- Følg kampen:
– Vi er vel dårlege taparar og gode vinnarar begge to.
Det fortel Oddbjørn Lie, mørkhåra HamKam-kaptein og forsvarsspelar. Tidlegare Hødd-spelar. Han gjekk til Hødd frå AaFK som 18-åring, før han i 2010 flytta austover. Sidan då har han møtt gamleklubben ved fleire høve som HamKam-spelar, både på Høddvoll i Ulsteinvik og på Briskeby på Hamar.
I 2013 er det derimot noko nytt med gamleklubben – som i fjor tok NM-gull. Fjorårets keeper Ørjan Håskjold Nyland gjekk til Molde etter 2012-sesongen, og Hødd trengte ny målmann.
Den mannen blei Andreas Lie, den lyshåra delen av tvillingparet Lie, oppfostra i Sportsklubben Herd i Ålesund.
No er han utleigd til Hødd frå noverande eliteserieleiar AaFK.
– Litt spesielt
Tvillingbrørne Lie, som blir 26 år i august, har berre møtt kvarandre éin gong før – i ein cupkamp. Då spelte Oddbjørn for Hødd og Andreas for AaFK. Sistnemnde gjekk sigrande ut.
– Det er sjølvsagt litt spesielt å møte sin eigen tvillingbror, men ein må prøve å leggje det frå seg når kampen startar, seier Hødd-keeper Andreas.
Separate samtalar med brørne, men dei er eksakt like nøkterne. Brødreduell, tvillingduell, første gong dei møtest i ein obligatorisk seriekamp.
– Det er lit spesielt, men når dommaren bles i gang kampen så tenkjer eg fint lite på det. Då er det tre poeng som gjeld, meddeler HamKam-midtstoppar Oddbjørn.
Saka held fram under bildet.
Må tole kommentarar i etterkant
Ingen «big deal» når kampen blir spelt. Spesielt når dei er så langt frå kvarandre, meiner Oddbjørn.
– Vi kjem vel ikkje til å ha så mange duellar oss imellom. Han er keeper og eg er midtstoppar. Det blir vel kanskje til at vi «helser» på nokre dødballar.
Likevel: Sjølv om ingen av brørne legg for mykje vekt på å måtte slå tvillingen, så er det litt ekstra som står på spel.
– Det har blitt litt spøk og snakk no i forkant av kampen, sjølv om vi begge er konsentrerte på å gjere jobben vår, fortel Andreas.
– Dersom éin av oss går av med sigeren så blir jo det kjekt for den som vinn. Men vi kjenner vel kvarandre såpass godt at vi skal få ordna opp i det, flirer keeperen.
– Det blir nok sikkert nokre kommentarar frå den som skulle vinne, men slikt må ein berre tåle. Eg får håpe det er han går tapande ut, seier Oddbjørn fornøgd.
Litt snakk, men begge to er klare på at dei ikkje legg for mykje i «kampen i kampen». Tre poeng er hovudfokus.
To kampar utsett
For Hødd blir det kanskje litt ekstra viktig å ta poeng. Etter overtidstapet mot Fredrikstad i første serierunde, har både heimekamp mot HamKam og bortekamp mot Follo blitt utsett.
– Eg veit ikkje om to veker serieopphald vil slå positivt eller negativt ut. Det positive for oss er at vi ikkje har ein kamp frå søndag i føtene, men samstundes kan ein ha ein liten følelse av at sesongen ikkje er 100 prosent i gang, seier Hødd-keeper Lie.
Han er uansett klar på at det blir ein krig, når kampen blir blåst i gang klokka 18.30. For Høddvoll-matta er ikkje i perfekt stand enno, etter ein kald vinter.
– Det er nok ei litt tung Høddvoll-matte der det blir vanskeleg å spele svært god fotball. Akkurat det er vel ikkje ein fordel for nokon av laga, trur Andreas.
HamKam spelte uavgjort 2–2 mot Stabæk i første serierunde, der Oddbjørn Lie scora eitt av måla, før det blei 2-1-siger over Ull/Kisa.
– No er vi så godt førebudd som vi kan bli. Hødd på Høddvoll er alltid knalltøft. Eg håper vi kan bite betre frå oss no enn i dei to føregåande kampane her, avsluttar HamKam-kaptein Oddbjørn.