Hopp til innhold

Ingebrigtsen blir freista av OL-trippel: – Betre moglegheit er det vanskeleg å få

Sjukdom sette ein stoppar for trippelforsøket til Jakob Ingebrigtsen i EM i fjor. Men i OL neste år leikar han med tanken om å springe 1500, 5000 og 10.000 meter.

Vebjørn Rodal Jakob Ingebrigtsen

ROSAR INGEBRIGTSEN: NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal rosar Jakob Ingebrigtsen for å vere open for ein OL-trippel.

Foto: Lise Åserud/Fabrice Coffrini / NTB/AFP

I neste års OL i Paris stiller Jakob Ingebrigtsen som regjerande olympisk meister på 1500 meter, men det er gode moglegheiter for at han blir å sjå på fleire distansar under meisterskapen.

I etterkant av EM i fjor, der Ingebrigtsen vann både 1500 og 5000 meter, fortalde Ingebrigtsen at han ønskte å prøve på «trippelen» med 10.000 meter i tillegg.

Den gong klarte han likevel ikkje å kvalifisere seg ettersom han vart koronasjuk og måtte stå over løpet han hadde planlagt å kvalifisere seg gjennom.

Sjukdom har han også slite med den siste tida, men no er han tilbake. Onsdag sesongdebuterer han innandørs i franske Lievin, staden der han sat innandørs verdsrekord i fjor med tida 3.30,60.

På spørsmål frå NRK om han «leikar med tanken» om å gå for ein trippel i neste års OL, svarer han:

– Absolutt. Eg er fan av å springe løp og konkurrere så mykje som mogleg, men samtidig er eg veldig klar over det at ikkje skal øydeleggje for det eg liker best, og det er 1500 meter. Men i den grad det er mogleg å gjere fleire ting samtidig, så er eg absolutt med på det, seier han.

European Championships 2022, day 8, Athletics

HERJA I EM: Jakob Ingebrigtsen vann i fjor ein dobbel i EM for andre gong i karrieren, med gull på både 1500 og 5000 meter.

Foto: MATHIAS BERGELD / BILDBYRÅN

Seks løp på ni dagar

NRKs friidrettsekspert og olympisk meister på 800 meter i OL i Atlanta i 1996, Vebjørn Rodal, rosar Ingebrigtsen for å vere open for ein trippel.

– Eg synest det er utruleg fascinerande at ein er så offensiv at ein berre tenkjer tanken. Så er det ikkje sikkert at det er det ideelle, men det er utruleg prisverdig at ein tør å tenkje tanken og vurderer å gjere det i det heile, seier Rodal, og held fram:

– Han er olympisk meister og verdsmeister frå før, så kvifor ikkje gå for noko heilt nytt og «crazy» når ein er ung, offensiv og i sin aller beste alder? Det er no han må gjere det, tenkjer eg, seier Rodal.

Ein trippel i OL vil innebere seks løp på ni dagar Ingebrigtsen. Rodal meiner programmet er gunstig for ein trippel.

– Betre høve til å triple enn det der er det vanskeleg å få. Det er ikkje så lett å leggje opp til eit skjema slik at du kan triple 1500, 5000 og 10.000 meter, seier han.

– Er det nokon som skal gjere akkurat den trippelen der i internasjonal friidrett, så er det Jakob på herresida, seier Rodal vidare.

Den legendariske langdistanseløparen Emil Zátopek er den einaste som har vunne tre lang- eller mellomdistansar i eit og same OL, ifølgje Running Magazine. Tsjekkaren vann 5000 meter, 10.000 meter og maraton (!) i Helsinki i 1952.

Under førre OL i Tokyo stilte Sifan Hassan til start på dei same distansane Ingebrigtsen siktar på. Det enda med bronse (1500 meter), gull (5000) og gull (10.000 meter).

Sjå korleis programmet for ein trippel i OL vil bli her:

Har ikkje studert programmet

Ingebrigtsen sjølv noterer at han ikkje har studert programmet i OL, men samtidig at ein trippel truleg vil vere for krevjande i VM i år. Der er det lagt opp til under éin time frå start på semifinalen på 1500-meteren og finalen på 10.000 meter.

– Kva skal til for å gjennomføre ein trippel?

– Det første er at mange ikkje vil ta den risikoen. Ein må vere relativt grunnsolid trena. Samtidig er ein avhengig av eit godt program, der dei tøffaste fysiske belastningane kanskje ikkje er først. At ein har 1500, som er ein meir spenstig distanse, først og såg 10.000 meter, som er litt seigare, til slutt, er eit draumescenario, seier han.

Finale på 10.000 meter til slutt var tilfellet då Sifan Hassan gjekk for trippelen i Tokyo-OL, som enda med to gull og éin bronse. I OL i 2024 kjem han altså som den første av dei tre finalane.

– Jamt over trur eg folk vil satse på éin og ikkje ta risikoen med å vere på for mykje, for alt påverkar jo det eine eller det andre.

– Det krev mykje styrke å gjere det i eit OL?

– Ja, det gjer kanskje det, seier Ingebrigtsen med eit smil.

Slik såg det ut då Ingebrigtsen tok OL-gull i Tokyo:

– Sikkert motivert av å gjere noko banebrytande

Rodal meiner underhaldningsverdien ved ein eventuell trippel vil vere gedigen.

– Det er morosamt å tenkje nytt og ikkje berre som folk har gjort tidlegare. Det har han tort å gjere i treninga, så då kan han tore å gjere det i konkurranse òg, seier han.

– Han er jo sikkert motivert av å gjere noko banebrytande og av å utnytte denne perioden der han er i så ekstremt god form som han er. Eg tenkjer det er heilt rett, seier Rodal.

Men onsdag ventar altså det første innandørsløpet i sesongen i Lievin. Ingebrigtsen har også eit ønske om å få med seg innandørs-EM før han flytta fokuset over mot banesesongen.

Sjølv om Ingebrigtsen har slite med ei forkjøling i vinter, er det bestilt ein fart på dei første på 1000 meterane på 2.20, noko som tilseier at Ingebrigtsens eigen innandørsrekord på 3.30,60 kan vere innanfor rekkjevidd.

– Eg trur ikkje det er ein heilt feil fart. Men om det blir følgt, det står att å sjå i morgon (onsdag), seier Ingebrigtsen med eit smil.

Siste nytt

  • Godt nytt for Brann – Horn Myhre kan rekke Europa-kamp

    Felix Horn Myhre (26) trente mandag og kan bli spilleklar til torsdagens kamp mot skotske Rangers i ligaspillet i Europaligaen.

    – Det er håp. Han var med på trening nå, og så venter vi på hvordan kroppen reagerer på det, sier Brann-trener Freyr Alexandersson, ifølge Bergens Tidende.

    Også BA sitter inne på de samme opplysningene om Branns midtbanejuvel.

    Sistnevnte melder også om at Niklas Castro ikke rekker kampen mot skottene.

    Horn Myhre spilte sin forrige kamp for Brann mot Viking 5. oktober. Han var også tatt ut til landskampene mot Israel og New Zealand, men ble sendt hjem til Bergen igjen etter å ha vært ubenyttet reserve i kampen mot Israel 11. oktober. (NTB)

    en mann i rød skjorte
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Fire «debutanter» til sesongåpning

    Norges Skiforbund har offentliggjort uttaket for kommende helgs åpningsrenn i alpint i Sölden.

    Kvinnene sesongåpner verdenscupen med storslalåm lørdag, mens herrenes renn går søndag.

    Kvinner:

    Thea Stjernesund, Hakadal IL
    Mina Fürst Holtmann, Bærums Skiklub
    Kajsa Vickhoff Lie, Bærums Skiklub
    Madeleine Sylvester-Davik, Tertnes Alpin

    Menn:

    Henrik Kristoffersen, Rælingen Skiklubb
    Atle Lie McGrath, Bærums Skiklub
    Timon Haugan, Oppdal Alpin
    Eirik Hystad Solberg, Skiforeningen Stavanger
    Oscar Andreas Sandvik, Ready Alpin
    Rasmus Bakkevig, IL Heming
    Fredrik Møller, Oppdal Alpin

    Eirik Hystad Solberg, Oscar Andreas Sandvik, Rasmus Bakkevig og Madeleiene Sylvester-Davik får alle oppleve åpningsrennet for første gang.

    Eirik Hystad Solberg etter verdenscupdebuten i Kitzbühel
    Foto: Reuters
  • Vant i fjor – trekker seg fra sesongåpningen

    Alexander Steen Olsen trekker seg fra alpinistenes sesongåpning i Sölden kommende helg.

    Det bekrefter Norges Skiforbund. TV 2 omtalte saken først.

    Årsaken er at det unge stjerneskuddet fortsatt sliter med «Jumpers knee». Steen Olsen testet kneet i Sölden i helga, men reiser hjem til Oslo i dag.

    – Kneet fungerer ikke, og jeg reiser hjem for videre sjekk og behandling i samråd med det medisinske helseteamet til forbundet, sier Steen Olsen i en pressemelding fra Norges Skiforbund.

    Alpinisten sto også over flere renn sist vinter med kneproblemer. Til TV 2 forteller han at han nesten ikke har stått på ski i sesongoppkjøringen.

    Sist sesong vant han åpningsrennet, og ble til slutt nummer fire i storslalåm-cupen sammenlagt.

    Han vet foreløpig ikke når det kan bli aktuelt å konkurrere igjen.

    Alexander Steen Olsen
    Foto: Giovanni Auletta / AP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal