Hopp til innhold

Dopingdømt kenyanar med Ingebrigtsen-plan - Rodal avfeiar sjansane

Korleis slå Jakob Ingebrigtsen? Det er spørsmålet den kenyanske løpestjerna Elijah Manangoi (30) ønskjer å finne svaret på før VM.

Manangoi Ingebrigtsen

UTFORDRAR: Elijah Manangoi er ferdigsona etter dopingdommen, og håpar å kvalifisere seg til VM i sommar. Der ønskjer han å ta opp kampen med Jakob Ingebrigtsen, med hjelp frå eit par lagkameratar.

Han har slått Jakob Ingebrigtsen fleire gonger, og har i motsetning til nordmannen eit VM-gull på 1500 meter. No håpar Elijah Manangoi å igjen ta opp kampen med Ingebrigtsen.

Verdsmeisteren frå 2017 håpar å klekkje ut ein kenyansk meisterplan saman med Timothy Cheruiyot og Abel Kipsang, to andre gode 1500-meterløparar frå den sterke friidrettsnasjonen.

– Som eit land, må vi setje oss ned saman og diskutere kva som er den beste måten å slå nordmannen på i VM, seier Manangoi til Capital Sports.

Cheruiyot var lenge Ingebrigtsens nemesis, og det var ikkje før i OL-finalen på 1500 meter at nordmannen klarte å slå han. Kipsang kom på 4. plass i det same løpet.

Sommer-OL i Tokyo 2021

OL-MEISTER: Jakob Ingebrigtsen slår Timothy Cheruiyot for første gong. Det sikra han OL-gull.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal ser på Ingebrigtsen som ein suveren einar på distansen akkurat no, og trur det er litt for mykje Egon Olsen over Manangois geniale plan.

– Viss målet er å slå Jakob, bør dei ikkje sitje i ro og planleggje veldig lenge. Då må dei ut og springe. Då må det trenast mykje, rett og hardt, seier Rodal.

– Er det eigentleg mogleg å lage ein lagtaktikk på 1500 meter?

– Nei, det er vanskeleg utan å vere ufin eller ved å utfordre reglementet. Det er krevjande. Når éin løpar er sterkare enn dei andre, må målet for å bli betre vere god trening.

Vebjørn Rodal

EKSPERT: Vebjørn Rodal følgjer friidretten tett.

Foto: Lise Åserud / NTB

Tilbake frå dopingdom

Manangoi fortel at dei store måla hans for sesongen er VM i Budapest i august. Det vil i så fall bli det store internasjonale comebacket hans etter ein dopingdom.

I november 2020 vart kenyanaren utestengd i to år for fleire brot på meldeplikta. Manangoi løp nokon stemnar i fjor, med 3.37.03 som sesongbeste. I år har han sesongdebutert med 3.46,41 - cirka 14 sekund saktare enn Ingebrigtsen sprang innandørs i Lievin i februar.

– Eg synest ikkje han har sett så bra ut i etterkant (av dommen). Eg hadde trua på broren, George, ei stund, men han har ikkje utvikla seg som eg hadde trudd, seier Rodal.

– 1500-meteraen på herresida har vorte tøff sidan sist eg konkurrerte, vedgår Manangoi sjølv.

Han har ikkje svart på NRKs førespurnad om eit intervju til denne saka.

Elijah Manangoi

DUELL: Manangoi og Ingebrigtsen har tidlegare møttest på 1500 meter og engelsk mil. Her frå 2018.

Foto: Kalle Parkkinen Lehtikuva / NTB

Cheruiyot verkar likevel å ha sjølvtilliten på plass. Friidrettslegenda Michael Johnson spurde nyleg på Twitter om det var nokre mellomdistanseløparar som var like kul («swagger») som Ingebrigtsen.

Og fekk klart svar frå kenyanaren.

– Eg skal la deg telje kor mange gonger eg har slått han på 1500 meter/engelsk mil.

«Over the top»

Rodal er mest spent på kva for nokre nye, unge kenyanske stjerner som kjem fram. Han mistenkjer nemleg at Cheruiyot er «over the top» og at det byrjar å røyne på for Manangoi òg.

– Dei må ta inn over seg at det må gjerast ein ekstremt god jobb, det spørst om du rekk det som 30-åring.

Les også Supertider blant rivalane – meiner «Ingebrigtsen-effekten» kan vere forklaringa

Jakob Ingebrigtsen under stevnet i Lievin. Løp 1500 meter.

Rodal trekkjer fram miljøet rundt trenaren Patrick Sang som ei løpegruppe i Kenya med stor suksess. Her har både olympisk meister på 1500 meter Faith Kipyegon og maratonkongen Eliud Kipchoge sin treningskvardag. Sistnemnde har nyleg trekt fram «vitamin N» - evna til å seie «nei» - som ein nøkkelfaktor bak suksessen.

Ein må vie alle krefter til idretten.

– Viss dei skal ta opp kampen med Jakob, er struktur eit nøkkelord. Du må verkeleg bestemme deg for eit opplegg og for å gjennomføre alle aspekt ved det, seier Rodal om planen til Manangoi og co.

PS! Mannen som snytte Ingebrigtsen for VM-gullet på 1500 meter førre sommar, Jake Wightman, mista innandørssesongen med ein skade og er eit usikkert kort før utandørssesongen.

Siste nytt

  • Godt nytt for Brann – Horn Myhre kan rekke Europa-kamp

    Felix Horn Myhre (26) trente mandag og kan bli spilleklar til torsdagens kamp mot skotske Rangers i ligaspillet i Europaligaen.

    – Det er håp. Han var med på trening nå, og så venter vi på hvordan kroppen reagerer på det, sier Brann-trener Freyr Alexandersson, ifølge Bergens Tidende.

    Også BA sitter inne på de samme opplysningene om Branns midtbanejuvel.

    Sistnevnte melder også om at Niklas Castro ikke rekker kampen mot skottene.

    Horn Myhre spilte sin forrige kamp for Brann mot Viking 5. oktober. Han var også tatt ut til landskampene mot Israel og New Zealand, men ble sendt hjem til Bergen igjen etter å ha vært ubenyttet reserve i kampen mot Israel 11. oktober. (NTB)

    en mann i rød skjorte
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Fire «debutanter» til sesongåpning

    Norges Skiforbund har offentliggjort uttaket for kommende helgs åpningsrenn i alpint i Sölden.

    Kvinnene sesongåpner verdenscupen med storslalåm lørdag, mens herrenes renn går søndag.

    Kvinner:

    Thea Stjernesund, Hakadal IL
    Mina Fürst Holtmann, Bærums Skiklub
    Kajsa Vickhoff Lie, Bærums Skiklub
    Madeleine Sylvester-Davik, Tertnes Alpin

    Menn:

    Henrik Kristoffersen, Rælingen Skiklubb
    Atle Lie McGrath, Bærums Skiklub
    Timon Haugan, Oppdal Alpin
    Eirik Hystad Solberg, Skiforeningen Stavanger
    Oscar Andreas Sandvik, Ready Alpin
    Rasmus Bakkevig, IL Heming
    Fredrik Møller, Oppdal Alpin

    Eirik Hystad Solberg, Oscar Andreas Sandvik, Rasmus Bakkevig og Madeleiene Sylvester-Davik får alle oppleve åpningsrennet for første gang.

    Eirik Hystad Solberg etter verdenscupdebuten i Kitzbühel
    Foto: Reuters
  • Vant i fjor – trekker seg fra sesongåpningen

    Alexander Steen Olsen trekker seg fra alpinistenes sesongåpning i Sölden kommende helg.

    Det bekrefter Norges Skiforbund. TV 2 omtalte saken først.

    Årsaken er at det unge stjerneskuddet fortsatt sliter med «Jumpers knee». Steen Olsen testet kneet i Sölden i helga, men reiser hjem til Oslo i dag.

    – Kneet fungerer ikke, og jeg reiser hjem for videre sjekk og behandling i samråd med det medisinske helseteamet til forbundet, sier Steen Olsen i en pressemelding fra Norges Skiforbund.

    Alpinisten sto også over flere renn sist vinter med kneproblemer. Til TV 2 forteller han at han nesten ikke har stått på ski i sesongoppkjøringen.

    Sist sesong vant han åpningsrennet, og ble til slutt nummer fire i storslalåm-cupen sammenlagt.

    Han vet foreløpig ikke når det kan bli aktuelt å konkurrere igjen.

    Alexander Steen Olsen
    Foto: Giovanni Auletta / AP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal