Bustos stod heile kampen ut, men tapte klart på poeng i kampen i Casinoet i Monte Carlo.
No ventar bokseverda på storkampen mellom Brækhus og superstjerna Katie Taylor.
– Det blir den største kampen i bokseverda, seier promotor Eddie Hearn.
– Den kampen kjem vi til å sjå i 2020, lova Hearn etter kampen i Monaco.
Det var aldri tvil om kven som var best i casinoet i Monte Carlo. Bustos var klart underlegen i alle dei ti rundane, og det var tidleg klart at Bustos var sjanselaus. Likevel stod ho løpet ut, og er framleis utan knockout-tap.
Brækhus har no forsvart 25 VM-titlar. Det er tangering av Joe Louis' verdsrekord.
– Cecilia Brækhus har som alltid gjort jobben på trening. Ho boksar teknisk og ikkje minst taktisk som berre ho kan, seier NRKs bokseekspert Anders Werner Øfsti.
– Det einaste det går an å stille spørsmål ved, er at Brækhus ikkje greier å slå ut denne motstandaren. Ho var nære i siste runde, men manglar «KO-slaget». Men ho treng det eigentleg ikkje. Ho er så god at ho boksar ut motstandarane, seier Øfsti.
Brækhus har berre ni KO-sigrar på 36 kampar.
– Men når ho møter Taylor, kan det hende ho kjem til å trenge KOslaget. For Taylor er vanskeleg å bokse ut. Og ho er like god taktisk som Brækhus, seier han.
Taylor er irsk folkehelt, og er ei vektklasse under Brækhus. Ho har vunne alle sine 15 proffkampar, seks av dei på knockout.
Kampen i Monaco var Brækhus' første på nesten eit år. – Det var godt å få vise seg fram, og vere tilbake i boksefamilien, sa Brækhus etterpå, og gav sin motstandar ein god klem.