Hopp til innhold

– Beklagar pappa... men rekordar er der for å bli brotne

For første gong blei det turneringssiger på øvste nivå for ein norsk tennisspelar. Casper Ruud gjorde kort prosess i finalen i steikvarme Buenos Aires. Nå kjem han med eit stikk til sin far.

Casper Ruud

HISTORISK: Casper Ruud blei første nordmann med siger i ei ATP-turnering, og han klatra også til 34.-plass på verdsrankingen

Foto: Gustavo Garello / AP

– Beklagar pappa... men rekordar er der for å bli brotne, skriv Casper Ruud på Twitter.

Den tidlegare tennisproffen er ikkje bitter over at sonen no passerer han som Noregs best rangerte speler gjennom tidene.

Laster Twitter-innhold

– Klart vi har tulla litt med det internt, men det er ikkje noko sånn «haha, no er eg betre enn deg». Eg håper han framleis lèt meg vera sjef over treninga, så kan han vera stolt over at han har vore betre enn meg, seier Christian Ruud til NRK.

I den argentinske hovudstaden var Casper Ruud knusande overlegen sin portugisiske motstandar Pedro Sousa, og vann så klart som 6-1, 6-4.

Sportssjef Øyvind Sørvald i Noregs Tennisforbund jublar over sigeren.

– Har ikkje ord

– Det er heilt fantastisk, eg har ikkje ord. Dette er heilt topp for oss, for Casper og for laget og alle som har venta dette i nokre år. Så har vi fått ein siger, seier Sørvald til NRK.

Han seier at det som har skjedd er veldig stort.

– Ein ting er å gå nokre rundar i ei turnering, men å spele seg fram gjennom fire rundar til finale og vinn den, det er heilt enormt, seier han.

– Dette er ein av dei største idrettane i verda, og når du vinn ei turnering, har du markert deg skikkeleg og blir lagt merke til, seier Sørvald.

– Har rekkevidde som er blant dei beste

Casper Ruud

TOK POKALEN: Casper Ruud kunne løfte trofeet allereiei i si første grus-turnering denne sesongen

Foto: Gustavo Garello / AP

Han meiner Ruuds spel i finalen ikkje var det aller beste.

– Han serva ikkje på sitt beste i dag. Men han har vist godt spel gjennom turneringa og slått gode spelarar. Han har ei rekkevidd som er blant dei aller beste og henta opp dei mest utrulege ballane, seier Sørvald.

– Eg trudde han skulle vinne ei turnering i løpet av året. Men at det skulle skje i den første grusturneringa, hadde eg ikkje trudd.

Casper Ruuds far Christian har vore nervøs, men synest sonen har spela mykje god tennis desse dagane.

– I dag var det kanskje vanskeleg å møte ein som var litt skadd. Det var inga enkel oppgåve, seier ein stolt pappa.

Christian seier det var målet for sesongen å vinne ei turnering.

– Det er mange gode spelarar som har gått gjennom karrieren utan å vinne ein tittel, så det er ekstra stas.

Kampen blei aldri spennande, og var over i løpet av ein time og 10 minutt. Ruud braut Sousas serve allereie i det andre gamet, og hadde full kontroll i første sett. Sousa heldt seg fleire gonger til leggen og hadde tydeleg vondt. Men han gav ikkje opp, han tok heller ikkje den medisinske pausen som han hadde lov til.

Det hjelpte så lite. Sousa – som er rangert hundre plassar bak Ruud på verdsrankingen – makta sjeldan å gi Ruud sterk motstand.

Som i semifinalen laurdag blei kampen avbroten då ein tilskodar kollapsa i den kraftige varmen. Det skjedde då Ruud hadde settball i første sett.

Den ballen omsetta han i settsiger i første forsøk då kampen kom i gang igjen etter fem minutt.

Det same skjedde i semifinalen, då Ruud tok med seg vassflasker til den uheldige tidlkodaren.

Full serve-kontroll

I andre sett braut Ruud motstandarens serve allereie i første game, og såg seg ikkje tilbake. Men Sousa tok eit blankt game då han reduserte til 2-3, og heldt sine siste servegame.

Men det hjelpte ikkje portugisaren så lenge Ruud hadde full kontroll over eigne servegame. Sousa hadde ingen breakball gjennom heile kampen, men yppa seg i det aller siste gamet då han leia 30–15 og hadde seinare 40–40 i Ruuds servegame.

Før nordmannen slo kraftig tilbake og avgjorde settet og kampen.

Casper Ruud hadde langt større problem i semifinalen mot Juan Londero laurdag. Der var han berre eit par ballar frå tap, før han nesten mirakuløst snudde kampen og sikra finaleplassen.

Store namn har vunne Argentina Open før. Både Rafael Nadal og Dominic Thiem er blant dei tidlegare vinnarane.

Norsk rekord også på verdsrankingen

Både Casper og pappa Christian har vore i kvar sin ATP-finale før, men begge har tapt – Casper i Houston i Texas i fjor, Christian i Båstad i 1995.

Det var også i 1995 Christian var oppe på 39.-plass på verdsrankingen, det høgaste ein norsk tennisspelar har nådd. Men etter kveldens siger er Casper oppe på 34.-plass på lista som vart offisiell måndag morgon.

– Det er berre gøy. Det har vore eit mål både for han og meg. Han er berre 21, eg var mykje eldre då eg var på mitt beste. Det blir spennande å sjå resten av sesongen, seier Christian.

Ruud fekk ein drøymestart på grussesongen, hans favorittunderlag. Han skal spele ny grusturnering allereie i neste veke, då i Rio. Det er ei litt større turnering, ATP 500. i Buenos Aires var det ATP 250. Talet inneber kor mange rankingpoeng ein får for siger.

Casper Ruuds første kamp der går tysdag.

– No blir oppgåva å nullstille seg, seier Christian. – Etter sigeren er det nok mange tankar og kjensler dei neste 24 timane, det må han prøve å legge til side før kampstart tysdag.

Siste nytt

  • Bytyqi terminerte kontrakten i Tyrkia - trener mot Viking

    Zymer Bytyqi bekrefter overfor Stavanger Aftenblad at han har terminert kontrakten sin med den tyrkiske toppklubben Antalyaspor.

    – Det har vært litt av en prosess og mye stress de siste dagene. Jeg har ikke tenkt så mye på framtiden nå. Akkurat nå ser jeg fram til ro, sier 27-åringen til Aftenbladet.

    Bytyqi gjorde i 2021 overgang fra Viking til Konyaspor, før reisen gikk videre til Olympiakos to år senere. I fjor sommer reiste han tilbake til Tyrkia og signerte for Antalyaspor, hvor han endte med to mål og fire målgivende på 33 kamper.

    Kantspilleren ønsker imidlertid ikke å oppgi noen årsak for hvorfor kontrakten er terminert. Hans opprinnelige kontrakt varte til sommeren 2026.

    Etter bruddet med Antalyaspor, snakket Bytyqi med Viking-trenerne og fikk lov å trene med gamleklubben.

    – Det er veldig hyggelig at jeg får være med. Jeg har ikke hastverk med å finne en ny klubb, sier Bytyqi.

    Han legger til at han har gode kort på hånden, og at han skal trene med Viking så lenge han er velkommen. (NTB)

    Eliteserien 2020: Viking - Vålerenga (2-2)
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Lilleberg og Pettersen ønsker å være med i VM: – Selvfølgelig har jeg lyst

    De to USA-proffene Emil Lilleberg og Mathias Emilio Pettersen har forsikret landslagssjef Tobias Johansson om at de ønsker å bidra for landslaget under VM.

    Spillerne er riktignok avhengig av hvordan det går i sluttspillet for sine respektive lag. Lillebergs Tampa Bay Lightning ligger under 0-3 i kamper mot Florida Panthers, mens Emilio Pettersens Texas Stars slo ut Manitoba Moose og møter Milwaukee Admirals i en best av fem-serie.

    – Jeg spiste middag med Emil for en måned siden, og han var veldig positiv til VM-spill når han er ferdig der borte. Men det er usikkert om Tampa vil sende ham til Syracuse, eller hva som skjer når de eventuelt ryker ut, sier Johansson til nitten.no.

    Første kamp for Emilio Pettersen & co. spilles først 2. mai. Serien avsluttes så sent som 12. mai, dersom de spiller alle de fem kampene.

    – Jeg prøver å ha fokus på sluttspillet her nå, men selvfølgelig har jeg lyst til å spille VM om det åpner seg opp en mulighet for det, sier Pettersen.

    – Kan du reise dersom dere ryker i neste runde med Texas Stars?

    – Jeg er usikker på hva som skjer med Dallas i sluttspillet, så jeg må ta det som det kommer da. Jeg kan ikke si noe 100 prosent nå, svarer han.

    Fra før har veteranene Mats Zuccarello og Patrick Thoresen stilt seg tilgjengelig til verdensmesterskapet i Praha, som spilles fra 10. til 26. mai.

    (©NTB)

    eFmZjB-LXIs
    Foto: NTB
  • Klopp om mulig arvtager: – Høres veldig bra ut

    Jürgen Klopp uttaler seg veldig positvt om Arne Slot, som er i detaljer om å bli Liverpools nye manager.

    Tidligere denne uken tok klubbens jakt på Klopps erstatter en klar vending. Slot ble pekt ut som favoritt, og torsdag bekreftet Feyenoord-treneren at han er i samtaler med Liverpool.

    På fredagens pressekonferanse fikk Klopp spørsmål om nederlenderen, og sa at han liker mye ved det.

    – Jeg er ikke involvert i prosessen, men jeg liker måten laget hans spiller på. En god trener og en fin fyr. Hvis han er mannen, så blir jeg mer enn fornøyd, sier Klopp.

    – Det er ikke opp til meg å bestemme, men det høres veldig bra ut, forsetter den avtroppende Liverpool-manageren. (NTB)

    Jürgen Klopp
    Foto: Andrew Boyers / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal