skulle lagnaden ha det til at det ikkje var nokon vaksne heime, noko som gjorde det ekstra vanskeleg for ungdomsskuleeleven.

– Eg datt på nakken, på ein måte. Mellom skulderblada mine. Eg høyrde at det berre knakk, og så vart eg heilt stiv. Eg fekk veldig vondt i ryggen, men eg var heime åleine. Det var jo det verste.

Mora sat i styret i cheer-klubben på den tida, så ho var med seniorlaget til England på eit stemne. Bonuspappaen var ute på eit ærend, men 15-åringen fekk ringt han og fortalt at ho hadde slått seg skikkeleg.

– Eg kom meg inn, fekk vippa meg ned på senga, og der låg eg resten av kvelden. Det vart mykje eting av smertestillande, minnest Eline.

Brot i ryggen

Trampolineulykka viste seg å vere meir alvorleg enn cheerleaderen såg for seg. Bonuspappaen hennar oppdaga at det var noko som stakk litt ut av ryggen, og dei oppsøkte derfor lege.

– Der sa dei at det var heilt normalt. Men det viste seg jo det, at etter eit år der eg hadde gått med vondt i ryggen, og alle sa at musklane var strokke eller noko sånn, at det faktisk var brot i ryggen.

Eline Ballestad-Dahl i uniform

IVRIG: Eline prøvde å trene som før med brot i ryggen, men smertene hindra henne i å vere på same nivå.

Foto: Privat

Etter å ha vore til både lege og naprapat utan å bli noko klokare - eller at smertene forsvann - fekk førsteårssenioren etter kvart teke røntgen av ryggen. Då kom svaret på kvifor ho hadde hatt så vondt i månadene som hadde gått sidan fallet.

– Korleis var det året der, før du visste kva det var?

– Eg berre heldt fram med trening og alt sånn. Eg kunne jo gå heilt normalt, men eg hadde smerter i ryggen.

– Klarte du å gjere dei same triksa og vere på same nivå?

– Nei, det gjekk ikkje. Men berre det å vere på matta med laget mitt, og det å drive med cheer, det var det beste.

Eline Ballestad Dahl i cheer-hallen

PÅ HEIMEBANE: Det er her i cheer-hallen at Eline trivst aller best, men ho har fått ei ny rolle etter alle helseproblema.

Foto: Magnus Helle / NRK

– Visste ikkje at eg hadde kreft

I same tidsperiode som ho fekk vite at ho hadde eit brot i ryggen, dukka det opp nok eit problem for tenåringen. Ho hadde starta på vidaregåande skule, men sleit med ein type halsbetennelse som ikkje slapp taket.

Fråværsgrensa gjorde at ho prøvde å presse seg så hardt som mogleg ved å møte opp på skulen, men ho hadde feber stort sett heile det første året på vidaregåande, og også ei stund ut i det andre. Det gjorde at ho måtte stå over dei fleste treningane, og at ho heller ikkje orka å vere særleg sosial.

– Men då visste eg ikkje at eg hadde kreft, forklarer ho i dag.

Livet skulle nemleg slengje meir enn ein brekt rygg i Elines retning. Ho skulle få kreft òg.

Eline Ballestad-Dahl før operasjon

OPERASJON: Eline si mor laga denne montasjen av bilete ho tok i samband med kreftoperasjonen.

Foto: Privat

Etter mange månader med dårleg allmenntilstand, feber, vondt i halsen og utmatting, vart ho endeleg teke på alvor.

– Då vart det mykje sjekk i hals og øyre. Eg vart send til MR, der fann dei ingenting. Så var eg ein tur på Ullevål, og der var det hovudsakleg å ta blodprøver, men dei var fine. Så vart eg send til ein lege på sjukehuset i Porsgrunn, og han sende meg vidare til ultralyd. Då byrja dei å sjå at noko var gale.

Biopsi av halsen viste at skjoldbruskkjertelen ikkje var som han skulle, og legane valde å operere han vekk.

– Nokre veker etter operasjonen så sa dei: «Du har hatt kreft».

Det fekk fram ei rekkje vonde kjensler i den då 17 år gamle jenta.

– Eg var redd for å liggje med cellegift og ikkje eksistere og plutseleg døy. Men kreftsjukepleiaren eg har snakka med, ho sa at krefttypen min er ein av dei snillaste. Men det er framleis mykje å omarbeide. Det er jo eit lite sjokk.

Fekk kjærleikssorg

Det har snart gått eitt år sidan operasjonen og den følgjande kreftbeskjeden. Helsa tvinga Eline til å gi seg som cheerleader, men ho trenar no eit barnelag i same klubb som ho sjølv var aktiv i. Det gir henne mykje glede, men ho legg ikkje skjul på at det har vore mentalt krevjande å oppleve så mykje sjukdom, i så ung alder.

– Eg har slite litt psykisk med det. Eg føler at eg har mista heile ungdomstida mi, med berre å liggje i senga nesten heile vidaregåande. Og eg fekk ikkje til å vere utøvar lenger.

Eline Dahl Ballestad har opplevd mye i ung alder

KRIGAR: Eline Dahl Ballestad har kjempa seg gjennom mykje i ung alder.

Foto: Terje Haugnes / NRK

Ho reagerte med ei slags kjærleikssorg då ho innsåg at ho måtte leggje opp, og at det gjekk opp for henne kor viktig idretten faktisk var.

– Og så fann eg vegen tilbake ved å bli trenar. For cheer har faktisk vorte ein ganske stor del av meg. Eg har framleis cheer-drakta hengande på rommet mitt og mange sløyfar frå alle stemne.

– Korleis har du komme deg gjennom alt dette?

– Det er vel mest cheer. Det å få trene småbarn. Og støtta heimanfrå, då, svarer ho kjapt.

No er 18-åringen frisk, ho er lærling i laborantfaget, og ho er cheer-trenar.

– Eg saknar mest stemne, kjenner eg. Å høyre korleis publikum roper, den kjensla når du går av matta, når du veit at du har køyrt det showa, når alle laga sit klare og ventar på at dommarane skal rope opp niande- til førsteplass.

Eline ramsar opp alt ho saknar, men trøystar seg med at ho kanskje kan få oppleve alt dette likevel - berre som trenar.

– I mellomtida ser eg på gamle videoar på YouTube og klappar og roper, avsluttar 18-åringen med eit stort smil.

Eline Dahl Ballestad viser frem medaljer. Rundt håndleddet har hun en "fuck cancer"-armbånd.

GODE MINNE: Eline Dahl Ballestad viser fram medaljar. Rundt handleddet har ho eit «fuck cancer»-armband.

Foto: Terje Haugnes / NRK

Siste nytt

  • Rangert som nummer 7

    Viktor Hovland er 7.-mann på den siste verdensrankingen i golf. Det er bestenotering for nordmannen.

    Hovland har holdt 9.-plassen de to siste ukene, men med helgens triumf i Tiger Woods-turneringen på Bahamas hopper han altså to plasser opp.

    Hovland har nå kun den spanske verdenseneren Jon Rahm og fem amerikanere foran seg.

    Seieren i turneringen var Hovlands tredje for sesongen. For fire uker siden forsvarte han fjorårets seier på Mayakoba i Mexico.

    Helgens turnering, der kun 20 spillere deltok, var en del av PGAs terminliste, men Hovlands seier blir likevel ikke tatt med i PGA-statistikken.

    Espen Kofstad er nest beste nordmann på 318.-plass. Kristian Krogh Johannessen følger like bak på 325.-plass.

    Hero World Challenge - Final Round
    Foto: Mike Ehrmann / AFP
  • Ledet New York City til finale

    Ronny Deila er én finalekamp unna å gjøre New York City til MLS-mester i fotball. Søndag ble det 2-1-seier mot et hardt koronarammet Philadelphia Union.

    Dette er klubbens første finale noensinne.

    Talles Magno avgjorde semifinalen med sin matchvinnerscoring i det 88. minutt. Dermed vant Deilas lag den østlige avdelingen i MLS-sluttspillet, og førstkommende søndag kan New York City krone det med en tittel i finalen mot Portland Timbers.

    Det var målløst til pause, men etter litt over en time tok Philadelphia Union ledelsen etter Alexander Callens' selvmål. To minutter senere utlignet Maxi Moralez.

    Eliteserien fotball Vålerenga - Brann. 1-0
    Foto: Berit Roald / NTB
  • Lorentzen nære verdenscuppallen

    Håvard Holmefjord Lorentzen har hatt en tung sesongstart, men søndag kviknet han til med fjerdeplass på 1000 meter i verdenscupen på skøyter i Salt Lake City.

    Bergenseren klokket inn til 1.07,00 og endte fire hundredeler bak Hein Otterspeer på tredjeplass. Pallen besto bare av nederlandske løpere. Thomas Krol vant foran Kjeld Nuis med tiden 1.06,44.

    Prestasjonen er en opptur for Lorentzen. Inntil søndag hadde 29-åringen denne sesongen vært langt unna de beste. For to uker siden ble han bare nummer 14 på 1000-meteren i Stavanger.

    Lorentzen tok i 2018 OL-sølv på distansen, mens han ble mester på 500 meter.

    World Cup Skøyter
    Foto: CARINA JOHANSEN / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal