CAS omgjorde Mutko-dom

Den internasjonale idrettsdomstolen CAS har annullert IOCs livstids-utestenging av den tidlegare russiske visestatsministeren Vitali Mutko.

I desember 2017 blei Mutko utestengd på grunn av hans medverknad i systematisk russisk doping, spesielt under OL i Sotsji i 2014.

CAS meiner utestengingsvedtektene berre gjeld aktive, trenarar og medlemmer av OL-delegasjonar, og at utestenginga av Mutko ikkje har juridisk grunnlag.

Mutko
Foto: Sergei Karpukhin / Reuters

Siste nytt

  • Forfang best av dei norske

    Johann André Forfang blei nr 9 og beste nordmann i hoppkvaliken i Zakopane. Dawid Kubacki var best.

    Fem av seks nordmenn kvalifiserte seg. Daniel André Tande (nr 18), Marius Lindvik (22), Robert Johansson (33) og Robin Pedersen (34) skal vere med søndag.

    Andreas Granerud Buskum er ikkje kvalifisert.

    Switzerland Ski Jumping World Cup
    Foto: Alexandra Wey / AP
  • Norge ikkje til EM-finalen

    Norge tapte for Kroatia 28-29 etter fire ekstraomgangar i semifinalen. Det betyr bronsefinale laurdag. Sigersmålket kom to sekund før slutt.

    Motstandar i bronsekampen blir enten Spania eller Slovenia.

Sendeplan

Kl. Program Kanal