Hopp til innhold

Charlton om Mourinho i 2012: – For mykje «besserwisser»

– Mourinho er ein god manager, men det er så langt eg vil gå, sa Manchester United-legenden for fire år sidan. Han var ikkje nøgd med potugisaren sin oppførsel.

Boby Charlton

SKEPTISK: Bobby Charlton er klubblegende i Manchester United og ein av klubbens direktørar. Han har fleire gonger uttrykt skepsis til Jose Mourinho

Foto: OLI SCARFF / Afp

Charltons karakteristikk sikta spesielt til at dåverande Real Madrid-trenar José Mourinho sette fingeren i auget på Barcelonas assistenttrenar Tito Vilanova i 2011 etter tap i den spanske supercupen.

– Ein United-manager hadde ikkje gjort slikt, sa Charlton i eit intervju med The Guardian i desember 2012, og gjekk langt på veg i å fastslå at portugisaren ikkje ville passa i United.

I dag, tre og eit halvt år seinare, er Bobby Charlton framleis ein av direktørane i Manchester United. Og Jose Mourinho er storfavoritt til å bli ny manager i klubben.

I would consider going to Manchester United but United have to consider if they want me to succeed Sir Alex Ferguson. If they do, then of course.

Jose Mourinho 2009

Bobby Charlton overlevde flyulukka i München i 1958 og var krumtappen i laget Matt Busby bygde opp og som vann europacupen ti år seinare.

Legendestatus

Charlton var også sentral på landslaget som vann VM på heimebane i 1966, og har hatt stjernestatus seinare. Sidan 1984 har han hatt direktørtittel i klubben han elskar.

Bobby Charlton har sterke meiningar om kva oppførsel som passar inn i United-kulturen, og har aldri lagt skjul på sin skepsis til Mourinho på det feltet.

– Ville han ha sleppt unna med ei slik handling om han hadde vore manager i Manchester United?

Jose Mourinho
Foto: Carmen Jaspersen / Ap

– Nei. Han er for mykje «betrevitar» etter min smak. Men han er ein god trenar.

I 2012 var Alex Ferguson framleis manager i Manchester United. Han var diplomatisk nok til ikkje å uttale seg negativt om portugisaren.

– Men han likte ikkje Mourinho serleg han heller, sa Charlton.

– Ungdomsfilosofien blir aldri den same

Tre år tidlegare sa han omtrent det same i The Telegraph.

– Han har eit talent. Men om han kjem hit (til United) vil klubbens ungdomsfilosofi aldri bli den same igjen, sa Charlton.

I 2009 var det spekulasjonar om Fergusons avgang. Charlton meinte at Mourinho ikkje ville vere den rette til å vidareføre det Ferguson hadde skapt.

– Han har eit talent, så ikkje misforstå meg når eg seier at eg ikkje vil sjå han her, sa Charlton for sju år sidan.

Tida vil vise kva han seier no dersom Mourinho faktisk blir ny United-manager.

Sportsnyheter

Leverte under press: – Èn av tingene vi har etterlyst

Hode. Venstre fot. Høyre fot. Ada Hegerberg (28) vartet opp med hat trick i skjebnekampen hjemme mot Portugal.

Siste nytt

  • OL-vinner dømt for storming av Kongressen

    Den amerikanske OL-gullvinneren i svømming Klete Keller er dømt til seks måneders husarrest, 360 timers samfunnstjeneste og tre års prøvetid for sin rolle i stormingen av Kongressen 6. januar 2021, melder ABC News.

    Keller var blant de første som ble pågrepet etter kongresstormingen. Keller, som nå er 41 år gammel, erkjente seg skyldig i retten.

    – Jeg fordømmer volden som ble begått den dagen, sa han, og lovet «å ikke gjenta fortidens handlinger».

    Keller deltok i OL i 2000, 2004 og 2008. Han har tatt to gull og ytterligere tre medaljer, skriver NTB.

    Capitol Riot Olympic Swimmer
    Foto: AP
  • Fristil: Eie nummer seks i Big Air-finalen i Beijing

    Friskikjører Sandra Eie ble sjette beste kvinne i finalen i Big Air i verdenscupen i Beijing lørdag.

    Eie var eneste norske utøver som kom seg til finale i både herre- og kvinneklassen. Der skaffet hun seg 139,75 poeng med to hopp på henholdsvis 75,75 og 64 poeng.

    Sveitsiske Mathilde Gremaud vant konkurransen foran britiske Muir Kirsty og Flora Tabanellio (Italia), skriver NTB.

    Freeski landslaget til VM, Sandra Eie
    Foto: Erik Flaaris Johansen / NTB
  • Sprengkulde før Klæbo-renn – svært nær grenseverdiene

    Lørdagens norgescuprenn i langrenn på Gålå blir en svært kald fornøyelse for Johannes Høsflot Klæbo og konkurrentene.

    Lørdag morgen ble det målt minus 17,8 grader på det kaldeste punktet i løypa, melder arrangørene. Grensen for å kunne avvikle renn er på 18 minus.

    Dermed holdt man seg på rett side av grenseverdiene nærmest med knapp margin. Samtidig går deltakerne mot en uhyre kald dag på Gålå.

    10 kilometer klassisk stil står på programmet for både menn og kvinner. Johannes Høsflot Klæbo, som vant fredagens sprint på Gålå, står på startlistene, skriver NTB.

    Klæbo, kald, OL
    Foto: Torstein Bøe / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal