– Ja, det er klart eg kom hit for å bli førstekeeper. Det er her eg har lyst til å spele, og det er Molde eg har signert for.
Det seier ein offensiv Ørjan Håskjold Nyland til NRK.no etter at treårskontrakten med Molde var signert.
Den 22 år gamle keeperen frå Mork i Volda har imponert eit heilt fotball-Noreg det siste året. Med glimrande prestasjonar i Hødd-drakta, gode kampar for U21-landslaget og ikkje minst ein historisk god cupfinale førre søndag.
Spesielt éi redning i finalen mot Tromsø skapte overskrifter.
Saka held fram under videoen.
Har sett alle Hødd-kampane
Nyland, som kom til Hødd i Ulsteinvik som 16-åring, har vore i kikkerten til Molde i lang tid.
– Han var i søkelyset vårt då han var 16 år. Heldigvis for oss gjekk han til Hødd og har utvikla seg til keeperen han er no. No er han klar til å ta steget opp til Tippeligaen, meiner Molde-manager Ole Gunnar Solskjær.
- Les også:
- Les også:
Han fortel at Molde har sett kvar einaste éin av Hødd sine heimekampar denne sesongen.
– Vi har følgt Ørjan tett det siste året, og seinast for eitt år sidan var han på trening her med oss.
– Vi har vore på Høddvoll i kvar einaste heimekamp for å sjå han, fortel Solskjær.
Saka held fram under videoen.
Cupfinalen ikkje avgjerande
I cupfinalen blei den dåverande Hødd-keeperen kåra til banens beste spelar. Prestasjonen i finalen er derimot ikkje avgjerande for Molde og Solskjær.
– Guten hadde tilbodet før cupfinalen. Men prestasjonen der var berre ei stadfesting om at han er god under store hendingar. Forhåpentlegvis får han mange av dei her i Molde.
– Nokre er uroa over at han ikkje vil få speletid i Molde på grunn av fleire gode keeperar?
– Ørjan er tiltenkt ei viktig rolle i Molde framover. Han har kome til eit keeperteam med ein Richard (journ. merkn. Hartis) som leiar og trenar. Han kjem til eit miljø med mykje konkurranse, noko Ørjan likar.
– Han blir betre dess meir som står på spel. Eg er sikker på at dette blir som ein katalysator for Ørjan si utvikling.
– Han kan altså bli førstekeeper neste år?
– Heilt klart, seier Solskjær.
- Les også:
– Klubben får svare for korleis dei vil bruke meg
Nyland sjølv fortel at avgjersla blei tatt i etterkant av cupfinalen.
– Eg tok valet basert på Molde sin kunnskap om å byggje ein karriere og planen dei har for meg som keeper. For mi utvikling er eg sikker på at dette er det rette valet.
– Eg vil spele raskast mogleg. Eg veit at konkurransen er tøff, men eg skal jobbe hardt på trening. Så får klubben svare for korleis dei vil bruke meg, seier Nyland til NRK.no.
22-åringen fortel at klubben er nær heime berre blir ein bonus.
– Det fører til ei slags nærleik til klubben allereie. Men Molde er den største klubben i Møre og Romsdal og dei vil utvikle meg som keeper og fotballspelar.
Spekulert i utleige
Molde har allereie Ole Söderberg og rutinerte Espen Bugge Pettersen på keeperplass. Sistnemnde sin kontrakt går ut komande sesong, medan svensk Söderberg har kontrakt ut 2014.
– Er du uroa for lite speletid. Enkelte har nemnt utleige til mellom andre Start og Sogndal?
– Eg er ikkje uroa i det heile. Dette fiksar Molde, og eg er trygg på at det går i orden, seier Nyland, som fortel at Molde har vore eit mål – spesielt etter Ole Gunnar Solskjær sitt inntog.
- Les også:
– Spørsmål rundt Espen og Ola
Solskjær sjølv er klar på at han no har eit luksusproblem.
– No eig vi Ørjan, og han får sjansen til å bevise kva han er god for.
– Til neste år treng vi minst to gode keeperar. Så kva vi gjer med dei tre keeperane får vi sjå på. Men der har vore spørsmål rundt både Espen og Ola frå inn- og utland, fortel Molde-manageren.
Uansett har Molde sikra seg mannen som blir omtalt som eitt av dei største keepertalenta i Noreg. Som er klar på kva han vil:
– Vi satsar på nytt seriegull neste år, gliser 22 år gamle Nyland.
Nyland er oppvaksen i fotballklubben Volda, men kom til Hødd i 2007. Han har fem landskampar for Noreg sitt U17-landslag, tre kampar for U18 og tre kampar på U21-landslaget. Sist då U21-landslaget sikra plassen i Israel-EM.